
La meg transportere dykk til ei anna verd der eg eksisterer! Nemlig Pinterest! Eg brukar Pinterest mykje for å samla inspirasjon og egentlig samla tankane mine. Det blir liksom ein måte for meg å formulera kva eg tykkjer, og ikkje bli så stressa for at ting skal forsvinna for meg. La oss sjå på mine boards:

Godteri
Ganske rett fram: godteri av ulike slag. Sjokoladar, drops, fudge, sånt digg.
Oldies
Her er det gamle bilder som eg elskar og som inspirerer meg.
Til dessert
Alt av dessertar!
O jul med din glede
Her er det fint å vera. Julebilder, DIY, snop, fine ting å gjera for kvarandre. Elskar det. Spesielt sidan med tanke på at eg lagar nytt julemagasin i år (!!!).

Gjer det sjølv
DIY’s som eg lar meg inspirere av men aldri gjer. Fortel meg sjølv at det er pga tid, men det er vel ikkje det?
Afternoon tea
Scones, te, små fine kaker og deilige fingersandwichar. MMM. Anglofilen i meg fryder.
Is!
Me har jo ismaskin, og her er alle oppskrifter eg vil laga! Akkurat no vil eg laga myntestracciatella!
Søndagsfrukost
Og her er det egg og sånne havregrautar som det tar litt tid å laga tilbehør til! Og croissantar og anna godt som passar bra til late søndagar.

Kunst som eg elskar
Her har eg jo gjort det enkelt. The proof is in the pudding, og tittelen seier alt.
S M I L !
Ting som gjer meg glad. Blir veldig glad av å klikka meg inn hit.
Hagedraumar
Eg drømmer om ein tett hage, med masse forskjellige små plassar ein kan gøyma seg vekk og lesa ei bok på.
Ã… eta opp
Middagsoppskrifter! Her er det 1249 pins, er eg ein gal person da?

Heime
Bilder av heimar som inspirerer meg, og gode idéar!
Bébé
Nesten litt nostalgisk, for her er det bilder som eg begynte å pinna då eg var gravid med Saga. Føles veldig skjørt og fint, også har eg bygd på med fine barneklede og alt sånt.
Fredagsdrinken
Sure søte deilige drinkar!
HÃ¥r & hender
Klede eg vil ha, ting eg vil ha til håret og fine negler.

Kjærleik
Alle slags kjærleik. Eit board eg blir veldig glad av.
Kvar går reisa?
Her er det bilder frå VERDA. Plassar eg vil reisa til og plassar eg veit at eg aldri får sjå (av ein eller annan grunn ein ganske trist eksistensiell tanke?).
Feiringar
Bilder av festar, helst barnefestar og hagefestar, idéar og diys og oppskrifter og sånt fint. Ballongar!!
Bryllaupsfoto
Det viktigaste, hehe! For her finst det altså mine eigne bryllupsbilder som eg pinnar og håpar at dei forsvinn inn i cyberspace og inspirerer fine kundar til å booka meg!
Ja! Pinterest er uten tvil mitt viktigste sted på internett. Bruker SÅ mye tid der!
Og: JAAA! Jeg har ventet så lenge på at du skal lage nye julemagasin!! <3
Julemagasin, hurra! A propos afternoon tea: noen som har kommet over clotted cream i Norge?? Eller laget det selv (aner ikke om det går an)? Det er jo et essensielt tilbehør, mmm.
Author
Det går an å laga det, men det er vanskelig! Eg brukar rømme frå Røros, den er skikkelig tjukk og god til syltetøys!
Jaaaa! Haha, DIY-tavle med ting jeg ikke fÃ¥r tid til Ã¥ lage, det har jeg ogsÃ¥. Tre smÃ¥ barn. Men jeg fÃ¥r da tid til litt: Ã…h, apropos afternoon tea. Jeg lagde deilige scones i gÃ¥r, med valnøtter, fiken, rosiner og gresskarkjerner. Og sÃ¥ en slags aprikos-kompott med tørkede øko-aprikoser, vanilje, sitronzest og kanel… Nam! Serverte førstnevnte til kvelds med smør og innherredsost, til kvelds, og sistnevnte tidligere pÃ¥ dagen med fløte. SÃ¥nn gÃ¥r dagene her oppe i nord!
Herregud, nå begynte jeg å glede meg til jul!