Mi beste Christine gifta seg med sin beste Frithjof på Stadt i starten av juni. Gåven dei fekk frå meg, var meg sjølv. Altså som bryllupsfotograf (tvinga meg på! Hehe💖)! Nesten det finaste var å få henga med Fredrik (forlover) og Christine frå frukost til nattmat! Føltes som å reisa tilbake i tid ti år då me levde liva våre heilt parallelle. Men det gjer me ikkje no, no er me jo all over the place, så det var ei sånn barnslig glede å få skvisa ut så mykje som eg kunne, av tid saman med dei💓
Heile dagen vart eg dratt mellom totalt emosjonell tårevåt versjon, og cool calm collected versjon av meg sjølv. Så eg grein ei lita elv, ein bekk, då eg redigerte bildene etterpå og verkeleg tok det innover meg. For sjå kor forelska ho er her? Sjå kor forelska han er i venninna mi, liksom??? Det er det finaste eg har sett, eg får meg sjølv til å gråte berre av å skriva dette no. Det kjenns som verdens heldigaste ting, og så himla trygt for ein venn, å få observera på kloss hold. Er så takksam for det.
Eg tok bilder gjennom middagen og den første dansen. Så drakk eg halvliterar med rosévin og dårlig-dansa meg sveitt og støl til dei små timane av natta. Det finst det heldigvis ingen bilder av, berre fine fine minner.
Herregud så fint! ❤️❤️❤️
Nydelige bilder! Jeg falt for strikkejakka til bruden … at jeg ikke tenkte på den løsningen da jeg giftet meg selv!
Fantastiske bilde av eit flott par😀
Åherregud som jeg griner og smiler i en tåkete, blanding av øm og rørt her jeg sitter på toget midt blant masse folk. For noen bilder. Wow❤️
Blir jo ikkje finare enn det her.
Og det smilet på den jenta!
Så fantastisk flott!
Så fine bilder!! Får Angelina Jolie vibber av Christine. Vakkert smil, de ser veldig lykkelige ut.
Gud så vakre bilder! Og så fin strikkegenser. Du vet ikke hvor bruden har kjøpt den?
Author
Tuuusen takk! Den er strikka av ei venninne, eg skal prøva å finna ut av kvar mønsteret er ifrå!
Author
Frida skriv: “Den heiter Per Gynt- Elgseter kofte oppskrift fra Sandnes Garn. Eg har tatt meg nokon kunstneriske friheta med lengde og farge! https://www.sandnesgarn.no/tema58-6?fbclid=IwAR0_lSKan8yRXzJQdXwHt1DAS79_AjGH1XuS0rIVZYOy056varvpJSQBh_M”
SUSS.
Ååå tusen hjertelig! Sommerprosjekt i boks❤️