Ein veldig vanlig tysdag

I går tenkte eg “me køyrer eit foto i timen-innlegg, det er jo gøy” også skjedde LIVET så eg fekk ikkje tatt bilder kvar time på timen. Men det er jo så koselig å ta dykk med inn i det vanlige. Eg stod opp først med Edda tidlig, me åt frukost og leika også vekte me Jostein og Saga. Fine fine sovefjes.

Det er fest i senga vår kvar morgon, me ligg på kryss og tvers av kvarandre, men Jostein og eg søv jo mesteparten av natta åleine på rommet vårt no og det er heilt surrealistisk. Syns det er såååå koselig at dei deler rom no.

Så fekk eg gjera det deiligaste. Krypa ned igjen i senga ei lita stund. Mediterte, redde opp senga, kledde på meg. Så fint.

Før me reiste heimefrå laga Jostein kaffi som han gjer kvar dag. Men det er jo ikkje kvar dag ein har sånne peonar på bordet, mmmm så fine dei er.

Så var eg i butikken heile dagen! Svara på ein masse spørsmål som de stilte på instagram (de kan sjå svara på profilen min! @hjartesmil!), betalte regningar og bestilte varer. Eg pakka bestillingar (heilt ajour, YES) og sendte dei på postkontoret.

Så handla eg mat! Bleier, brød, graut, ny tannbørste (humble brush har mjuke børstar no!), vaskemiddel, leverpostei. Så a4-handlekorg!

Eg hadde gått tom for middagsidéar (me er på planfri veke av middagsplanen) og kom på den crazy idéen å laga wienerschnitzel! Så det åt me. Med erter, potetmos og saus. Det var det beste Edda hadde ete i sitt heile liv.

Medan me sat på utebordet og åt, kom mor mi med bilen full av klede (opphørssalg med klede på 50% i Årdal). Edda fekk prøva Saga sine nye solbriller, me hang opp nye snorer på klessnora og drakk kaffi og åt jordbær (sesongen har starta!). Så la me ungane altfor seint, rydda og vaska (framleis i innflyttingsfasen etter renovering, vil aldri meir renovere i heile mitt liv). Og det var den vanlige tysdagen!

Follow:

2 Comments

  1. Hanna
    23:39, 26 Jun 2019 / 23:39

    Koselig!

  2. Martine Leknes
    10:54, 28 Jun 2019 / 10:54

    Altså, mmm! Potetstapp er det best jeg vet! Del gjerne oppskrift på wienerschnitzel – det så nydelig ut.

Leave a Reply to Martine Leknes Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *