Screenshots herifrå til himmelen

Eg sit på golvet i stova og ser på “How Top Model XXX Gets Runway Ready” på Vogue sin youtube-kanal, det er avhengighetsdannande og herleg. Har sendt unna to bryllup i dag, er a jour med både jobb og fakturering, ei deilig kjensle. Det einaste som står att på programmet mitt i dag er å vatna plantene mine. Trur dei skal få gjødsel óg. I drivhuset har eg ein masssse dahlia som eg trur óg skal få litt næring og vatn i dag, det er mange som treng mykje no.

No har eg ingen bryllup på ein månad, som jo er heilt forvirrande sidan eg ikkje har planlagt det sånn, men ganske deilig å få ein liten pause i høgaste høgsesong. Det er open port i tunet her no, folk kjem og folk reiser og det er alltid folk ute, alltid mange bilar, alltid liv. Det er så fint.

Eg tenkte at de SÅKLART ville sjå dei merkelege, morsomme og totally random greiene som eg har tatt screenshots av i mobilen min i det siste. Det er jo sånn me blir virkelig godt kjent. Enjoy! SUSS.

Eg forgudar Charlotte og syns ho er ein så deilig person på internett. Det er fine kjolar og prosecco, også er det mammalivet. Det er så verdifullt for meg og sånne som meg at sånne som Charlotte lar seg sjølv vera mangefasetterte på internettet.

Dette er meg i eit nøtteskal. Produktnyhetssesongen: SIGN ME UP. Eg vil jo prøva alt nytt. Den der sakte kjærna med pistasj frå Hennig Olsen. YES QUEEN.

Kven vil vel ikkje ha ein liten slice av Zoella på internett? Tidlig i min karriere provoserte ho meg voldsomt, men jesus alle blir jo voksne til slutt. Og eg vil óg ha denne oljen frå Sunday Riley. Har berre brukt opp beauty-budsjettet mitt for i år, så kanskje neste år.

Dette er i kategorien: “screenshots eg tar ved uhell”. #authentic

Åhhhh dette ser så jækla godt ut. Eg elskar store kvite bønner, spesielt elskar eg å laga hummus/røre av dei mmmmmmmmm med gulrotdipp eller til ein salat eller på brød. Men dette såg vanvittig godt, og fotovennlig, ut.

Screenshottar jo alltid folk sine papirvarer, til research til butikken.

Ein kjole frå Next som eg hadde så lyst på men så kjapt gløymte.

Broderiobsessionen min held fram, altså. Også i skjermbilda mine.

Elskar Wit and Delight for å dela nyyyyydeleg kunst med crocs på.

Og dette i kategorien “veldig typiske screenshots” fordi eg alltid gløymer når bussen skal gå og vera framme.

Også ein som eg ikkje veit kvar den kom ifrå, men det ser jo fint ut?

Fine Liv på eit hotellrom. Me er jo bekjente (gjennom Carrie/wishwishwish), og ho har alltid vore ein sånn positiv og herleg person, blir liksom pepp på livet gjennom den linsa.

Emily Schuman deler sin eminente tacosalat som eg trur eg må laga til middag imorgon. Taco-tysdag, let’s make it a thing!

Helena deler alltid digge vintips. Eg blakkar meg på polet på alle pet nat.

TV-tips på insta stories, yes please.

Isabella Löwengrip er jo verkeleg ein person ein kan dela ein forsamling etter, for eller mot, men eg følger med fascinasjon alt ho gjer. Og dette hårbandet hadde nok passa personligheten min perfekt.

Eg er alltid på leit etter nye ting å ha på veggane, og fall veldig for denne multifarga og ville.

Podcast-tips! Må hugsa å høyre på denne. Eg elskar jo Clemmie, altså mother of daughters, på instagram.

Sendte til mamma og pappa, for Saga skal ha seg ei spennande oppleving i desember!

Trur eg tok dette bildet i eit slags “this is missing from my life”-moment.

Finaste tyggeleika eg har sett.

Og enda meir salatar frå Benk & Bo. Eg kunne ha ete desse kvar einaste dag, gahhh blir gal av at eg ikkje gjer det.

Også Charlotte igjen, som fekk meg til å googla “bell tent norway”.

Det siste får bli denne bursdagskaka, som eg syns var den perfekte substitutt for gelétog! Men eg hugsar ikkje kven som la den ut, skrik gjerne ut om det er deg!

 

SUSS.

Follow:

4 Comments

  1. Martha
    13:36, 25 Jun 2019 / 13:36

    Åh, jeg screenshotter også alltid busstider og sånn – ikke fordi jeg faktisk glemmer når bussen skal gå, men fordi jeg har seriøst angst for å ha tatt feil. Må også alltid sjekke 15 ganger selv om jeg har screenshotta…

    • Mariell
      Author
      14:04, 25 Jun 2019 / 14:04

      Haha! I FEEL YA!

  2. Kristin
    13:36, 25 Jun 2019 / 13:36

    Haha, for et artig konsept i en bloggpost :D den pistasj-isen var forresten kjipt skuffende etter min smak … men så har jo jeg og mannen min nylig akseptert at pistasjisen skal være knallgrønn og uten hint av ekte pistasj, i tråd med vår barndoms pistasjis! Guilty pleasure …

    • Mariell
      Author
      14:03, 25 Jun 2019 / 14:03

      Misforstå meg rett, eg ELLLLLSKAR knallgrøn pistasjis med sjokoladebitar. Vil eta det til middag kvar dag resten av livet, liksom. Men! Sakte kjærna er óg frikkin amazing.

Leave a Reply to Kristin Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *