I shot a wedding: Regine & Anders

Det er jo høgaste høgsesong akkurat no, så eg vil gjerne få dela med meg litt av bildene eg tar! Dette bryllupet var i Bergen for eit par veker sidan, og dei var eit kompromisslaust brudepar som gjorde ting nøyaktig på sin eigen måte (eg får mange av dei brudepara, det føles bra at eg er som ein magnet for dei). Eg troppa opp i leiligheten deira, og me hit the ground running. Ein first look (elskar å gjera first look, blir alltid på gråten) i bakgården også køyrte me ut til den botaniske hagen for å ta portrett før vielsen. Eg gjekk berre rundt og sa HERREGUD STÅ HER, heilt overvelda av kor fint det var der. Parken hadde ein veldig unik plass hjå brudeparet, og dei geleida meg til plassar som var spesielt lada for dei. Eg hadde 11.000 skritt på fotograferingen, men det var det verdt.

Det var eit bryllup der kjenslene sat veldig nære overflata, både latter og tårer, det føltes som ein veldig autentisk dag og med kun dei nærmaste rundt seg er det kanskje lettare å kjenna på alvoret i å sei ja til nokon og lova på tru og ære å elska nokon resten av livet. Og det gjorde dei, i den japanske hagen, og alle grein, og alle grein litt meir. Middagen åt me på Scandic City Bergen, og det var ein utruleg vegansk treretters (tips i tilfelle nokon andre ser etter veganske eller gode vegetariske alternativ i Bergen) i eit privat rom der.

Så skippa eg vidare for meir kjærleik, på Pride, med Ingvild, før eg kræsjlanda i hotellsenga og sov ei vidunderleg natt.

Share:

11 Comments

  1. Ida
    13:24, 18 Jun 2019 / 13:24

    Så utrolig vakkert!! 😭😍

  2. Kath.
    15:25, 18 Jun 2019 / 15:25

    Jeg begynte å gråte av bildene 😭 Og samboeren lo av meg hehe. Bildene dine er så utrolig ektefølte, Mariell ❤

    • Mariell
      Author
      11:41, 19 Jun 2019 / 11:41

      Tusen takk for den finaste kommentaren.<3

  3. 16:39, 18 Jun 2019 / 16:39

    Åå, begynte å gråte litt selv her, helt nydelig å se hvor godt du har fanget stemningen.

    • Mariell
      Author
      11:41, 19 Jun 2019 / 11:41

      Åh, tusen takk! Så glad eg blir! <3

    • Mariell
      Author
      11:41, 19 Jun 2019 / 11:41

      Tusen takk! <3

  4. Jen
    13:59, 19 Jun 2019 / 13:59

    Herlighet for noen nydelige bilder! Du er utrolig talentfull.

    Oog jeg må bare si at den blå kjolen til hun som er forlover var helt utrolig fin. Du vet vel ikke hvor den er i fra? (A) <– eldgammel MSN referanse

    • Forloveren(A)
      01:18, 02 Jul 2019 / 01:18

      Heia! Forloveren her! Den er kjøpt på Days Like This! :) er kjempefornøyd med den

  5. Sandra
    14:10, 20 Jun 2019 / 14:10

    Tårer!! Nydelige bilder!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *