Å gi seg sjølv tid


For nokre veker sidan, på ein instagram live som eg hadde med Caitlin, snakka eg om ein graviditetstest eg hadde tatt. Eg snakka om det som eg alltid gjer, lett og lystig, men fram til det stod «ikke gravid» på den testen hadde eg hatt nokre dagar av rein og skjær panikk. Då Edda vart født prøvde eg å gløyma den siste delen av graviditeten, den delen som var så hard at eg heller ville ligga på varmekablane på golvet på badet enn å snakka med Jostein etter ein lang dag. Eg eksisterte liksom ikkje, eg berre holdt ut. Holdt ut til klokka halv fem, då foreldrene til Jostein kom heim og kunne ta over Saga. Holdt ut til 13.juni og termin. Blir framleis så himla rørt og imponert av meg sjølv når eg ser små videoklipp frå denne tida og eg ser ut og høyrest ut som ein heilt vanlig koselig mamma. For det orka eg egentlig ikkje, men for Saga orkar eg alt.

Dagen etter termin møtte eg opp på Førde sjukehus og sa «eg reiser ikkje heim utan ein baby, så sett meg i gang». Heldigvis for meg at dei såg på ultralyden at ho var så stor (ho var jo 5 kilo), ellers hadde dei ikkje komt til å gjera noko som helst.

Dei kjenslene kom styrtande tilbake då eg stod der igjen, med graviditetstesten i hånd som blinka i vente på resultat.

Eg veit at eg har plass til fleire ungar, eg håpar me blir så heldige at me får det. Eg er så forbi lykkelig for dei to nydelege jentene våre, men eg føler ikkje at familien vår er ferdig enda. Eg vil ha ein flokk, ein skokk, ein Caravelle, eit team som kan renska ugras i heile kjøkkenhagen på ein halvtime og ta opp ei heil rad på eit fly. Føles som verdens luksus å vera tobarnsmamma i ein alder av 29 og tross alt ikkje ha så dårlig tid.

Men no vil eg berre få kvila. Få nyta Edda. Neste veke er ho eitt år gamal, og det har vore eit så nydeleg år. I går fotograferte eg det finaste bryllaupet i Bergen, også gjekk eg på kaffeslaberas hjå Ingvild, drakk øl på Ujevnt og sikla over drag queens på Pride. Meir sånt. Meir venner, meir drag queens, meir øl. Eg veit at baki hjerna så skjer det ein prosess som eg ikkje kan rusha, å bli ok med ting som dei var og bli klar for alt som skal komma, i framtiden der. Og det får ta tid.

Illustrasjon: Meg og Saga, då ho var heilt fersk, teikna av Manon

Share:

5 Comments

  1. Mari Frostad
    16:02, 08 Jun 2019 / 16:02

    ❤️

  2. Maiken
    16:17, 08 Jun 2019 / 16:17

    💛

  3. Julie
    23:08, 08 Jun 2019 / 23:08

    Det er bedre å gi det mer tid enn å forhaste seg, og få et barn man ikke har tid og evne til å se og være tilstede for. Min mamma fortalte meg at hun også “ville ha en flokk”. To var et par, mens tre var en flokk. Jeg var den tredje. Jeg tenkte i lang tid at de bare burde hatt to, for de hadde ikke den tida til meg som jeg burde hatt. For lik i alder, for mye annet i hverdagen. Det er viktig å ha plass til de barne man inviterer inn i sitt liv. Dette blogginnlegget gjør meg glad, for du later til å være veldig bevisst på det. :)

  4. Trude
    14:38, 09 Jun 2019 / 14:38

    🧡

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *