
På laurdag hadde eg kjensler i kvar minste partikkel i kroppen. Christine gifta seg, det var så vanvittig fint. Fredrik og eg kviskra til kvarandre mange gonger i løpet av kvelden kor absurd det er, liksom det er Christine i den kvite kjolen. Når ein har kjent nokon sidan den spede ungdommen så er det så spesielt å sjå dei i så vaksne situasjonar, liksom Christine med ring på fingeren.
Det er alltid ekstra fint å fotografere nokon eg kjennar og elskar sitt bryllup, det er så mange ting som skjer i kroppen samtidig. Vanligvis under eit bryllaup er eg heilt spent i kroppen, eg er PÅ, eg drikk ikkje eingong kaffi. Her var eg lausare i fisken, sat til bords, drakk vin, kjente kjensler men så nekta eg meg sjølv å kjenna dei fullt ut for ein kan ikkje sjå gjennom eit kamera når ein gret så mykje. Så eg gret no istaden. Ser på bilder og opplever det heile igjen.
Det kjem mange fleire bilder, men her er ein liten sniktitt frå eit bryllaup som alltid vil ha ein spesiell plass i hjartet.









Nyyydelige bilder, du fanger virkelig følelser og stemningen. Bildet med konfetti må være et av de beste bryllupsbildene jeg har sett.
Ditto på den. Konfettibildet!!!! [3 x hjerteøyne-emoji]
Så flotte bilder 💛
Kjolen!