Amsterdam, baby!

Så! Etappen eg hadde grua meg mest til, togturen som skulle ta sju timar og med eit togbytte inni der. Det er nesten flaut kor bra det gjekk og har gått med oss, folk spør med ei viss forventning om at det ikkje gjekk bra “korleis gjekk det?” og eg må berre SMILA av tanken. Det gjekk så bra.

Kva gjorde me i sju timar, spør du kanskje? Jo, me åt mat. Snacks. Spelte kort. Edda sov. Jostein las. Saga såg på barne-tv på telefonen min. Me laga klistermerkehistoriar, det er ein ting me har gjort lenge når me er på reis, for å begrensa mengden skjerm i løpet av ein reisedag. Eg kjøper klistermerker og ei ny lita notatbok, også klistrar me inn i boka og skriv ei historie med det. Denne handla om to kaniner som skulle få foreldrene sine på besøk. Veldig koselig aktivitet! Og perfekt suvenir frå turen.


Me levde jo eit luksustogliv, med første klasse og plassreservasjonar (fordi det jo var på jobb), men eg hadde gjort det på nøyaktig samme måte neste gong. Berre det å vita at me skulle sitta ilag og hadde plassar å gå til gjorde meg så mykje roligare. Me hadde eigen kupé på toget til Amsterdam, og dei gjekk rundt og tok bestillingar til kafévogna og delte ut sjokolade til alle på toget. Så fin togopplevelse. Saga og eg gjekk på eventyr til kafévogna og åt is, berre eg og ho, ho er ein fullverdig samtalepartner no og tek så mykje ansvar sosialt, det har vore eit eige eventyr i seg sjølv å få vera så mykje med ho og skapa interne vitsar og poeng.

Me hit the ground running, som dei seier. Sjekka inn på Airbnb og gjekk rett på middag, på B & A hummus bistro. Me bestilte deilige hummusgreier og drakk limonade og snakka med personalet om interrailing. Nabobordet hadde ein baby som Edda prøvde å kommunisera med. Sånt skjer ikkje når ein reiser vaksne åleine, då er ein i ei sånn boble. Med ungar så snakkar ein med ALLE og det er fantastisk.

Me stakk innom ein leikeplass på veg heim, det finst så mange av dei i Amsterdam, også VIPS så var det leggetid og natt (for alle). Følg med vidare for meir Amsterdam, me var der jo i tre dagar!

Follow:

8 Comments

  1. Marte
    23:32, 04 Jun 2019 / 23:32

    Det er så koselig å lese om reisen deres – blir veldig inspirert! Har vært masse på togferier med kjæresten min, men hadde vært gøy å gjøre det med barn også! Men lurer på hvordan hjemreisen ble? Er jo en veldig lang togtur hjem igjen også.. Stoppet dere på de samme stoppene?

    • Mariell
      Author
      09:17, 05 Jun 2019 / 09:17

      Me flaug heim frå Amsterdam! I starten var planen ein mykje lenger reise, eg ville egentlig til Frankrike også ta andre ruter heim att. MEN, eg hadde berre 10 dagar mellom to bryllup og samarbeidet skulle gjennomførast i mai månad. Så da vart det sånn denne gongen! Men neste år får me planlegga litt bedre og reisa til Provence!

  2. Anja
    09:08, 05 Jun 2019 / 09:08

    For eit halvt år sidan reiste eg og Edvard (som er sju) på togtur til Bergen. han syntes det var heilt MAGISK å ta nattoget! Og nattoget var nesten den største grunnen til at me tok turen, sjølv om me hadde ei superfin helg i Bergen og. det einaste kjipe var at nattoget tilbake til Oslo plutselig blei kansellert(!!) og me måtte fly heim :( Alle andre tog var fulle. Det er ein draum å reise med ungar som er så store at dei kan snakke med ein, og ta litt ansvar. Om eit par veker skal me ta toget til Kristiansand for å dra i dyreparken.

  3. 09:14, 05 Jun 2019 / 09:14

    Så fint å få følge med på turen deres! Og at det går så fint med barna motiverer. Neste år er drømmen å toge med barna til Italia.

  4. Cecilie
    08:35, 06 Jun 2019 / 08:35

    Takk for superfint tips om klistremerkehistorie. Skal adopteres!

  5. catarina
    15:38, 11 Jun 2019 / 15:38

    vad använder du för kamera/objektiv?:) otroligt fina bilder!

    • Mariell
      Author
      11:09, 14 Jun 2019 / 11:09

      Dei fleste bilder er tatt med telefonen min! Men dei som er tatt med kamera er tatt med eit 5d! På desse bildene brukte eg eit 40mm-objektiv (lett å ha med på reise).

  6. Katarina
    17:09, 23 Jul 2019 / 17:09

    Hei! Kan jeg spørre hvor dere bodde i Amsterdam? Og om du har noen tips til koselige områder eller spisesteder?
    Klem!

Leave a Reply to Marte Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *