
Parma, baby!
No kjem det ein liten guide til Parma! Eg finn ikkje adressene, for no er eg tobarnsmor og det er så enkelt å googla (hehe!). Men eg håpar de nyt denne guiden, og om de har spørsmål så kan de berre stilla dei i kommentarane (elskar jo kommentarar, forresten). SUSS.

Pepèn
Denne plassen oppdaga me ut av reint instinkt! Me var på veg mot Airbnb-leiligheten vår og eg såg ein lang kø utanfor her med folk som åt sandwichar, det minna meg om ein gong i Lucca då det samme instinktet slo inn og eg tenkte DIT MÅ ME GÅ. Så det gjorde me, heile to gonger. Ufattelig godt, alt me smakte, så enkelt og så digg. Dei hadde ein heilt spesiell saus/majones på alle smørbrød, gah. Vil tilbake til Parma berre for Pepèn, liksom!


AirBnB
Me budde i denne leiligheten i Parma og det var heilt utruleg. Vertane var så fine, gav gode tips og la til rette for oss som kom med to små ungar. Fint kjøkken, perfekt plassering i byen. Skal 100% bu der neste gong óg!

Botanisk Hage
Det er så fint å gjera litt uventa ting i denne typen byar, og trekka seg litt tilbake. Så me gjekk til botanisk hage, der det jobba ein masse pensjonistar ute i hagane, alle var så koselige og det var ei så avslappande stund.

Barneshopping
Det var nokre skikkelig fine barnebutikkar i Parma. Libri e Formiche Parma var ein av dei finaste barnebokhandlane eg har vore i nokon gong, La Cicogna Parma hadde ekstremt fancy og fine barneklede, samme med Happydays. Ikkje så billig, men veldig veldig fine ting.
Ciacco Lab Gelato
Om eg ikkje har eit bilde herifrå er det kun fordi all gelato me åt her var heilt vanvittig. Dei hadde ein bergamot-is som blew my mind. Pistasjen var óg utruleg, men altså: alt. var. godt.
Hidden Forest
Designbutikk der ALT var fint (ikkje for dyrt). Kjøpte ei gul alpelue som var perfeksjon.

Vintage
Altså. Via Nazario Sauro, der er alt du treng. Om ein startar og går frå ca Borgo San Vitale og mot XXII Luglio, der er det mykje snacks. Det er ein fantastisk herrevintagebutikk, ein som spesialiserer seg på briller, også fleire antikvitetsbutikkar. Og min favorittbutikk i Parma, som eg ikkje eingong hugsar kva heiter, ligg i denne gata. Med dusinvis med globusar og heilt one of a kind-greier. Me kjøpte eit stort Italia-kart her og denne blå blomsten, berre eit mirakel at me fekk med oss alt heim!
Alt det andre
Det var andre små og bra ting óg, som Bialetti-butikken og apoteket som ligg rett ved Pepen, Lombardi-museet der ein kunne sjå på gull og glitter, Chantelle-butikken med det beste undertøyet. Om me hadde vore i Parma med barnevakt hadde me såklart gjort fleire ting på kveldane, ete på daMAT og Bread og alle slags plassar. Men det er lett å eta godt i Parma! Og eg gler meg til neste gong me skal dit.
Nydeleg. Rett og slett! Elska bildet av Anna og Saga❤
Nydelige bilder!
Nå fikk jeg akutt lyst på gelato! Tror Italia må bli et reisemål om ikke altfor lenge.
Ser og høres helt nydelig ut! Vil du anbefale Parma for førstegangs Italiareisende?
Author
Ja, absolutt! Det er ganske digg å reisa i nord-Italia for newbies. Me var i Parma også reiste me vidare til ein agriturismo ca 40 minutt frå Parma, den her. Anbefalar veldig sterkt óg Toscana, altså! Om du søker “tuscany” i søkefeltet finn du litt derifrå óg. Jostein og eg var på bryllaupsreise i Toscana og var innom Lucca, Siena og Firenze: ei perfekt reise.