I det siste


Hei! Det er meg, Leclerc! Neida. Det er jo berre Mariell. I vårsol og eigenlaga hovudpynt. Eg har rista telefonen min tom for bilder, og her er resultatet og litt ting som har skjedd i livet i det siste:


Me driv jo og pussar opp, og det første som skjedde var at me bytta to ytterdører! Huset vårt er gamalt, og det blæs rett gjennom. Litt etter litt byttar me ut sånt som er øydelagt, og der hadde du dørene. Me klarte å finna eit lite bilde av ytterdøra som ho var typ før krigen, og med det som grunnlag laga Trevaren her i Lærdal ein nøyaktig kopi av den døra.


Syns den er så sjukt fin, er så imponert.


Lærdal var så heldig å få smykka seg med Signe Fuglesteg Luksengard sin utstilling om heimbygda Leveld. Veldig veldig fint. Er så glad for at det finst folk i kommunen som kan hjelpa til med sånt.


Medan Jostein, eg og Guro (frå kommunen!) satte opp utstillingen kom Anne Margrethe forbi. Ho lagar eg ei bok om akkurat no, ho er så vanvittig fin.


Eg kjøpte ein masse perler på Etsy som eg laga ei hårbøyle med ein rolig kveld. Føler at det er den einaste måten for meg å slappa heilt av, å tvinga meg sjølv til intenst håndarbeid.


På skatollet. Eit bilete av Saga berre eit par timar gamal, eit sommarbilde, eit lys, ein liten utstilling. Eg trur ikkje eg har eit einaste papirbilde av Edda enda, det må eg jo ta tak i.


Just another day, just another trash pile. Å vera butikksjef er 80% å deala med søppel.


Jostein sendte meg dette bildet medan eg var i Stockholm på workshop. Trur de at eg lengte heim eller ikkje?


Ragnhild på utdrikningslag. Alt som det skal vera.


Me fann ein perfekt leikeplass på Grefsen og berre leika ein ettermiddag, Jostein og Saga og eg. Så forløysande etter så mykje tid ifrå kvarandre.


Her er frå workshop i Stockholm med fantastiske Sara Holmberg.


Det var eit eventyr av ein dag, så sjeldan eg sit i samme rom med så mange som skjønnar korleis det er å jobba som bryllaupsfotograf. Det er ein så vidunderlig og weird jobb, og det var så befriande å ha eit sånt safe space til å prata om det, liksom.


Rett frå Oslo reiste me til Italia. Finast var nok leiligheten vår i Parma, som var som tatt ut av eit eventyr. Så høgt under taket har eg aldri budd før.


Edda var morsk uansett. Så sjukt morsomt, ho gjer dette kvar dag.


Outtake frå bursdagen min. Dei blir meir og meir som søstre kvar dag, i dag tidlig hyla Saga av latter fordi Edda leika med ei avis og eg sa at “Edda les avisa”.


Og her frå bursdagen til Jostein i Oslo, då me kjøpte små paiar frå Grain. SÅÅÅ gode.


Heime på leikerommet fann eg Quaker-dyr overalt.


Og butikken var så vårleg og vakker.


Me søv her akkurat no, under bildet av Jesus. Sidan me pussar opp /renoverer huset vårt har me flytta inn i ekstrahuset på garden. Kvar morgon klatrar Edda på sengegavlen og prøver å få tak i bildet.


Dei finaste krøllane eg veit om. Forrige veke hadde Edda éin krøll i bakhovudet, som eit lite løfte om det som skal komma.


Me avsluttar med eit bilde av jenterommet! Ganske kaotisk, men det skal bli fint til slutt. Eg ser på tapet og bestiller rammemadrasser denne veka, og gler meg såååå til det står klart♥

Korleis har de det? Har de fått vår enda? Her sprenger det fram med fruktblomster og bjørk, den herligaste tida å vera i Lærdal. I dag måtte me smørjast med solfaktor 50, alle saman.

Follow:
Share:

5 Comments

  1. Maren
    22:13, 29 Apr 2019 / 22:13

    Nydelige bilder, som alltid!
    I år er sommerplanene bilferie til vestlandet og jeg har lagt inn et stopp i Lærdal på ruta. Kun for å besøke Fredag! Jeg gleder meg som en unge, endeliiiig <3

    • Mariell
      Author
      09:11, 30 Apr 2019 / 09:11

      Omg så koseleg!!! <3 Om de tenkjer overnatting må du sjekka inn her om nokre veker, for me driv og skal begynna med airbnb! :)

      • Maren
        23:04, 01 May 2019 / 23:04

        Nei, er det sant? Det blir drømmeferien♥️

  2. Marita
    00:05, 30 Apr 2019 / 00:05

    Herregud for ei dør! <3<3

    • Isabel
      22:30, 02 May 2019 / 22:30

      Så koselig innlegg! ❤️ Veldig fin ytterdør.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *