Gullglitter & vårkjensla

BUONGIORNO frå Italia! Eg skriv dette med ei utsikt over eit lite fjell av irrgrønne tre, fuglekvitter og bier som summar utanfor vindauget. Forrige veke gjorde eg tre land på éi veke, så eg vart heilt snurrete i hovudet, det har vore heilt fantastisk å komma til Italia med heile Jostein sin familie og berre ta det med ro. Har knapt sett på datamaskina mi, har knapt gjort noko som helst. Berre snusar ungane mine i nakken og tenker på kor fint me har det og kor heldig eg er. Det er sånt som trengst, for neste veke er kvardagen tilbake og då kanskje eg gløymer det litt.

Her er nokre fine små favorittar frå Instagram i det siste. Håpar det smakar

  1. @smanishmasia i ein utrulig kjole frå asos. Gav meg sånn glede.
  2. Eg budde på @bankhotelstockholm då eg var i Stockholm no, det var eit heilt nydeleg hotell, liksom luksus med humor. Då eg kom tilbake etter å ha vore på workshop, hadde dei satt fram hotelltøfler til meg, lagt ein gullpeng med sjokolade i, på puta mi, og satt ei bøtte med isbitar på nattbordet. Elskar sånt.
  3. @jeninuferu har klart å fanga vårkjensla i éi lita rute.
  4. @nelliequats er eit så fint merke med barneklede som eg vil ha, alt sammen. Berre skulle ønska eg var millionær.
  5. Ei bok med gullglitter! Eg er jo ei kråke. @emiliegeist
  6. @camillaeleonora har på ingen måte eit vanlig liv eller ein vanlig leilighet, men kvart bilde er som lettmjølk i sjela. Berre mjukt og fint. Vil sova på dette rommet.
  7. @c_l_o deler inspirerande bilder, dette huset er jo faktisk ikkje til å tru? Det er i Hammelburg i Tyskland, fotografert av Wolf-Dietrich Weissbach.
  8. @tikkie_elsoe er jo mitt spirit animal, som eg har sagt mange gongar før, dette bildet gav meg lyst til å skribla tankar på store ark og sjå om dei passar på veggen.
  9. @calliethorpe i ein så vakker kaftan som eg ønskar meg. Tenk om eg berre hadde bursdag neste veke………
Follow:
Share:

1 Comment

  1. Oda Antonsen
    23:25, 22 Apr 2019 / 23:25

    Kos dere på tur! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *