Kokosmjølk, knallraud grapefrukt og kokosmjølk

Hei alle fint folk! Har du ein fin tysdag? Eg er på toget på veg tilbake til Oslo etter ein heilt ufattelig inspirerande dag i går. Det var eit kurs av bryllupsfotograf Sara Holmberg, om autentiske varemerke og korleis best mulig passa på kundane sine. Har aldri opplevd å sitta i eit rom fullt av kvinnelige fotografar før, som alle har så mykje erfaring og var så opne om sine prosessar, om prisar, om kundar. Føler meg så inspirert og full av glede for jobben. Og takksam til Sara som lærte meg så mykje.

Når eg er vekkreist så lenge som no så byrjar eg å lengta heim til kjøkenet mitt, til knivane mine og kjøleskapet mitt og liksom kvardagen på eit vis. Plutseleg så ser eg inspirerande oppskrifter overalt som eg vil prøva, er det ikkje så rart korleis det alltid er sånn? Her er tre oppskrifter som fekk meg til å stoppa opp og lagra dei. Kanskje dei kan inspirera nokon andre óg!


Linsegryte med kokosmjølk og ingefær. Vil eta det kvar veke, så det er så fint å ha litt ulike oppskrifter å gå ut ifrå.


Yoghurt med granola og sitrusfrukt som er så vakker at eg hadde blitt så himla glad om dette vart satt framfor meg på eit bord.


Ei formkake med svart te, åhhh for ein draum. Eg elskar jo alt med tesmak.

Follow:
Share:

3 Comments

  1. Isabel
    17:19, 09 Apr 2019 / 17:19

    Å, den kaka hørtes farlig god ut! Og geapefrukt, yoghurt og granola er en av mine favorittfrokoster 😊

  2. 11:10, 12 Apr 2019 / 11:10

    Alltså den tekaka ser magisk ut! Elsker også alt som har noe med Earl Grey å gjøre.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *