🚂

Eg sit på toget på veg til Stockholm. I morgon skal eg sitta i eit rom med eit dusin kvinnelige fotografar og berre ta inn lærdom om business. Skal bli så klok. Dette året investerer eg i meg sjølv, og det føles så enormt bra, eg overraskar meg sjølv. Tvingar meg sjølv til å ikkje feiga ut av sånt som eg definitivt har feiga ut av før.

I går var eg i utdrikningslaget til Christine, og det var heilt utruleg. Har vore så skjør og overvelda av all kjærleik, og at ein kan få eksistera i 2019 og samtidig føla seg så knytt til ungdommen gjennom desse folka som har opplevd det samme, som har samme sjargong. Me hadde vårt eige show på Chat Noir, spelte shuffleboard på Kulturhuset og hadde alt glitteret i verda i fjeset og håret. Etter ein nydeleg fest, med mitt absolutte favorittinnslag til slutt; naboklagen* fann me oss sjølve sittande i Kuba-parken midt på natta, det var kaldt i graset og me sendte prosecco-flaskene rundt og speida etter politibilar, nokre halvsov, nokre gjekk heim. Så himla retro og fint. Me gjekk ikkje heim før klokka fire, eg fekk sova hjå sjølve brura og klokka ni i dag tidlig sneik eg meg ut, kjøpte med bakverk frå Åpent Bakeri og skyndta meg heim til jentene mine og min tapre mann. I dag har eg vore på leikeplass, dytta høg fart på huska og tatt imot på sklia, amma til den store gullmedaljen og samla smil og latterkramper. Føles både feil og rett å reisa til Stockholm no, åleine, på eit tog. At Jostein skal legga begge ungane åleine i kveld medan eg skal sova i ei stor hotellseng. Eg begynte å sjå etter bygåver allereie på Oslo S, liksom, the struggle is real.

I veka som kjem skal eg fotografera fine folk i Oslo, feira Jostein sin 29-årsdag også reiser me til Italia på påskeferie. Ikkje ei rolig veke på landet, altså. Men det er godt å fylla livet med forskjellige typar veker. Og Saga fortel til alle me møter at me skal til «Italika» og der skal me eta is KVAR DAG. She’s not wrong.

*altså, typ som ein sketsj der nokon kler seg ut, utan å annonsere dette for nokon, går ut og kjem inn igjen som ein forbanna nabo som vil at festen skal ta slutt. Som oftast med veldig komplekse liv og grunnar.

Share:

1 Comment

  1. Karin
    06:33, 08 Apr 2019 / 06:33

    Har aldri relatert mer enn til dette – ‘Eg begynte å sjå etter bygåver allereie på Oslo S, liksom, the struggle is real.’
    Ha ha! Huff, ja. <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *