Mandelsneglar og drag queens

Eg sit på bussen heim frå Oslo, etter 24 timar av venner og vin og åleinetid. Slumrar, søv litt, les litt. Eg føler meg heilt fylt opp av åleinetid, og samtidig føler eg meg heilt rar som ikkje har sett ungane mine sidan søndag kveld. Då eg reiste var eg nervøs for dei små tinga, som å gå åleine til trikken og kom Ruter-appen til å funka og kom eg til å finna badebomber som var det Saga ønska seg i bygåve? Då Jostein køyrte meg til bussen søndag kveld, var eg trist og tung i hjartet. Var fleire gonger nær å avlysa heile greia og sei at eg klarar ikkje, eg vil ikkje. Og det hadde vore heilt fine det óg, såklart. Men eg gjekk på bussen. Sendte meldingar med Frøy som som vanlig peppa og støtta.

Også kom eg på, klokka 05:41 måndag morgon, då me rulla inn på Bussterminalen, at Oslo er så liten og nett av ein by som jo tross alt var heimen min i to år før me flytta til London. Ein kan gå overalt, folk vil alltid hjelpa og alt er så enkelt.

Eg tok trikken til Christine, som var våken og hadde kaffien klar, og det føltes heilt magisk. At eg og ho, me som har kjent kvarandre sidan me var 16 og små babyar, sat på kjøkenet hennar på Bislett og drakk kaffi ved soloppgang. Eg, som hadde reist frå mann og døtre for eit par netter, og ho, som skal gifta seg i sommar. Blows my mind. Så takksam for desse folka som eg har brukt tida mi saman med denne veka, som alltid klarar å knytte meg tilbake til tidligare versjonar av meg sjølv og også den eg er no. Så himla trygt å ha ein heim i dei.

Her er korleis ein kan bruka ein dag i Oslo. Eller i alle fall korleis eg gjorde det, da:

Alt var stengt og mørkt då eg kom, og utanfor Eske Interiør hang det fengsla ballongar.

Eg åt frukost på Åpent Bakeri med Janne! Først åt me ansvarlig, så åt me bollar. Eg tok ein mandelsnegle, typ som eit wienerbrød med mandelmasse – SÅ god.

Utanfor Frk. Flood hadde dei nydelege blomar. Kusina mi melda meg på Instagram og berre pliiis ta med heim til Sogn og eg troppa opp der klokka ni i dag tidlig og dei hadde stengt. How rude. Sorry, Malin!

Så gjekk eg til frisøren! Balanzera har opna salong på Bislett, som passa perfekt for meg. Eg sat der i tre timar og vart dulla med, og vart sååå fin (ehe). To år sidan eg var hjå dei sist, eg lengtar alltid dit. Anbefalar Randi! Eg elskar óg at dei har så bra snacks. Ein får te og nøtter og tørka frukt og sjokolade, mmmmm.

Eg gjekk tilbake til jungelen hjå Christine for å jobba bittelitt før kvelden skulle starta. Så stakk eg på Gutta på Haugen, som eg ikkje egentlig bør gjera utan at Jostein er med og seier “kva er det? Kva skal me ha det til? Kva kostar det?” når eg legg noko i korga. OH WELL. Girls just wanna have kakaopulver frå Valrhona so shoot me.

Spray, delay, walk away. Dette er parfymen min no, og det einaste duftlyset mitt. Så eg går rundt i verda og luktar som det gjer heime hjå meg, er ikkje det koselig så veit ikkje eg.

Men altså, heile grunnen til at eg tross alt reiste til Oslo, var dette. Trixie effing Mattel, drag queen extraordinaire. Eg kan ikkje eingong forklara med ord kor fantastisk dette var, eg SVEVAR ved berre tanken. I tre timar var me (meg sjølv, Fredrik, Sara og Synne) heilt oppslukt i det som skjedde på scena. Og no har eg cravings på meir drag. Heldigvis ny episode av Drag Race på fredag!

Etter showet drakk me litt vin på Internationalen og det sat eit par der som var så interessert i kvarandre at dei likesågodt kunne hatt seg på bordet framfor oss. Men det var ein digresjon! Ein einaste stor digresjon! Og no er dette innlegget over.

10 Comments

  1. Lisa
    07:02, 27 Mar 2019 / 07:02

    Å, seriøst, dette innlegget fikk meg til å smile og å flire og å kjenne meg igjen i den følelsen i magen når man plutselig skal være bare seg selv etter å ha blitt så vant til å være en «enhet» med mann og barn, og den man får når man oppdager at det faktisk går an.

    Og beskrivelsen av besøket hos Gutta på Haugen var noe av det beste jeg har lest på lenge!

  2. Ingvild Marie
    08:58, 27 Mar 2019 / 08:58

    Åh, yes! Da jeg så bollene på Instagram håpa jeg du skulle dele hvor de holdt til! Nå fikk jeg lyst til å reise igjen. Elsker den følelsen!

  3. Isabel
    09:05, 27 Mar 2019 / 09:05

    Dette treffer meg så godt! Det minner meg om barseltida, da jeg en gang sa til mannen min at “nå går jeg ut en tur, alene”. Det var så rart å ikke være mamma på trilletur, men bare meg selv som tusla en tur i nabolaget. Jeg skal på ferie en uke i sommer uten familien, bare jeg og ei venninne. Jeg grugleder meg!

  4. Karin
    10:12, 27 Mar 2019 / 10:12

    Urelatert, men jeg lurte – du har bygd så fin butikk. Har du tenkt på å ta inn mer øko-saker? For eksempel KleanKanteen-flasker (alle metallflaskene for barn som finnes i butikk er jo umulig å åpne for barnehender? Så harde korker.), bivokslys, glass-amber bottles…? En tanke til deg i alle fall.

  5. 11:36, 27 Mar 2019 / 11:36

    Så mange fine Oslo tips! Nå vil jeg ta en tur til Åpent Bakeri neste gang jeg er i byen.

  6. Oda
    12:26, 27 Mar 2019 / 12:26

    Åh, dette var koselig å lese! Litt alenetid er så viktig<3

  7. Marlene
    13:06, 27 Mar 2019 / 13:06

    Girls just wanna have kakaopulver frå Valrhona so shoot me.
    Jeg lo høyt på jobb! Så koselig tekst 😄

  8. Anne Marte Grønfur
    07:28, 28 Mar 2019 / 07:28

    Deilige bilder og solo tips, og et innlegg som beskrev ganske så vanlige ting på en måte som gjør de magiske. Får så ofte lyst til å bo i bildene dine <3

  9. Tale
    10:59, 29 Mar 2019 / 10:59

    Dette hørtes ut som en skikkelig treat yoself -dag, det fortjener du! :D

  10. emma
    00:46, 03 Apr 2019 / 00:46

    jeg var også på trixie! :~))

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *