Fint denne veka

Eg elskar gartneriet her i Lærdal, og denne veka då eg var innom så nesten vibrerte eg i kroppen av vårstemning. Kjøpte med heim desse nydelege vårkjenslene, pluss:

Ein pianobukett! Med anemoner, løvemunn (min favoritt!) og eukalyptus. Pianobukett er mitt perfekte konsept når eg vil ha ein fin ny bukett, men ikkje vil bruka så mange kroner den veka.

Jostein har scanna bilder frå garden, nydelege bilder av bestemora hans og søstrene. Dei var fem nydelege søstre på denne garden, som budde i huset som me bur i no. Dette bildet skal me få opp på veggen, så innmari fint.

Eg har lest ut ei bok! Dette er store nyhende for meg, som ikkje har lest så mange bøker sidan eg vart mamma. Eg las Tre vegar til havet av Brit Bildøen (som eg fekk tilsendt frå Samlaget), og den var så bra. Økonomisk skrive, veldig spennande, finurlig samanfletta. Anbefalar! Kva bøker har de lest i det siste? Tar så gjerne imot tips?

Forrige veke var Jostein på Sandane på jobb (han har kurs i nynorsk/god språkbruk for offentleg tilsette), og eg er så needy når han er vekkreist at eg hintar hardt om bygåver typ to veker før han reiser nokon plass. Så sidan han ikkje tør anna, og fordi han er ekstremt omtenksom, kom han heim med (i tillegg til eit brød og Reese’s peanut butter cups) dette votteparet til meg, med eit matchande til seg sjølv. Elskar å vera det paret.

 

I dag har eg hatt fotografering i eit drivhus, og i kveld reiser eg på nattbussen til Oslo. Det er første gong eg reiser frå Edda, det skal bli så rart og litt spennande. Føler meg så heldig som veit at Jostein og ho vibbar så hardt

Share:

9 Comments

  1. Tale Stensdal Reiersen
    20:10, 24 Mar 2019 / 20:10

    hvor kjøper du matvarer på nett? det er så mange nettbutikker som selger mat som kun leverer i Oslo og utvalgte andre steder, leter febrilsk etter en ok nettbutikk som leverer til hele landet :-)

  2. Kat.
    21:00, 24 Mar 2019 / 21:00

    God tur til Oslo:) Og jeg vedder på at bestemoren til J. er hun lengst til venstre!

  3. Gunn
    16:10, 25 Mar 2019 / 16:10

    Anbefaler Dyret av Heidi Furre!

  4. Katrine
    16:02, 27 Mar 2019 / 16:02

    Anbefaler Samtaler med Venner av Sally Rooney.
    Første boken på lenge jeg ble helt avhengig av.

  5. Henny
    18:18, 27 Mar 2019 / 18:18

    Les Omriss-triologien til Rachel Cusk! Helt fantastisk :)

  6. Trude
    12:13, 28 Mar 2019 / 12:13

    «Dyret» av Heidi Furre støttes! «Den ærlige bedrageren» av Tove Jansson er også fin, en veldig spesiell stemning. Ellers leser jeg «Farger til folket!» av Dagny Thurmann-Moe som jeg syns er overraskende interessant og øyeåpnende.

  7. Signe
    12:24, 28 Mar 2019 / 12:24

    Anbefalar boka Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof! Og Frode Grytten med Vente på fuglen. Og Tung tids tale av Olaug Nilssen om du ikkje har lese den. Korte alle tre (som jo kan vere kjekt i ein hektisk kvardag), likevel bøker som set spor.

    Eg diggar det nye designet på bloggen din, forresten! Kjempefint!

    • Mariell
      Author
      13:38, 28 Mar 2019 / 13:38

      Så morsomt at du sa det, eg har nettopp lånt den fra Christine! Så den ligg klar til å lesa. Tung Tids Tale las eg då den kom ut og den fekk heile hjartet mitt. <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *