Sjuketysdag

Dagen min starta med eit skarpt bank på døra, eg skvatt så eg skremte Saga men det var berre postdama! Ho hadde med seg ei pakke frå Boden, med litt sommarklede til meg og ungane. Saga ville prøva på den nye kjolen sin umiddelbart. Ho har vore heime og pjusk i dag, me har sett Petter Kanin-film og hatt mykje tid i sofaen.

Denne til Edda♥ Me skal til Italia i april, og eg håpar den ikkje er for stor då!

Saga og eg bestemte at me måtte ha kakao til lunsj, så me laga eggerøre, kakao og pitabrød og ringte Jostein på facetime for å invitera.

Medan me åt vakna Edda etter sin lange lur. Denne ungen altså, eg orkar nesten ikkje kor søt ho er med dei to små tennene. Og den fine strikkadressen som mamma har strikka. Elskar.

Så hadde eg vips to ungar! Og desperasjonen slo meg, så eg tok litt teip og ca ti leikefigurar, og teipa dei opp på veggen så Saga måtte flytta ein stol rundt i rommet og ta dei ned att. Veldig godt tidsfordriv! Mens eg tok desse bildene hadde hjerna mi prosessen: “Må ta ned håndkleet, må ta ned håndkleet. NEI. People need to know!”

I sju og eit halvt minutt leika dei med togbane utan meg, og då rakk eg å drikka ein kopp med te og sjå gjennom dei nye papirbildene som eg hadde fått i posten frå sommaren. Dei transporterte meg tilbake, det var ei vidunderlig tid!

Også deiga me i senga (“i sengi dikkas?”) og las denne nye fine fine boka frå Samlaget som eg fekk i gåve frå dei. Den er så himla morsom og nydeleg teikna, eit absolutt tips! No har Saga sovna hjå bestemor og bestefar, Edda søv oppe og ektemannen min preppar til eit kurs han skal holda i morgon. Eg drikk saft frå eit Riedel-glas. Og det var min tysdag. SUSS.

Share:

4 Comments

  1. Oda
    23:10, 12 Mar 2019 / 23:10

    God bedring i heimen :)

  2. Anna
    10:05, 13 Mar 2019 / 10:05

    En del av meg er så glad for at barna mine var små før instagram og pinterest og facebook og smartphones og alt det der, for det gjorde det så lett å skille nett og barn. Men! jeg skulle så gjerne ha sett blant annet dette supre trikset om å tape fast figurer og leke “redd alle dyrene leken” og andre fantastiske ideer til tidsfordriv. Var ikke akkurat på mitt mest kreative da mine to var på samme alder som det dine er nå. Heia, heia deg og dere for alt det fine dere får til!

    Nå vil jeg også ha kakao og eggeøre til lunsj …

  3. Martha
    15:50, 13 Mar 2019 / 15:50

    Elsker å lese om hverdagene, takk for at du deler med oss! Og det er virkelig bare godt å se håndklær på dører -vi har godt av å bli minnet på at insta perfect ikke er virkeligheten.

  4. Ingvild
    11:23, 17 Mar 2019 / 11:23

    Så ikke det håndkleet før du skrev om det haha

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *