Mine favorittar! Pang!

E I G E N R E K L A M E

Ok, no skal eg skyndta meg og skriva nokre av mine 2019-favorittar så langt! Som i gamle dagar når ein berre skreiv eit blogginnlegg på bussen eller i eit skur. No tømmer Jostein oska i Jøtulen, så da har eg ti minutt! Først vil eg berre tipsa alle her om at a) de må følga meg på instagram! @hjartesmil heiter eg der, når det er veldig stille på bloggen kan de jo alltids sjekka meg ut der. Og b) eg skal ha min første vesle fotoworkshop no i mars, om mobilfotografering og ungar. De kan lesa meir her!

 

Også har eg nokre spørsmål som de kan få svara på i kommentarfeltet etter de har kosa dykk med dette innlegget:
– Hadde de vore interessert i eit internettkurs på ein eller annan måte om mobilfotografering og ungar?

– De som skal gifta dykk og ikkje har booka meg som fotograf (why god why?), hadde de vore interesserte i å kjøpa ei slags brosjyre til korleis få gode bryllupsbilder? Eg driv og lagar ei brosjyre til mine eigne kundar og har fundert på om det kunne vore av interesse for nokon andre óg.

– Hadde de vore villige til å komma til Lærdal for andre workshops som gjekk meir på profesjonell portrettfotografi/barnefotografi/bryllupsfotografi? Av meg såklart. Let me know.

 


Blossom-sjampo frå Rudolph. I mitt beste liv er alle hud- og hår-produkta mine frå Rudolph. Når eg har brukt opp den ansiktskremen eg brukar no skal eg kjøpa ein frå dei. Kanskje når eg reiser til Stockholm åleine (!!!???!!!) i april.

 

 


Denne isen, som dei har på Coop. Dør kor god den er.

 


To tv-seriar eg har vore heilt besett av i februar: Russian Doll og Schitt’s Creek. Schitt’s Creek er heilt der oppe med mine favorittkomiseriar, liksom. Eg er so totally ein David.

 


@imogenroy som er ein venn av ein venn, jobbar med strategi for små bedrifter og det er SÅ inspirerande. Når eg har pengar til overs skal eg booka ho til å hjelpa meg og det skal bli meget interessant. Men i mellomtiden så er ho så sjenerøs på instagram og deler med seg av tips og pepp.

 


Desse nye flodhestane me har på Fredag som ruinerar meg. Dei er så jækla gode.

 


Jostein og eg er inne på alle slags ting ein kan blanda med farris bris akkurat no. Det starta egentlig då eg var gravid og blanda med solbærsaft, det er ein klar favoritt. Men så prøvde me med ei flaske eplegløgg! UTRULIG! No blandar eg med fun light, type mandarin madness. Eg kjenner nesten ikkje igjen meg sjølv med fun light i hus, men eg drikk så mykje når eg ammar og då er det anten mjølk på litervis (no joke) eller fun light.

 


@thissarahpowell på instagram som gir meg så mykje livsglede. Ho gir meg lyst til å vera ærlig og sårbar og rar, og det elskar eg med folk. Det er dei beste folka.

Follow:
Share:

14 Comments

  1. Margit
    22:46, 07 Mar 2019 / 22:46

    Ja til workshop med portrett/folk i sine naturlege omgivelsar. Gjerne både med mobil og speilrefleks.

  2. Cecilie
    09:05, 08 Mar 2019 / 09:05

    Ja til onlinekurs i å ta bilder av ungene med telefonen!

  3. Marit
    09:15, 08 Mar 2019 / 09:15

    Veldig interessert i internettkurs!!

  4. Inger Lise
    19:07, 08 Mar 2019 / 19:07

    JA til internettkurs i mobilfotografering av unger!

  5. 09:21, 09 Mar 2019 / 09:21

    – Hadde de vore villige til å komma til Lærdal for andre workshops som gjekk meir på profesjonell portrettfotografi/barnefotografi/bryllupsfotografi? Av meg såklart. Let me know.
    Ja! Gjerne om det var en slags opplegg med workshop i foto (gjerne portrett og bryllup) og overnatting, kanskje med flere elementer enn fotografering også? Så det ble en helgetur for oss som kommer langveis fra? Jeg kunne for eksempel være interessert workshop i skriving, blogging, lage nettsider, lage magasin, lage podcast, generelt om den kreative prosessen. (:

  6. Renate
    20:30, 09 Mar 2019 / 20:30

    Eplejuice og farris ??

  7. Hanne
    21:01, 09 Mar 2019 / 21:01

    JA JA JA til kurs om å ta bilder av barn med mobil. Hadde meldt meg på kurset du har nå om jeg hadde bodd litttttt nærmere enn Nord-Trøndelag!

  8. Marit
    21:16, 09 Mar 2019 / 21:16

    Ja til Internettkurs!

  9. Anika
    21:50, 09 Mar 2019 / 21:50

    Ja til internettkurs!!
    Og draumen er å kunne booke deg til bryllaupsfotograf ein vakker dag, utan tvil

  10. Elena
    14:20, 10 Mar 2019 / 14:20

    Jeg kommer gjerne om du har workshops om portrett/bryllup, gjerne over flere dager (f.eks. en helg)! JA! Vær så snill. <3

  11. Isabel
    16:32, 10 Mar 2019 / 16:32

    Svar på spørsmål
    1. Ja

    2. Er allerede gift

    3. Blir nok for langt å reise fra Trondheim med kollektivtransport

    Liker sånne favoritterposter ?

  12. Åshild
    09:54, 12 Mar 2019 / 09:54

    Jeg tenkte jeg skulle legge igjen et spørsmål om du skulle holde internettkurs om mobil/unger, så så jeg at du nevnte det selv. Ja!!

  13. 08:13, 14 Mar 2019 / 08:13

    Kan godt tenkja meg å vera med på kurs i portrettfoto ?? (Dersom datoen passar, arbeider annakvar helg td)

  14. Lena
    18:05, 21 Mar 2019 / 18:05

    Jaaaaaa til bryllupsfotobrosjyre!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *