Screenshots herifrå til himmelen

Eg såg denne idéen hos Elsa så den tok eg! Tinga ein screenshottar er tross alt ganske avslørande, syns de ikkje? Eg screenshottar alle salatane til Mariell si bedrift, Benk & Bo. Alt ser så sjukt godt ut.

Klassisk frilansnotat. Seks gonger i året betalar eg MVA for to bedrifter no, heilt utan å grina. Altså kven er eg?

@missmoss deler av og til aktivitetar som held ein unge på Saga sin alder oppteken ei lita stund. Sånt sparar eg til ho kanskje blir forkjøla og må vera heime ein dag eller to.

Caitlin og Saga jobbar med forholdet sitt som tross alt strekker seg over havet.

@annariflebond, som eig Rifle Paper Co. delte bilder frå messene dei var med på, og eg screenshotta alle nye varer som eg har bestilt, som desse veskene som eg får inn i mars ein gong.

@Tikkie_adelie har min favorittstil, både i klede og interiør. Så herleg dansk og laidback.

Eg tok dette screenshotet frå ein Finn.no-annonse, for å visa Jostein at ein kan gjera noko kreativt med brannmur. Dette er jo veeeeldig avansert, hehe. Eg tenkte å mala eit abstrakt fjellandskap i blått. Men først: kvit kalkmaling.

@_iriam delte denne koppen som er berre så sjuk? Så fin. Men kor mykje Royal Copenhagen kan eg egentlig ha? Det må eg tenka på.

@charlottejacklin, som typ 25% av mine screenshots kjem ifrå, la ut denne saltboksen. Åhhh så fin.

Frøy går jo på skule på operaen i København, og er med i produksjonar. Så gøy å skype medan ho gjer seg klar, i fullt kostyme.

Handleliste. Sjå klokkeslettet.

Familieliv-podcasten deler livsvisdom frå Barsel, boka til Kristin Storrusten.

Miss Vaaaaaanjie. Om du veit så veit du, og då elskar eg deg. Om du ikkje veit, så MÅ du sjå Rupaul’s Drag Race.

Ein gullspegel som eg har kjøpt via internettet. Den skal opp i soverommet vårt! Kanskje det endelig skal få bli eit fint rom? Om berre eit par månader skal jo jentene byrje med å dele rom, og då skal eg gjera det fint på rommet vårt.

Eit heilt utrulig morsomt bilde av Saga frå Villakssenteret. Dobbelthaka er berre made of dreams, altså.

Miguel som jobbar med VFX, la ut dette bildet som han laga for Jurassic World. Er så sjukt imponert over kva han får til. Også er det veldig fint å få skryta til nevøen min at eg har venner som har jobba med Star Wars.

Rotting-forelskelsen var total her. Måtte screenshotta.

Denne sendte eg direkte til Jostein. To og eit halvt år inn i foreldreskapet anar eg ikkje når me skal sleppa oss litt lause og reisa i dyreparken, liksom.

@livpurvis hadde fått seg høgtalar i dusjen. Det er vel life goals if I ever saw any.

Vart så kry då eg såg dette på Marie Kondo sin blogg, for eg gjer alltid dette: bestiller nytt undertøy i starten av januar. Som å få skryt av ein mester, tok eg det som.

Ein slem idé til eit tv-program.

Follow:
Share:

7 Comments

  1. Ida
    14:14, 26 Feb 2019 / 14:14

    Elsker screenshot-innleggene!

  2. Marianne
    16:10, 26 Feb 2019 / 16:10

    Tips ang extreme makeover 10 år senere – se de episodene av tid for hjem når de reiser tilbake til prosjekter de har gjort for noen år siden. Hysterisk (og grusomt)!!!

  3. 19:18, 26 Feb 2019 / 19:18

    For et fint selskap å være i! Skikkelig gøy å se sin egen tekst da jeg scrollet :)

  4. Signe
    09:23, 27 Feb 2019 / 09:23

    Haha, diggar dette! :)

  5. 11:04, 28 Feb 2019 / 11:04

    Dette likte jeg så godt!

  6. Ane
    11:37, 29 Aug 2019 / 11:37

    Veldig gøy! Lenge siden jeg har vært innom her, og oh boy was it a plesant surprise med litt Miss Vanjie-memes! Vit at i alle fall én leser satte ekstremt stor pris på. Mariell, du er en ekte dronning!

    • Mariell
      Author
      16:31, 30 Aug 2019 / 16:31

      Miss VAAAAAAANJIE!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *