Mine sinnsjuke internettvaner ?

Om du spør meg kva eg saknar mest frå London er det såklart vennene mine. Kvar bidige dag. Klart på andre plass er TILGANG. Om du vil såra meg på det djupaste kan du sjå på noko eg vil ha og sei “det får me ikkje tak i”. Blir så trist. Derfor er eg så sjukt glad for internett. Her er ei liste over mange av forbruksvarene som eg får i postkassa. Om du syns dette er sinnsjukt, så vennligst ikkje sei det til meg! Men om du har tips tek eg gjerne imot dei!

 

Mariage Freres
Dei fire første teane under her er dei me brukar mest. Dei har me i svarte metallboksar så me kjøper i lausvekt. Eg kjøper teposar til å ha på kontoret, mest Mentha Piperita og Casablanca. Når eg likevel bestiller kjøper eg gjerne óg eit glas med Marco Polo Jelly, berre heilt vanvittig godt å ha på scones. Og kjeksa deira. Omg, kjeksa deira. Me legg inn éi eller to bestillingar i løpet av året, avhengig av om me (eller broren til Jostein) er på reis til Paris eller London.

Marco Polo.
Casablanca.
Earl Grey French Blue.
Wedding Imperial.
Sakura.
Marco Polo Jelly.
Marco Polo Sablé.
Sakura Sablé.

 

Kinsarvik Naturkost
Desse er jo i Bergen, så ofte hamstrar eg ting om eg er der. Men no har eg to ungar og orkar ikkje alltid verken å gå dit eller ekstra bagasje når eg er i byen, så eg bestiller av og til greier herifrå óg. Før fødslane har eg bestilt mange pakker av dei deilige baby wipesa som dei har her, som er så mjuke og luktar så godt.
Vanilla paste.
Crisps frå Tyrell’s.
Muscovadosukker.
Baby wipes.

 

Tim Wendelboe/Coffee Collective
Me skiftar mellom to abonnement på kaffi, frå både Tim Wendelboe og Coffee Collective. Frå TW har me det med to posar espresso i månaden, hjå CC er det tre posar. Så sjukt fint å få kaffibønner i postkassa. Espresso for milk frå TW er min beste espresso av alle.

 

iHerb
Her kjøper eg oppvaskmiddel vanligvis. No har me eit fantastisk godt eit i butikken så eg kjøper det der no, men ellers handlar eg Mrs Meyers Clean Day-produkt på iHerb. Og om eg da har vekt til overs på pakken kjøper eg potetgull frå Kettle.
Mrs. Meyers Clean Day, Dish Soap, Geranium Scent
Mrs. Meyers Clean Day, Dish Soap, Honeysuckle Scent
Mrs. Meyers Clean Day, Muti-Surface Everyday Cleaner, Geranium Scent
Mrs. Meyers Clean Day, Multi-Surface Everyday Cleaner, Honeysuckle
Crisps frå Kettle

 

 

Valgfritt apotek
Om venninna mi som jobbar på apoteket ser dette så kjem ho til å knipsa meg på nasen. Men eg føretrekk å kjøpa alt stæsj til etter fødslar, alt av intimprodukt, prevensjon, graviditetstestar, over nett. Ikkje fordi eg ikkje stolar på personen som står i kassa, men fordi eg ikkje vil forholda meg til samme folk i forskjellige kontekstar på den måten.

 

Frø
Utanom frø som eg kjøper frå jordbruksskulen i Aurland, kjøper eg mesteparten av frøa mine på nett. Blomsterfrø frå Floret flowers. Andre frø frå Solhatt og Runåbergs. Og i vår kjøpte eg ein ganske stor mengde blomsterløk frå Hageglede. Skulle gjerne ha kjøpt dette frå ein mindre leverandør, så send gjerne det om de har tips. Blomsterjungelen er ein vanskelig jungel, syns eg.

 

Vinmonopolet
Sjølvforklarande, kanskje. Me har ikkje pol i Lærdal, så me får gratis levering til postkontoret frå Vinmonopolet. Det er ganske luksus egentlig, for ein har eit ganske stort utvalg på den måten.

 

Heaven Scent
Varer frå Byredo (lys og parfyme, eg har begge deler i Bibliotheque), kjøper eg på Heaven Scent. Eit av dei store lysa har eg hatt i to år og sparks joy kvar einaste dag.

Olivenlunden 1830
Herifrå handlar eg digge greier som er skikkelig gullkant på kvardagen. Den kvite balsamicoeddiken deira med fersken og aprikos kan eg ikkje skryta nok av, den gjer ein heilt vanlig salat til eit superdigg måltid. Og pålegga! Også har dei fri frakt over 600, elskar det.
Fersken- og aprikosbalsamico.
Biscotti.
Lemon Curd.
Pistasjkrem.
Syltetøy med kirsebær og champagne.
Syltetøy med klementin og appelsin.
Sjokoladekrem.
Basilikumolje.

Ting eg ønskar meg men ikkje får tak i: Tony’s Chocolonely. Mrs Meyer’s-produkt i limited editions. Glossier. Klede frå Arket. BLOMAR.

Follow:
Share:

20 Comments

  1. Sarah
    14:35, 21 Feb 2019 / 14:35

    Arket får snart Norgeslevering, visstnok!! Så nå er det bare å glede seg.

    • Mariell
      Author
      20:00, 21 Feb 2019 / 20:00

      I know! Står på postliste seff.

  2. Ragnhild
    14:39, 21 Feb 2019 / 14:39

    Vart veldig sulten på helg og luksus no! Og Glossier! Er så skuffa over at eg oppdaga dei rett etter at me flytta frå England, så eg har aldri fått prøvd ut produkta. Mine postkassefavorittar er magasina eg abonnerar på, Frankie og Lunch Lady frå Australia. Dei er berre så fine og fulle av inspirasjon! Eg er ikkje så flink til å lese dei ut frå perm til perm, men å kunne finne dei fram til helgefrukosten eller ein kopp kaffi føles litt som å bo på kafé. Ja takk!

  3. Synnøve
    16:25, 21 Feb 2019 / 16:25

    Takk for at du deler alle gode tips!
    Selv fikk jeg her om dagen tilsendt ei bestilling med frø og ranukler fra Abildsø gård blomster. De driver økologisk og er kjempeflinke! Anbefaler deg å sjekke ut nettsiden deres! https://www.blomsterhagen.no/
    Hilsen Synnøve

  4. Hilde
    19:09, 21 Feb 2019 / 19:09

    Hei !Takk for mange gode tips …..Jeg vil gjerne tipse tilbake ; ceciliawingard.se . Helt fantastiske erterblomster ….

  5. Line
    20:03, 21 Feb 2019 / 20:03

    Hei!
    Vi har nettopp fått inn 3 sorter av Tony’s sjokoladen på jobb! (Lerøy Mat Galleriet, Bergen) Så vet du om det ihvertfall :)

    • Mariell
      Author
      20:27, 21 Feb 2019 / 20:27

      Hva! Kven er leverandør/importør? Dette må eg komma til botns av.

  6. Eirin Victoria
    20:09, 21 Feb 2019 / 20:09

    Elskar internett! Kunne du forresten delt nokre oppskrifter med den kvite balsamicoen og pistasjkremen frå Olivenlunden? Har begge ståande i skåpet atm, men kjem ikkje på korleis eg kan bruke dei. Basilikumolja derimot er så sjukt god som dressing på ein enkel salat med masse fetaost og tomatar! Nam!

    • Mariell
      Author
      20:26, 21 Feb 2019 / 20:26

      Altså, pistasjkremen et du berre som nutella. Enkelt og greit, case closed. På rista brød! Det er det einaste eg gjer med den. Om du bur i Bergen så er det kriminelt å ikkje eta brød frå Bakstehuset på Ask sin bakstebil. Den kvite balsamicoen er kjempefin på til dømes ein kyllingsalat:

      – Kylling, heile filetar som du steiker (med aluminiumsfolie i ettersteiken så den blir saftig og god)
      – Agurk i chunks
      – Avokado i chunks
      – Salat i tynne strimler, type Crispi eller lignande
      – Rødlauk, TYNNE TYNNE halvmånar som du syltar lett med riseddik eller lime, og salt. Dette gjer eg først av alt når eg lagar noko med rødlauk.
      – Pasta (alltid frå Jacob’s!)
      – Apetina
      – Pinjekjerner, tørrista

      Passar óg kjempefint i typ ein couscoussalat. I drinkar. På pavlova. Og i fruktsalat! Spesielt med melonar, mmmmmm.

      Også har dei jo ein heil samling sjølve med oppskrifter her: https://www.olivenlunden1830.no/oppskrifter-med-fersken-og-aprikosbalsamico/

      • Eirin Victoria
        20:50, 25 Feb 2019 / 20:50

        Tusen hjarteleg takk for tips!

  7. Anne Ma
    13:00, 22 Feb 2019 / 13:00

    Eg blir berre så utruleg glad av å kikke innom bloggen din innimellom. Hald fram!

  8. Stina
    09:03, 23 Feb 2019 / 09:03

    Tips; jeg snublet over Tony’s Chocolony på Meny (Rignes Park i Oslo) i går! Tre ulike sorter av de små barene :)

  9. Linda
    15:52, 23 Feb 2019 / 15:52

    Hurra for ein kjekk og nyttig bloggpost!! Internetthandel var ein av dei positive argumentene for å flytte heim att for to år sidan. Også prøver eg sjølvsagt å støtte dei lokalbutikkane eg synes er skikkelig bra og ønsker å beholde (utan å havne heilt i luksusfellen…). Bestillingsutvalget på polet er veldig bra. Sjølv om vi har lokalpol kat 1 har eg latt meg overbevise av Ingvild Tennfjord til å bestille først, også plukke opp portofrie varer på det lokale polet. Genialt. Takk for finfin blogg og inspirerande instagramkonto. Har fulgt den i mange år og setter skikkelig pris på det både i barnefri Londonversjon og fullfamilie Lærdalsversjon? ha ei finfin helg ?

  10. Isabel
    22:05, 23 Feb 2019 / 22:05

    Å, takk! Jeg smakte sånn pistasjkrem på Sicilia i 2011 og har angra helt siden da på at jeg ikke kjøpte et glass. Også har jeg søkt på pistasjhonning, fordi det var sånn det ble beskrevet, som honning og ikke krem. Nå har jeg bestilt et glass fra Olivenlunden ? Gleder meg til den kommer ?

    Btw: Fredag er litt sånn for meg som du beskriver disse butikkene, litt luksus i hverdagen på en måte. Det er så stas å ha en fransk håndsåpe som lukter fantastisk og har så fin etikett i stedet for vanlig lano, bare.

  11. Mari
    12:36, 24 Feb 2019 / 12:36

    Mariage Frères er mitt hverdagstempel blitt, og det er takket være deg jeg ble introdusert for merket for noen år siden. Så takk! Har kun kjøpt te hittil (hamstrer når jeg er hjemme i Stavanger, der har de ihvertfall deler av tesortimentet på Ostehuset), men nå må jeg få testet ut noe av det andre også ser jeg. Hilsen tesnobb.

  12. Inga
    04:55, 27 Feb 2019 / 04:55

    Elsker dette SÅ mye. Har hatt filter coffee-abonnementet fra Coffee Collective fast i fire år nå. Klarer ikke bytte fordi jeg er så fornøyd. Bruker også bestillingsutvalget til Vinmonopolet mye selv om jeg har veldig bra pol i nærheten i Oslo. Tenk at vi har tilgang til et så enormt bra utvalg og kan bestille det til nærmeste pol/postkontor uten å betale frakt. Monopol er livet! Det siste jeg bestilte var:

    – Meinklang Naken Grüner Veltliner. Vår på flaske og et skikkelig kupp til 155,-. Tror den er helt perfekt til en salat med fersken- og aprikosbalsamicoen. Luktet skikkelig fersken og blomster.

    Ellers må jeg tipse om et øl jeg er veldig stolt av som blir tilgjengelig nå på fredag i BU. Humlepupp! Brygget i bryggeriet mitt med masse dyktige bryggeridamer fra inn- og utland. Det er en Saison med moreller og kirsebær gjæret med Chablis-vingjær. Jeg husker at du tipset om Eiker sin Saison de Framboise for lenge siden (ølautist) så jeg tror den kan være noe for deg!

    • Mariell
      Author
      10:49, 27 Feb 2019 / 10:49

      Eg tenker kvar dag på kor god den kaffien er. Så sjukt godt. Men saknar Wendelboe, da, så eg må ta det litt annakvar.

      Eg har den Meinklangen i vinhylla, hehe! Eg har nemlig eit problem post-graviditet: eg toler ikkje så godt raudvin og eg toler ikkje så godt humlete øl. Blir heilt raudprikka i fjeset og varm, så sjukt weird og IRRITERANDE. Så eg drikk champagne og sprit og kvitvin. HEHE. Me kosar oss med Bareksten sin gin for tida!

  13. Inga Oskal Eidsvåg
    11:43, 27 Feb 2019 / 11:43

    Åh, så bra! Gled deg til den! Var så redd for at noe sånt skulle skje med meg også (fødte for 8 uker siden), men jeg har ikke merket noe ennå. Drikker nesten aldri rødvin lenger, men det tror jeg heller er fordi det er vår i lufta. Bareksten sin gin er fantastisk! Det er jo så mye spennende som skjer på sprit-fronten for tida. Jeg giftet meg gravid (urutinert) i fjor høst og vi ønsket oss bare champagne. Så glad for det nå!

    • Mariell
      Author
      11:52, 27 Feb 2019 / 11:52

      Ja, eg håpar det gir seg når eg sluttar å amma. Men det er jo ei stund til!

      GRATULERER! Så gøy!! Ja, det var jo urutinert. Men ikkje så uvanlig, hehe. Det berre klikka for meg då eg hadde født Edda så da bestilte eg sjuke mengder vin og champagne, lever godt på det enda. Dei såg rart på meg på postkontoret, lovar eg.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *