Ti år av februar

2009

I februar 2009 gjekk eg mitt siste år på Firda på Sandane, og livet mitt var typ nøyaktig som på NRK-serien Lovleg. Fun fact: me gjekk eit av åra våre saman med Kjersti som har skrive Lovleg, så eg kjenner meg ekstremt godt igjen i det vgs-livet ho skildrar. Har vore på ekstremt mange festar i hybelhuset, og eg budde saman med Fredrik opp bakken over det forlatte hotellet. Me reiste på “russetur” til Amsterdam og budde fem stk på eitt hotellrom og spaserte uberørte gjennom Red Light District, som ein gjer når ein er 19 år. Då Christine og eg reiste tilbake dit for typ fire år sidan var eg fysisk uvel då me ved tilfeldigheit gjekk forbi.

2010

I 2010 budde me i Oslo, vår første Oslo-vinter. Eg gjekk på fotoskule og dreiv egentlig og bestemte meg for å droppa ut. Sara var innom typ ni gonger i veka, det var lajvet.

2011

I 2011 budde eg i Paris, det var mine to månader av Rumspringa, er så glad at eg fekk dei. Det same året flytta me jo til London og vart bråvoksne. Men februar 2011 var ein eksplosiv månad av sjølvutforsking og sjølvstende. Og herregud for ei flaks eg hadde her. Eg levde jo som ein konge utan å tjena nokre pengar i det heile tatt, og fekk plutseleg eit stipend frå Noregs Mållag for å laga magasinet som eg var der for å laga, og vips! Så var det i orden likevel. I løpet av dei to månadane eg budde i Paris kom nesten alle vennene mine på besøk, det var ganske magisk. Ei tid då vennskap liksom styrte livet, ei veldig fin tid.

2012

Vår første vinter i London. Me budde i ein liten veldig vanilla leilighet i Lewisham, kvardagen var heilt nøkter men helgene hadde gullkant til pass. Frøy var på besøk, og me gjekk på Ladurée med Carrie og Lucy, ganske herleg må eg seie. Hugsar at eg græt då Frøy reiste heim, var enda ikkje sikker på vennskapa mine i London og det føltes så trygt å ha ho der ei lita stund. Jostein og eg var óg tilbake i Paris ein tur, på det øverste bildet kan ein sjå Derrick som eg budde saman med, og Kentaro som for evig er eit mysterium.

2013

Februar 2013 var ein rar månad. Me dreiv med innspurt på romanen vår, og flytta denne månaden heim til Lærdal. Leigekontrakten vår gjekk ut og me ville ikkje bruka tid på å flytta og finna leilighet, så istaden satte me alt me eigde til lagring og reiste heim for å skriva i ro og mak. Kanskje var det her det planta seg, frøet om at me måtte heim, kven veit. Eg hugsar at rett før me flytta kjøpte eg te for typ 500 kroner i panikk for å leva utan, var redd for at Jostein skulle finna det ut, typ. No bestiller eg den samme teen over internett. Elskar internett altså.

2014

Februar 2014 var ein månad av døden og livet. Me reiste heim for å gå i gravferd til mi fine mormor, eg var trøytt og trist og forvirra. I Oslo feira me Christine sin bursdag og kosa med vår ferske nevø som var så vanvittig liten. Veslesøster kom på besøk til London og me festa hardt med Mariell på Haggerston, best var det etter stengetid.

2015

Me hadde frukostklubb med Mariell, i vår fine nye leilighet, sat på benkar i Peckham og festa med framande. Mariell og eg hadde friendiversary og fekk manikyrar for å feira. Eg føler at dette kanskje var året då eg vart så sjølvsikker, eg syns eg ser det i blikket mitt. Me fekk besøk av søstra til Jostein med nevøen vår som no var eit heilt lite år og gjekk på Hackney City Farm saman. I mars bestemte me oss for at me skulle flytta heim i april det neste året, i juli same året gifta me oss.

2016

Februar 2016 handla mest om at eg var gravid, igrunn. Fem månader på veg. Saga låg der inne i magen og eg var litt redd, litt sliten, men mest glad. Me åt mykje pannekaker, fekk ein heil pose med fine ting frå landladyen vår då me var på besøk hjå dei i Brighton for siste gong, og me fekk besøk frå vår eldste niese og nevø. Så fint besøk, me kom kvarandre så nære. T og eg gjekk på Liberty og kjøpte eit antrekk til ho, eg stod utanfor prøverommet med hjartet i halsen for det var så fint.

2017

Februar 2017 var eg blitt mamma! Og faktisk ein ganske driven sådan. Eg var så himla glad her, hugsar eg. Me planla vår første kjøkkenhage, me naut sola, livet flaut på. Det var ein veldig kvardagsfylt månad, men i topplokket planla eg noko stort, nemlig å starta butikk.

2018

I fjor. Me feira morsdagen med dei fine mødrene våre, Saga hadde nettopp begynt å få langt nok hår til at det krølla seg. I magen voks Edda, i hjartet voks uro. Eg ømmar for meg sjølv i 2018, det var eit tungt år. Men eg kjempa på, vil typ gi meg sjølv ein klem for det. Laga til så Saga fekk eit leikerom i tilknytning til stova, bestilte nye deilige varer til butikken og var åleine med Saga om dagane (ho byrja ikkje i barnehage før i august i fjor).

Og i år, da? I år er langt bedre allereie. Me tok lærdom av i fjor, eg er så takksam for det.

Og forresten vil eg passa på å sei tusen takk til alle som har høyrt på podcast-episoden av Frilanslivet. Det varmar veldig å høyra at de likte den, det er jo alltid så nervøst å snakka for eit nytt publikum og da er det godt å vita at ein har gamle venner med på lasset óg

Share:

6 Comments

  1. Hanna
    22:28, 20 Feb 2019 / 22:28

    For et fint innlegg! Og utrolig merkelig å tenke at jeg har fulgt deg/dere helt siden dere bodde i Oslo. Jeg blir minnet på hvor fort tiden flyr, og livet flyter av gårde…

    Forresten, kanskje du kan lage et innlegg om hva slags te du pleier å bestille på nett? Det vil jeg se.

  2. 06:45, 21 Feb 2019 / 06:45

    ååå så fint! og morsomt, for i ditt tilbakeblikk så kan jeg se et slags speilbilde av hvem jeg var på den tiden da jeg leste om det? så artig og fint og litt underlig at jeg har fulgt dere så lenge. tiden altså, for et konsept.

  3. Lena
    03:11, 22 Feb 2019 / 03:11

    Åååååå Mariell, du er så god og fin og øm og skjønn. jeg håper jeg en gang blir noe i nærheten av hva du er. Makan til kvinnfolk da :’) <3

  4. Ingvild Marie
    11:42, 22 Feb 2019 / 11:42

    Altså så fint og inspirerende! Jeg får også lyst til å bli flinkere til å dokumentere livet, særlig gjennom bilder, for å kunne se tilbake og vite så godt hvordan livet har føltes i ulike perioder. Hurra!

  5. Gunnhild
    18:50, 22 Feb 2019 / 18:50

    Elsker lange innlegg, du skriver så godt, og jeg kjenner meg sånn igjen i deg! Stor klem

  6. emma
    12:07, 25 Feb 2019 / 12:07

    så merkelig vakkert å huske nesten alle disse bildene. tusen takk, mariell <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *