Februar, så langt

Februar er halvvegs allereie, det er jo heilt utruleg. Det er til og med vårkjensler ute, eg vil i gang med nye prosjekt og kosar meg med dei me har. I veka som kjem leverer me ein gigarapport, og i mars skal me ha det bittelitt roligare. Denne veka hadde me inspirasjonsdag med Tone heime hjå oss. De har kanskje aldri sett eit bilde av Tone, men utan ho hadde ikkje Fredag eksistert. Ho var leddet mellom næringsutviklingen og meg, og holdt meg i hånda heile vegen. Eg laga søtpotetsuppe som vart heilt sjukt god, og eg hadde tenkt å dela oppskrift men tok kun eitt bilde av suppa som vart blurry. Bedre lykke neste gong, I guess? Kva anna har skjedd i februar da? JO:

Morsdag! Eg hadde ein veldig god morsdag i år. Jostein hadde ordna blomar og eg laga ei heilt utruleg sitronmarengsterte. Som eg ikkje eingong rakk å ta bilder av før den var ete opp av oss og våre fire foreldre. Saga åt den med augene igjen, haha. Eg fekk eitt bilde av ein mini-pai som eg hadde laga i tillegg.

I februar har eg óg vore på Gamle Telegrafen, som er bygget her i Lærdal der eg har hatt ei utstilling oppe sidan november. Dette er hjarteprosjektet mitt akkurat no, eit prosjekt der eg følger ei dame her i Lærdal. Skal snakka om det så snart eg har fått jobba meir med det, enn så lenge er det ein skjør liten baby som eg må holda med begge hendene.

Her er vårt februarkjøleskap, forresten. Så dreamy.

Eg fekk mykje hårpynt i posten, det er våren som trengjer seg fram.

Eg tok med meg Saga på åleinedag, me tok bussen til Årdal og var med foreldrene mine ein heil dag. Me gjekk på kafé, biblioteket, besøkte verdens minste hund, besøkte oldemor og åt lapskaus. Også tok me bussen heim igjen, som vart eit sånt spetakkel. Ho sovna på bussen heim, så når me måtte bytte buss fekk eg heilt panikk. Eg måtte bæra ho og eit bilsete og posen min ut av bussen, og bussjåføren gløymte meg og opna ikkje døra bak og eg kom meg nesten ikkje av bussen og den bussen som eg skulle på begynte å køyra og eg skreik etter den og eg mista bilsetet på bakken og nokon på den bussen må ha sett meg der ute, så den stoppa. Bussjåføren kom ut, han hjalp meg inn, eg fekk hjelp av dei andre passasjerane til å setta meg ned og komma meg av. Sånn primitiv panikk, sånn primitiv hjelp, gråt i halsen. Men det gjekk bra. Ho sov seg inn i bilsetet, ut av bilsetet, ut av kleda sine og inn i pysjen, opp i senga. Ho sov heile natta, heilt utslitt av ein veldig innholdsrik dag.

Me opna butikken igjen, etter å ha hatt stengt i januar. Så godt å vera i gang igjen! Her er Saga som hjelper til med vindusutstillingen.

Edda vart åtte månader i går, og jentene blir meir og meir samkøyrte. I dag tidlig lærte me Saga å synga den morgonsangen frå friends “moooorning’s heeeeere the morning’s here sunshine is here”. Elskar å læra ho ting som berre er til min eigen underholdning.

Og her er Edda og eg i går, då me hadde høyrt på Frilanslivet-episoden med meg. Tusen takk for alle kommentarar, meldingar og mailar. De er så jækla fine.

 

PS: ser de den tanna, eller?

Follow:
Share:

8 Comments

  1. Camilla
    14:40, 16 Feb 2019 / 14:40

    Hvor er sengetøyet til Saga fra? :D

    • Mariell
      Author
      14:50, 16 Feb 2019 / 14:50

      Garbo & friends. :)

  2. Karoline
    13:52, 18 Feb 2019 / 13:52

    Utruleg vittig bilde av Saga sovande på sofaen :) Armane bak hovudet i sånn superavslappa stilling liksom :)

  3. 19:54, 18 Feb 2019 / 19:54

    Elsker bloggen din – blir så glad når jeg ser ekte familier !!!
    Hvor er det fine barne beduin teltet fra ?!

    Hej Hej Karoline // Købehavn

  4. 08:36, 19 Feb 2019 / 08:36

    så innmari fin februar så langt! sitronmarengsterte <3

  5. 12:25, 19 Feb 2019 / 12:25

    Ååå. Jeg har vært litt fraværende fra bloggverdenen en stund, nå lister jeg meg tilbake og din blogg slutter aldri å gi meg et smil om munnen. Så utrolig koselig, hverdagslig, akkurat nok ærlig og alltid de fineste bildene!

  6. Tale
    12:27, 20 Feb 2019 / 12:27

    Det høres ut som et godt februarliv, bortsett fra det med bussturen :-/ better luck next time, får man vel si :-)

  7. Dora
    15:21, 25 Feb 2019 / 15:21

    De hårspennene!?
    Kunne du tenke deg å røpe hvor du har kjøpt dem?
    Skjønner godt hvis du vil ha dem for deg selv?, for hvis jeg får vite hvor ❤?❤-spennen er fra, kommer den til å være i handlekurven innen meget kort tid?
    Bloggen din er forresten alltid et velkomment avbrekk , så mye fint å se på og godt skrevet!
    Har dessuten sjukt respekt for alle selvstendig næringsdrivende, som tør å satse( jeg hadde ikke turt?), og i tillegg er dere foreldre til to små barn…..blir helt matt bare ved tanken!
    Hvis du noen gang tviler på deg selv, og/eller har en dårlig dag, så husk at det er mange der ute som ville ligget vuggende i fosterstilling etter -max- 4 timer av hverdagen din?
    Ønsker deg alt godt videre.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *