Den etterlengta fred-dagen

Eg har hatt ei sånn rar veke, eg klarar ikkje heilt å setta fingeren på det. Berre ei uro, ein vag rar følelse i kroppen, ei total kjensle av at eg ikkje strekker til, ei kjensle av at denne veka blir ikkje bra uansett. Tårer som pressar seg på utan at eg forstår kva som skjer med meg.  Ein kombinasjon av hormon og press, ein dårlig kombinasjon sådan. Sånne mikrodepresjonar har eg hatt heile livet, dei kjem og går og det eg brukte å gjera var å bli i senga eit par dagar også gjekk det over. No big deal. Men. Når dei møter alle morskapskjenslene blir dei desto meir eksplosive, og eg er så mykje hardare mot meg sjølv. Ei potetstappe blir det som tippar meg over kanten, liksom.

I dag var det eg som hadde jobbdag og då bestemte eg at eg måtte ut av huset. Så eg reiste ned i butikken for å senda ut bestillingar og flytta rundt på alle møblar. Me har fått nye hyller som eg andektig putta nye varer inn i, hamra spiker i veggen og tok meg tid til å oppleva flyten i butikken sjølv. Og det gjorde meg så godt, å ha drag queens på øyret i timesvis og berre gjera ting, få ting unnagjort, føla meg konstruktiv.

No søv begge jentene. Det står enchiladas i ovnen, Jostein er ute og hentar ved. Mamma har vore på Meny i Sogndal og kjøpt amalfisitronar og ricotta til meg. Sakte, sakte, kjem eg tilbake til meg sjølv.

God helg til deg som les. Det skal eg óg prøva å ha

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *