Romantikk, middagsplan

For eit par veker sidan gjorde Jostein og eg noko ekstremt spennande: sat ein kveld etter ungane hadde sovna, og skreiv ned alle middagsrettar me kunne komma på i eit numbers-dokument. Jostein elskar numbers, han må liksom holda seg for å visa for meg akkurat kor mykje han elskar numbers. Men eg veit det nok. Berre sjå på fargekodingen!

Uansett. Fleire av dykk ville sjå denne middagsplanen, så no deler eg den!

Me skreiv ned rubbel og bit av det me kunne komma på, og bestemte av me kun skal ha middagsplanar for måndag til torsdag, så me framleis skulle ha mykje rom for spontanitet og kreativitet i matlagingen. Me starta med oransj veke. Forrige veke var den lyse rosa. Og denne veka skal me ha blå. Seibiff, pasta, couscous, pølse og potetstappe.

Dei som er merka som grå, eller dei som er umerka, er rettar som ikkje kom med i denne omgang. Kvar veke har sitt eige ark i numbers-dokumentet, og kvart ark har si eiga handleliste. Det vart enklare å strukturere når kvar dag hadde sin type rett, syns me. Så øverst i kolonna kan de sjå kategoriane for vekedagane. Så langt har det vore heilt himmelsk å både sleppa å tenka på kva me skal eta til middag og samtidig få eta berre ting ein veit at ein likar. Enn så lenge har me fem veker planlagt, og etter dei fem vekene skal me gå over på ei veke der me kun testar nye rettar. Det blir óg spennande! Også syns eg det gir ei ganske god oversikt over korleis me et, t.d kor mykje kjøtt et me egentlig i denne familien? Ein fin ting me har gjort dei siste månadane er at me har hatt middagsklubb med Jostein sine foreldre. Me bur jo på same gard og det er så fint å av og til eta middag saman. Syns ein bør gjera det meir, eta i lag på ein heilt kvardagslig måte.

Saga sine favorittar er:
Panert fisk med poteter. Risotto med søtpoteter. Spaghetti Bolognese. Tacoskål. Også typ alt som er på torsdagslista, for der er det berre veldig enkel og rett fram-mat eller sånt som er spicy og det elskar ho.

Vår middagsfilosofi er at me lagar den maten me har lyst på også et Saga så mykje som ho et. Vanligvis så et ho bra til middag og er alltid skrubbsvolten etter barnehagen sjølv om me hentar ho klokka tre. Men om ho ikkje skulle komma til å eta så mykje (spesielt er dette om rettar som er meir utfordrande praktisk, som salatar og den slags) så får ho ein deilig kveldsmat istaden. Eg ser jo på planen at me et ganske annleis enn me gjorde før me fekk ungar, då var potetstappe veldig eksotisk for oss og no er det ganske kvardags. Ein veldig lur ting eg gjer, apropos potetstappe, er å setta ketsjup i ei skål på bordet, og kalla det for “raud saus”, for det vil ho ihvertfall ikkje ha.

Eg ser jo no at nokre av rettane ikkje heilt forklarar seg sjølv, men at Jostein og eg veit kva dei forskjellige navna betyr. Så spør gjerne i kommentarfeltet så kan eg heller svara dykk der, det er jo så koseleg med litt aktivitet der óg! Og del GJERNE middagsoppskrifter, eg elskar å prøva nye greier.

Follow:
Share:

17 Comments

  1. 00:27, 21 Jan 2019 / 00:27

    Lurt!! Del gjerne oppskrifter du og da <3

    Vår enkle løysing når vi får lyst på sushi – men kjem pp at vi bur på bygda- den må evt plasserast anten på fisk eller salat. Likar du sushi? Anyways

    Kokar jasminris saman med ein dæsj eddik og ein dæsj sukker (istaden for dyr sushiris og sushieddik) har dne i ein skål og lèt den verte lonka

    Skjær opp salmalaks, mango, avokado, vårløk

    Ha ris nederst i skåla (poersjon), så det som er oppskjært over her – ha på sesamfrø og soya saus! Dette er nydeleg lett .. kan avansere sjølvsagt men

  2. Gunhild
    13:06, 21 Jan 2019 / 13:06

    Herlig med middagsplanlegging! Vi har matkasse nå, så deilig i hverdagen å bare å ha noen få alternativ å velge mellom! Kan du ikke legge ut oppskrift på risotto med søtpotet og mezze med hummus og pita? :)

  3. Astrid
    15:04, 21 Jan 2019 / 15:04

    For en god idé! Dette taler både til matentusiasten og systemfriken i meg! Jeg har lenge grublet på å lage et slags system for å raskt komme på enkel hverdagsmat og planlegge menyen. Dette tror jeg må være midt i blinken! Gjett hva jeg skal i kveld! *klapper i hendene*

  4. 17:42, 21 Jan 2019 / 17:42

    GOALS! Elsker denne type innlegg. Må ærlig innrømme at jeg aldri har brukt Numbers før, men nå skal det lages regneark over en lav sko her.

  5. Line
    19:30, 21 Jan 2019 / 19:30

    Spagetti med brent smør og parmesan! Det høres kjedelig ut, men smaker så trygt og deilig, søtt og salt og nøttete. Også tar det 11 minutter å lage.

  6. Marit
    22:14, 21 Jan 2019 / 22:14

    Åh, jeg elsker det! Så masse inspirasjon, PG fin hverdag!

    En av mine nyeste favoritter på middagsfronten er fiskeburger. Altså fiskekaker i burgerbrød, med ost og salat og alt som er digg. Og søtpotetfries hvis jeg gidder. Raskt og enkelt!

  7. Maiken
    23:21, 21 Jan 2019 / 23:21

    Spekeskinkesurra kyllingfilet fylt med bøffelmozarella og fersk basilikum! Salt og pepper + heimelaga potetstappe med små tomater og store tomater som salat til. Steik kyllingen først i panna før den går inn i omnen på 200 grader i omlag 20 minutt medan du fullfører potetstappa og kuttar opp tomatene! Megadigg helgekos eller luksusmåndag.

  8. Kristine
    13:43, 22 Jan 2019 / 13:43

    Middagsplaner gjør livet bare så mye enklere. Det er litt det samme som å planlagge antrekket dagen før. Når det ikke krever noen hjernekapasitet og det bare er om å gjøre å gjennomføre planen, så går det mye fortere.

    Mitt beste middagstips:
    – fiskegrateng <3 En slager som er genial å fryse ned. Best med råkostsalat av gulrot, eple og sitron og masse smeltet smør.

    Og til helgemat, så vil jeg slå et slag for bakt potet (både den gode gamle, men også søtpotet)

    • Mariell
      Author
      21:16, 22 Jan 2019 / 21:16

      I know right?

      Me har begynt å putta riseddik i råkostsalat, megagodt!

  9. I
    20:46, 22 Jan 2019 / 20:46

    Dette inlegget ble jeg bare glad av!

  10. 05:54, 23 Jan 2019 / 05:54

    This is so organised! My roomie and I should probably come up with some sort of schedule so that we’re not texting each other midday trying to scrounge up an idea for that night’s dinner :P -Audrey | Brunch at Audrey’s

  11. Kathrine
    22:57, 23 Jan 2019 / 22:57

    Dette var sårt trengt inspirasjon! Eg og sambuaren min har vore flinke til å planlegge middagar før, men så kom vi ut av rutina. Det har rett og slett gjort meg lei matlaging fordi eg aldri veit kva vi skal lage. Men no skal eg sette meg ned i helga og lage lister til den store gullmedjale!

  12. Lizzy
    14:21, 24 Jan 2019 / 14:21

    En av mine nye favoritter er quiche. Den er så enkelt å lage, spesielt om du bruker ferdig deig, og du kan jo lage fyllingen med alt mulig som du har lyst på.
    Anbefaler denne oppskriften her med tørkede tomater: http://allrecipes.co.uk/recipe/24312/chorizo-quiche.aspx
    Jeg bruker vanligvis en større form og lager den med 3 egg og 250ml melk til eggeblandingen.
    Hilsen fra London!

  13. Katrine
    19:16, 25 Jan 2019 / 19:16

    Soyasmør er min store favoritt i livet. Smelt smør til det er ferdig å skumme, ha i soyasaus med mindre salt, og ein dæsj sitron. Heilt sjukt godt med stekt torsk, potetmos og erter! Godt til laks og potetmos også! Og panert fisk og potetmos.

    Chana masala er veldig enkelt i kvardagen

    Potet og purrelauksuppe med focaccia. Eg pleier å lage ein stor porsjon med begge deler og fryse ned i mindre porsjonar.

  14. Marit
    15:05, 20 Jun 2019 / 15:05

    Har tre supper i heavy rotation:
    -Tomatsuppe med linser og gulrot + egg og makaroni https://www.veganeren.com/2012/08/tomatsuppe-med-linser-og-gulro/
    -Tomatsuppe med svarte bønner. Då steiker me lauk, chili og kvitlauk, har i tomatboks og svarte bønner + buljong. Stavmiksar. SÅ godt. Best med sprøsteikte tortillas, koriander og rømme.
    -Fiskesuppe med lettsalta torsk, alle laukane me finn, gulrot, fløyte, kvitlauk, smør og MASSE lime. Får vatn i munnen av å tenkje på den.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *