Min første baby

Saga har byrja å skrelle klementinene sine sjølv. Jostein og eg såg på kvarandre i sjokk for nokre dagar sidan då ho sat ved eit bord, utan noko fanfare, og skrella ei klementin som om det var ingenting.

Når skjedde det? Og når vart håret hennar så langt i nakken, forresten? Og når vart den pysjen for liten? Og kvifor kan ho å sei ordet youtube? Og kvifor kan ho å synga den Baby Shark-sangen som eg berre har oppfatta i periferien at den finst? Og kven har lært ho å perla perler på ei snor med sylskarp presisjon?

Det var jo nettopp. At ho leita etter brystet mellom oss i senga, i mørket, gjennom natta. Den vesle munnen som kastar seg imot skeia med babygraut, eg har vispa ut absolutt alle klumpar. Tommelfinger og peikefinger som øver seg på å plukka opp brødbitar og bananbitar, bananbitane er glatte og sklir på golvet, eg bryr meg ikkje med å plukka dei opp, eg orkar ikkje, eg er for trøytt, men eg veit at eg skal komma til å trampa i dei seinare.

Det var jo berre for ein augneblink sidan at eg sat på eit hotellrom i Bergen og gret fordi eg trudde me var ferdige med å amma, ho var ni månader gamal og nekta å eta. Det var jo berre nettopp at eg gav ho ein grautpose kvar einaste morgon for å få sova ein halvtime ekstra medan ho kosa seg gjennom den.

Og no. Ho er så stor. Held glaset og drikk med begge hendene. Et ei grillpølse i store jafs. Dekkar på bordet med rett bestikk til alle tre før middag. Legg fata i oppvaskmaskina etterpå. Matar veslesøster si med den same grauten ho sjølv pleidde å eta. Heng opp dressen sin på knaggen og legg støvlane sine i korga. Minnar oss på ting me har gløymt.

Og skrellar klementinene sjølv. Det er nesten ikkje til å tru. Eg blir panisk, prøver å hugsa sist gong eg filma ho, ansvaret av å foredla barndommen ligg så tungt på meg av og til.

Heldigvis at ho spør meg, klokka halv seks om morgonen, «er det plass i senga di, mamma?» og kryp opp på armen min. Også seier ho «du må sei at eg er den første babyen din» og då smeltar eg av kor mykje ho framleis skal trenga oss, sjølv om ho lærer så mykje kvar dag.

Så da seier eg det. «Du er den første babyen min». Og snusar ho i hovudbotnen, og minnar meg sjølv på at dette. Dette er faktisk barndommen hennar.

Share:

14 Comments

  1. Caroline
    13:56, 18 Jan 2019 / 13:56

    Snufs! Du skriver så fint! Akkurat sånn er det, jo. Min lille gutt ble fylte akkurat 1 år, og jeg skjønner ikke hvor det året tok veien. Han var jo akkurat en pitteliten pakke som spiste pupp all sin våkne tid. Nå stabber han rundt og undersøker alt, klapper og prater og langer nedpå brødskiver. Godt å lese at andre har det på samme måten når hjertet brister over at tiden går for fort.
    God helg til deg og klementinskrelleren!

  2. 14:00, 18 Jan 2019 / 14:00

    Saga is growing up so quickly but she’ll always be your first baby! Her smile is so joyful :’)

  3. Ester Lill
    14:47, 18 Jan 2019 / 14:47

    <3 <3 <3

  4. Karin
    18:39, 18 Jan 2019 / 18:39

    !!! Sånn er det.

  5. Kari
    11:31, 19 Jan 2019 / 11:31

    Nå måtte jeg gråte litt på T-banen. Nydelig!

  6. Ida
    11:32, 19 Jan 2019 / 11:32

    Du skriver så vakkert og så sant! <3

  7. Astrid
    19:43, 19 Jan 2019 / 19:43

    Kjærleik <3

  8. marte
    12:05, 20 Jan 2019 / 12:05

    Nå måtte jeg gråte en liten skvett :´) Så fint <3

  9. Isabel
    22:06, 20 Jan 2019 / 22:06

    Åååå ❤️❤️❤️ akkurat sånn er det. Jeg har jo bare rn, og nå er han så stor, men jeg vil bare at han skal være babyen min for alltid, selv om det er helt fantastisk og utrolig å se han vokse opp.

  10. SaraW
    00:29, 21 Jan 2019 / 00:29

    No gret eg <3 det er så sant. Takk for at du minner meg på det. Vi har feira eitt års dag idag og eg forstår ingenting av denne tida.

  11. Maria
    11:23, 21 Jan 2019 / 11:23

    Dette er det fineste og vanskeligste av alt. Må bare grine litt, jeg <3

  12. Karoline
    12:56, 22 Jan 2019 / 12:56

    No måtte eg skjerpe meg for å ikkje begynne å tute her på jobb. Noke so godt beskrivande. Kjenner meg grådig att <3 Guten min veks so fort. Synes eg ser dokke då Saga skrelte klementinen :D

  13. Lena
    22:10, 25 Jan 2019 / 22:10

    Dette er det finaste eg har lese. Nokon gong. For det er jo akkurat sånn det er. Eg måtte le når eg las det om YouTube og babyshark songen, det et akkurat likt her med mi som er jamngammal med di. Det er litt sørgmodig at dei veks så fort, men så er det jo veldig fint og!!

  14. Silje
    20:35, 22 Mar 2019 / 20:35

    Nydelig skrevet! 😍 Slik er disse første årene.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *