Den kjappe torsdagslista

Kor lenge sov du i dag?
I dag sov eg til klokka var kvart over åtte, då gjekk alarmen min og Edda vakna. Så låg me og slumra og kosa til klokka var kvart på ni og da gjekk eg inn og vekte Saga, som sov tungt på rommet sitt. Me har barnehageplass frå 8:30-15:15, men veldig ofte er ho ikkje i barnehagen før klokka er halv ti. Ganske luksuriøst og deilig. Forrige veke starta me sovetrening på Edda, og det har gått så fint. Altså, det er brutalt med skriking i starten, men i går kveld sovna ho klokka åtte, sov til klokka var halv fem i natt, fekk mat og sovna igjen (i senga si) til alarmen gjekk. Utruleg å berre få ligga tett i tett med mannen sin.

Kva har du gjort i dag?
Eg har hatt Edda-dag i dag. Jostein og eg deler 50/50 på permisjonen no, og har annakvar dag. Akkurat no er me i ein sånn ryddestim i heimen, så mykje av tiden då Edda sov sprang eg rundt og rydda forskjellig. Også har eg gjort innkjøp for Fredag, jobba med å setta opp den nye nettbutikken (me skal ha felles lagersystem på nett og butikk framover, mykje arbeid!), svart på eit intervju for Lev Landlig og betalt husleiga for butikken. Og baka ei banankake med fire bananer som var nesten beyond salvation. Svigermor henta Saga i barnehagen og i mellomtiden laga eg middag. I dag: kylling tikka masala á la Sarita. Det var stor suksess, eg er så forelska i middagsplanen vår. Nokre skreiv forresten i innlegget under her at dei ville sjå middagsplanen vår, og det syns eg er litt pinlig å visa fram men eg kan kanskje gjera det likevel?

Uansett. Svigers har vore her borte på kaffi (min favoritt er når Saga sit på kjøkkenbenken og hjelper meg med forskjellig: å vega opp kaffibønner og trykka på knappen i kverna, tømma over kaffien i filteret og skru på traktaren og sjå lengtande mot forfriskningane), banankake og Hakkebakkeskogen-filmen, og Saga holdt meg hardt i armen då piggsvinet ville eta Bestemor Skogmus <- så koseleg å få vera den vaksne som viser at det er trygt. Svigermor tok leggingen med Saga, så sjukt deilig å ha så mange ekstra armar som gir oss så mykje i livet. No har eg nettopp lagt Edda, og snart skal me finna ut kva me skal rydda for kvelden og sjå Escape to the Chateau som er min nye favorittserie I LIVET. Eg klarte ikkje å sitta stille då me såg den første episoden i går kveld. Ah, å ha fire sesongar framfor seg.

Kva gjer deg glad?
Akkurat no er eg generelt veldig glad. Eg er veldig glad i huset mitt, garden min, butikken min. Å rydda og føla at eg har oversikt over kva me har. At det er nye hyller i butikken som eg skal fylla med deilige nye varer til me opnar igjen. At eg har ansatt nokon éin dag i veka og kan fokusera på dei bitane av Fredag som treng meg mest. At me skal på hytta neste helg, og at Saga får prøva å stå på ski for første gong. At bildene mine heng på utstilling i Lærdal akkurat no. Å tenka på kva slags vårduk eg skal kjøpa meg. Å tenka på at sola kjem tilbake om berre to veker.

Kva tenker du mest på akkurat no?
2019 og kor vaksne me har blitt, alle saman. Folk driv og giftar seg og får ungar og hundar og hus og nye jobbar og det føles så surrealistisk og mest av alt så fint.

Korleis håpar du å avslutta dagen?
Ein liten skype med Caitlin i London, som eg saknar så det skrik. Håpar at Jostein skal laga ein forrykande gin tonic til meg (med grapefrukt og St-Germain!) og at me skal gjera noko konstruktivt ilag i kveld óg. Så himla klisje, men eg føler at dei neste månadane skal eg rydda meg meir forelska i mannen min. Pinlig! Men no skreiv eg det! God kveld!

 

Liste frå Elsa!

Share:

17 Comments

  1. Astrid
    21:30, 10 Jan 2019 / 21:30

    Sånne her innlegg er så fine! Så stas med masse aktivitet på bloggen i det siste. De fineste orda og de fineste bildene. Takk!

  2. Hanne
    08:25, 11 Jan 2019 / 08:25

    Men hvor kan jeg se Escape to the Chateau???

    • Mariell
      Author
      15:33, 11 Jan 2019 / 15:33

      Me ser direkte på Channel 4! Eg brukar ein VPN-sak som heiter Express VPN som lar oss sjå sånt som ligg ute for alle i England (og mange andre land, såklart, om me vil det). Om du prøver det samme: Channel 4 sin nettspelar er VELDIG intelligent, så ein må både skru på “London – UK” også stilla inn klokka på datamaskina på London.

      • Hanne
        17:12, 11 Jan 2019 / 17:12

        Takk, heltinne!!
        (du er blitt så innmari god til å besvare kommenterer i det siste; tusen takk!)

  3. Karen
    08:40, 11 Jan 2019 / 08:40

    Ja, hvor ser du Escape to the chateau? Jeg har bare sett to sesonger. Finnes det virkelig fire? Elsker den serien. <3

  4. Gunnhild
    09:38, 11 Jan 2019 / 09:38

    Akkurat det jeg trengte i dag. God helg! :)

  5. Marte
    10:21, 11 Jan 2019 / 10:21

    Ja til middagsplan! <3

  6. Karen
    10:27, 11 Jan 2019 / 10:27

    Ja, jeg vil gjerne også vite hvor du ser Escape to the chateau. Har bare sett to sesonger. Elsker den serien. <3

  7. Margrethe
    11:45, 11 Jan 2019 / 11:45

    Du trenger ikke svare om det er sårt, men jeg vurderer også den type sovetrening dere har gjennomført og man leser jo så mye forskjellig. Merker dere noen forskjell på ungene mens og etter at dere har gjennomført? Eg synes forresten du er veldig tøff som forteller hva dere gjør når man ser alt som skrives, kudos til deg.

    • Mariell
      Author
      15:43, 11 Jan 2019 / 15:43

      Mine opplevingar er at det er mirakuløst kor fort dei lærer seg å sovna. Og det sjølv om mitt barnepsykologiidol (som eg har høyrt på over hundre timar med podcastar med), Louise Hallin, seier at ein absolutt ikkje skal gjera det på denne måten. Men. For meg så handlar det om å vega alternativa opp imot kvarandre: er eg ein bedre og meir glad, meir tilstades forelder om eg søv om natta: ja. Å ikkje starta dagen bakpå, irritert, frustrert. Jostein og eg har det så mykje bedre. Det er alt.

      Og da blir det verdt det, sjølv om det er drithardt i starten. Og som eg skreiv i eit anna kommentarfelt her nylig, så drar eg alltid fram Saga og korleis ho er no, når eg tenker på det, for sjølvsagt har eg vore redd for at det skal ha påvirka båndet vårt og tilknytningen (som er det viktigaste i livet mitt, liksom). Men ho er så god på å sova! Og no er ho så stor at me les til ho på senga kvar kveld og det er så koseleg, men ho vaknar sjølvsagt mange gongar per natt frå ein draum eller andre ting, men sovnar stort sett alltid igjen sjølv utan å trenga hjelp ifrå oss. Så langtidseffekten har i vår erfaring vore veldig god. Men som du seier, det er ikkje enkelt å snakka om dette heilt opent fordi mange har sterke meiningar mot det, så om du lurer på ting meir konkret, så kan du berre maila. <3

      To ps: du treng ikkje å snakka med nokon om det. Det er 100% din business korleis du dealar med søvn og ungane dine. Me er ikkje skyldige nokon noko som helst. OG: om du går inn i ein slags CIO-variant, så ver sikker på at både du og partneren din er heilt sikre på dette. For ved minste lille tvil så merkar ungen det. Dei skal vera trygge i at den vaksne tek avgjerdene, liksom.

      • Margrethe
        18:57, 25 Jan 2019 / 18:57

        Eg ville bare takke deg for det fine svaret ditt. Vi kjører søvntrening nu i helga, og i dag sovna vesla raskere en ho mange ganger har gjort (til til tider frustrerende) byssing, så vi sitter her med lave skuldre og håp for en fin soveframtid.
        Smask på deg ?

  8. Kristine
    14:19, 11 Jan 2019 / 14:19

    Så fine innlegg du skriver for tiden! <3

  9. Mari
    14:27, 11 Jan 2019 / 14:27

    blir like varm i hjertet av å lese sånne innlegg som da du var i paris. i siste ende føler jeg alltid at kjærlighet gjennomsyrer alt som blir skrevet her, enten du er alene eller omringet av det!

  10. 22:07, 11 Jan 2019 / 22:07

    Så herlig innlegg Mariell <3 Og jeg syns ikke du skal være flau over å vise frem middagsplanen deres. jeg er sikker på at den er både inspirerende og lett å kjenne seg igjen i. Jeg er forresten også veldig glad i Saritas sine sauser. Spesielt butter chicken.
    Escape to the Chateau hørtes ut som noe for meg. Jeg elsker det meste som er britisk, og spesielt sånn sakte-tv som togreiser med Julie Walters og kanbåttur med Timothy West og Prunella Scales. Og når man får oppussing på kjøpet er det jo bare ren lykke. Jeg skjønner godt at du ikke klarte å sitte i ro ;) Håper dere får en fin helg!

  11. 08:57, 13 Jan 2019 / 08:57

    å, sånn her er så fint å lese! bloggingen din gjør meg varm og glad innvendig om dagen, og jeg er så takknemlig, for det er mørkt og lyspunkter trengs <3 tusen takk! og jeg har kjempelyst til å se middagsplanen; holder på med sånt selv, og syns det er gøy å hente inspirasjon fra andre!

    • Mariell
      Author
      10:43, 15 Jan 2019 / 10:43

      Tusen takk, fine du!

  12. Tale
    14:55, 14 Jan 2019 / 14:55

    Vil gjerne se middagsplan! :-)

Leave a Reply to marire Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *