Så veldig kvardag

I dag var livet som mest kvardag det nokon gong har vore, trur eg. Eg stod opp medan det framleis var SÅ mørkt ute (det gjer eg aldri, lever eit luksusliv), dusja, skundta både meg sjølv og familien min gjennom frukost og påkledning også leverte me i barnehage før me rusha vidare til butikken og varetelling. Vart heilt SNURRETE i hovudet av det, men me vart ferdige. Eg og mine to ansatte (!), med Michael Jackson og kjeks som bensin. Saga vart henta i barnehagen klokka tre og såg brannmann sam og åt “næxx” (snacks) medan me gjorde oss ferdige i butikken. Så heim, Saga sovna i bilen og då ho vakna var ho så svolten som ho aldri før har vore og vart trist, ikkje sint, då fisken var for varm og me måtte blååååsa og blåååååsa. Me har fire og ein halv liter H-mjølk i kjøleskapet fordi me begge har handla det. Eg har tatt ut Trumf-bonusen min og brukt pengane på parfyme. Edda har hatt feber og raude kjakar i dag, eg trur det er tenner på veg. No har me lagt begge ungane våre og sit og lagar middagsplanlegging og et Ferrero Rocher som me aldri kom oss til i jula.

Det er så morsomt at folk seier dei vil ha eit meir ekte blogg- og instagrambilde. For dette er det.Så himla sexy måndagar er.  I andre kvardagsprega nyhende, dette er ting eg tenkjer på for tida:


I kveld lagar Jostein og eg vekemiddagsplanar av våre eigne favorittmiddagar. Fem veker lagar me, måndag til torsdag. Jostein er i Numbers-himmelen akkurat no. Det er sånn halvt deilig og halvt too much vaksenskap for meg. Men det er ganske fint å vita at me er sparte for mykje “kva skal me ha til middag”-tankar dei neste vekene, eg vil ha fri frå det ei stund no! Eg vart tipsa i kommentarane om denne bloggen nyleg, familiematblogg, og eg likar veldig godt vibben. Det er bra og heimelaga norsk kvardagsmat, men ikkje traust.

 

I romjula såg Jostein og eg denne krimmen, det er ein adapsjon av ein Miss Marple-krim, men utan Miss Marple. Såg den på Sumo, den var superbra. Me har óg sett på sesong to av American Crime Story, men eg fekk dødsangst så me måtte stoppa. Så no lengtar eg allereie mot laurdag og ny episode av RuPaul’s Drag Race All stars. Ser på altfor mange klipp av Truth or Drink. Andre TV-seriar me ser på akkurat no er The Final Table (og siklar!), og Marie Kondo på Netflix. Blir så inspirert. Flyttar på alt i huset. Skaffar oss nye møblar og tenkjer nytt om korleis me lever livet. Elskar sånt. Det er så sabla januar, men på ein herleg frisk måte.

Tenkjer så mykje på hagen min. Fine fine hagen min. Eksploderer av lyst til å så og planta. Hanna Wendelboe skreiv ein liten samanfatning av kva ho gjer i januar. Også likar eg dette innlegget hjå Atilio der ho startar sin såsesong. For to år sidan forkultiverte eg masse greier inne, og det kjem eg ikkje til å gjera så mykje av i år, utanom kanskje nokre squash- og agurktypar. Men tomater kjem eg til å kjøpa planter til frå jordbruksskulen i Aurland, og det meste anna skal eg berre putta rett i jorda. Litt forvirrande var det forrige sesong, då fekk me null rødbetar og lite pastinakk og sellerirot óg. Skal gjera research for å finna ut kva som gjekk feil. Kjøper alle frø her, dei er dei beste i Norge. I år skal me også ha type grønnkål og svartkål og purre óg, sånt som ein kan hauste langt utover hausten. Også skal eg plassera ting utifrå kor høge dei blir, så ikkje det står erter og skyggar for mangolden, som sist. Åh, i sommar skal eg berre grilla og laga salatar og fotografera bryllaup.

 

No skal me eta kveldsmat og sjå på TV!

Share:

11 Comments

  1. 15:19, 08 Jan 2019 / 15:19

    Blir så fint å følge deg i 2019 <3

  2. Maiken
    17:37, 08 Jan 2019 / 17:37

    Ja til «sexy» måndagar. Det er dei det er flest av!

  3. Hanne
    23:57, 08 Jan 2019 / 23:57

    har skaffa gratis prøveperiode på Amazon prime kun for å se serien the marvelous mrs maisel -> anbefales sånn veldig veldig!

  4. 10:43, 09 Jan 2019 / 10:43

    Så utrolig lurt å planlegge middager for mange uker! Hverdagen blir så utrolig mye bedre uten daglige “hva skal vi ha til middag??”-meldinger!

    • Mariell
      Author
      11:10, 09 Jan 2019 / 11:10

      I know! Panikken har vore SÅ tilstades i kvardagen. No har me fem veker planlagt, i Numbers, og planen er at når dei fem vekene er omme så startar me berre på nytt, da er det jo lenge sidan veke 1. Me har planlagt måndag til torsdag, så har me litt spontanitet i helgene. :)

      • Cecilie
        15:41, 09 Jan 2019 / 15:41

        Trenger desperat inspirasjon! Dele femukersplanen?

        • Line
          18:36, 09 Jan 2019 / 18:36

          Enig! Ja, til litt ny middagsinspirasjon! Også er jeg så nysgjerrig på hvilken parfyme du kjøpte :)

  5. Pia
    17:14, 09 Jan 2019 / 17:14

    Hva heter den serien som er Miss Marple uten Miss Marple?

    • Mariell
      Author
      20:03, 10 Jan 2019 / 20:03

      Truuuur den heiter Ordeal by Innocence!

  6. 18:35, 13 Jan 2019 / 18:35

    Hverdagen er finfint! Ærlighet og herlighet <3
    Jeg har plantet frø i dag! Det gjør litt vondt å vite at nå må jeg ha stiklinger i stua i 4 måneder til det blir varmt nok på balkongen. Men det er verdt det, elsket balkonghagen i fjor og gleder meg til den i år også!

    • Mariell
      Author
      10:43, 15 Jan 2019 / 10:43

      Åh ja, det tek jo lang tid med stiklingar altså! I år orkar eg ikkje tomater som eg dreiv så mykje og dulla med forrige sesong. Men eg skal nok driva fram nokre graskar og squash, så dei må forkultiverast. Men ja, det blir verdt det! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *