

Kvart år, når våren kjem og eg byrjar å tenke på hagen vår, får eg heilt panikk når eg innser at toget allereie har gått. Dahlia-toget, altså. Men no more! 2018-Mariell tenkte at 2019-Mariell igjen kom til å gløyma dette, og skreiv derfor på kalenderen for 2.januar 2019: bestill Dahlia. Og no har eg gjort det! Eg har bestilt fleire typar Dahlia enn eg kjem til å innrømma her, men det er eg så verdt! Herregud som eg skal kosa meg med hagen min i sommar. I fjor snudde me berre ryggen til det totale rotet som var kjøkkenhagen vår og kosa oss med vår nye baby, men i år skal eg kosa meg med hagen óg, og dyrka så mange gode greier. Med Saga! I år kan ho jo faktisk vera med på sånt. For kvart år me bur her føler eg meg meir og meir knytta til årstidene og kva dei inneber for oss. Kanskje får me fleire Discovery-epler i år? Blir det like mykje moreller som i fjor? Eg gler meg til å sjå og læra mykje sånt i år. Snart skal eg bestilla frø óg, dei kjøper eg frå Solhatt og Runåbergs. Kva dyrkar de i år?♥
Bildene er frå denne bloggen, min blomsterinspo numero uno.
Så lurt!! Kor bestiller du Dàhlia frå?
Author
I år har eg bestilt på hageglede.no! Dei hadde mange sortar. Helst skulle eg ha bestilt frå Sverige, men dei sender ikkje hit.
Hvor bestiller du dahlia??
Author
Hageglede.no!
Så gøy! Her blir det bare sånt som kan sås på direkten i år ettersom jeg skal være borte hele våren, men på lang sikt gleder jeg meg sånn til å få en blomstrende hage og masse spennende grønnsaker. Årstidene blir så mye mer spennende da. Da er det ikke lenger bare sommer, men forsommer og midtsommer og sensommer, fordi det hele tiden skjer noe nytt. Ei uke er spinaten moden for høsting, den neste grønnkålen. Hageliv <3
å, så gøy! gleder meg allerede til bilder fra dahlia-prosjektet, hvis du vil dele <3