NINE

Her er mine best nine frå 2019, da. Haaaha, juuust kidding. Desse nydelege bildene er dei ni eg seinast har lagra på instagram. I 2018 slutta eg å lesa bloggar. Eg logga meg ut av bloglovin og logga aldri inn igjen. No har eg ein håndfull som eg oppsøker når eg har lyst, men å leva livet i loop, med konstant refreshing, har eg lagt bak meg og det var ein sånn lettelse. Instagram, derimot, held fram med å vera ein sånn inspirasjonsboost for meg og ein nødvendighet når eg researchar og tek inn nye varer og brands til Fredag. Så, her er nokre bilder eg har spart av forskjellige grunnar i det siste. Enjoy!

  1. Guuuud det er så mykje herlege saftige bilder på @vangoghdetails. Dei legg ut små detaljar av Van Gogh-maleri, vil trykka dei opp i ein gonger ein meter og henga opp.
  2. @saarmanche malar så nydelege delikate maleri at eg får lyst til å skriva historiar rundt dei. Elskar når det skjer.
  3. Og heime hjå @saarmanche ser det så luftig og reint ut, som det aldri kan sjå ut heime hjå meg men er fint på bilder.
  4. Vart heilt gal av kor fint dette var. Ein stor del av meg skrik at å gå med Chanel-bånd i håret i 2019 er det same som å henga Acne-posar på veggen i 2010 (been there). Litt harry, men også veldig fint og reint. Frå @jessalizzi.
  5. Dei finaste kaféane er i København, og dit lengtar eg alltid. Mot mi beste Frøy som bur der og å leva ut min danske fantasi. I 2019 skal me på interrail (!!) og då håpar eg at me skal få ein dag eller to i København. @chloecleroux
  6. @littlekinjournal legg ut bilder av born som er så vakre og så fjerne frå småbarnslivet som eg kjenner det. Ungar som sit i ro, som held blomar, som ser i kamera. Lurer på korleis dei andre 99% av kamerarullen ser ut dog, ehe.
  7. Me driv med eit byggeprosjekt i huset no i vinter! Me skal bygga sovealkovar på soverommet til Saga, så Edda kan flytta inn dit og dei får dela rom når ho er litt større. Såg desse nye alkovane hjå @whatdecoratesmyday og skreik (!) av inspirasjon. Eg tek med meg mykje frå det dei har gjort: tapet, rammer rundt, gardin, innebygd oppbevaring. MMM så mykje snacks her.
  8. Denne rosa fantasien frå @mentaylunares lagra eg fordi det minna meg sånn om meg sjølv då eg var 21 år. Bildene mine skulle sjå nøyaktig sånn ut. Men resten av leiligheten var eit fullstendig kaos og med svart forferdelig skinnsofa som aldri kom til internett.
  9. Denne godteskåla frå @trinesblend (ein av mine favorittkvinner på instagram!!) fekk meg til å bli sååååå sugen etter nye hårgreier.
Share:

2 Comments

  1. 23:28, 04 Jan 2019 / 23:28

    Åhhh kære menneske. Tusind tak. Betyder SÅ meget. Kh fra trine

  2. Ane
    12:27, 05 Jan 2019 / 12:27

    Å, kan du ikke skrive litt om hvor dere skal på interrail og dine beste tips? Vi reiser også på interrail nedover i Europa i vår med to små som er nesten like gamle som dine, og trenger alle gode tips triks vi kan få!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *