Under treet i år

Inneheld eigenreklame

No har eg hatt eit par dagar av jobbpanikk der, de veit, ein får kjensla av at no er adventstiden øydelagt, sånn opphøgd som det kan bli når det er så viktig. Alt blir så viktig i desember. I går var me på Askøy heile dagen, i møter, Edda var verdens mest tålmodige baby og me åt oss gjennom Bakstehuset på Ask (reis dit!). I år har det vore så vanskeleg for meg å setta ord på kva eg ynskjer meg til jul, men eg har samla saman nokre fine ting her, i tilfelle de treng inspirasjon sjølve.

Det me ynskjer oss mest er meir juleservise frå Royal Copenhagen. Draumen er å kunna skifta ut heile serviset når desember kjem og berre bruka dette (ein tradisjon som bror til Jostein har og som eg syns er ein så himla koseleg adventsting). Langhåra saueskinn frå naboen, Ingrid Eri. På sikt skal me ha ein fin benk på kjøkenet, og eg vil ha skinn i den som ein kan legga seg ned og sovna i. Så deilig. Silkeskjerf frå Emma Fällmann, så eg kan lata som om eg er ei fin dame. Parfymen Bibliotheque frå Byredo. Me har duftlyset som ei konstant lukt i huset, og eg likar så godt tanken om å lufta likt som huset sitt, den assosiasjonen er så koseleg. Boka til My Feldt har eg lengta mot lenge, ønskar meg den til jul. Også det konstante, som eg alltid ynskjer meg: badebomber frå Lush. Har teke kanskje eitt bad sidan Edda vart født, og det er jo ein skandale!

Kva ynskjer de dykk i år? Om de ikkje heilt veit, så har eg laga fine gåveguidar for Fredag som eg linkar til -> her <-. Jostein er i butikken no og det blir sendt ut pakker klokka 14:30 i dag, og med posten i morgon. Hugs at me bør ha alle bestillingar inne til fredag 14.desember for å vera sikker på at dei kjem fram til jul

Tusen takk til alle som har kjøpt julegåvene sine hjå oss i år, forresten. Om eg tenkjer på det i meir enn ti sekund blir det storgrining. Så no trykkjer eg berre på publiser og lagar meg ein cappuccino. Ha ein fin fredag!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Heisann Mariell. Eg fekk så fin adventsstemning av dei siste innlegga dine. Du e berre unik also❤ Saga er så heldig. Det fine rommet og den fine mammaen. Eg lurte på å bestille noko til guten min. Er dei snøkulene med kanin, eskimo osv av glas eller plast? Ønsker deg ei fin adventstid vidare :)