Solturistane

Forrige veke, medan det enda var sol på andre sida av elva, gjekk me ein tur, heile familien. Den var berre framme ei bittelita stund, men me fekk snu oss mot ho som blomar i vinduskarmen og reflektera over lyset og kva den gjer med oss. Her i Lærdal er sol rein valuta. Oppover i dalen vil dei fleste kunna fortelja nøyaktig dato for når deira spesifikke gard mistar sola for året, og når den kjem tilbake att om våren. Hjå oss reiser den 21. november og kjem tilbake 21. januar. Dette veit folk. Dette er sånt ein snakkar om på butikken. Spesielt i januar og februar, då er annakvar samtale prega av det. “Har de fått att sola no de?”. Og sånn går det. Nyleg var me på eit gravøl for sola her i bygda (nede i sentrum er sola ikkje å sjå frå seint haust til sein vår). Der fortalde ein mann i ein tale om mor si. Den første dagen med sol om våren, opna ho døra på vid gap for å sleppa sola inn. Eit så fint bilde, syns eg. Det skal eg òg gjera i 2019. Men først skal eg ruga på dei solstrålane eg har samla, og grotta meg inn i mørketida. For den er jo ikkje så verst, den heller.

Share:

4 Comments

  1. Elisabeth
    18:57, 03 Dec 2018 / 18:57

    Åh, så fint dette var <3

  2. Gunnhild
    19:42, 03 Dec 2018 / 19:42

    Ah, elsker å komme inn hit og se bilder og lese det du skriver. <3 Tenker alltid "vi hadde blitt gode venner". :) God adventstid!

  3. Ane
    13:43, 07 Dec 2018 / 13:43

    Takk for at du og bloggen din eksisterer! Et fantastisk pusterom i hverdagen. Det kjennes nesten som å komme hjem.

  4. M
    01:00, 08 Dec 2018 / 01:00

    Hahaha, det der er heilt sant! :-) Me får sola 14.april og mistar ho 1.september. Me feirar alltid sola med gul brus og bollar.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *