Tåke

Tåka låg tung i helga, så tung at ein ikkje kunne sjå noko anna enn det som var rett framfor seg. Av og til er det så godt, når naturen protesterar, seier “sjå. Sjå kva du har akkurat her”.

Me flyg rundt no, det er ei spanande veke. I morgon opnar me julebutikken vår i Årdal og i helga er det julemarknad og ei utstilling der eg stiller ut bilder frå to forskjellige prosjekt. På søndag skjer det ingenting, tenk det!

I morgon kjem eit blogginnlegg med alle mine finaste små nettbutikkar der eg kjøper julegåver og veit at pengane mine gjer gode ting for fine folk. Kan ikkje de legga igjen linkar om de har, til små bedrifter sine nettbutikkar? Så kan eg putta nokre av dei óg i innleggetLa oss alle bli meir bevisste på kvar me legg att kronene våre. Spesielt denne svarte veka. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *