Fredag i november

Inneheld eigenreklame

Mi fine bedrift💓

Akkurat no handlar livet mykje om Fredag, så eg ville berre passa på å gi meg sjølv litt saftig eigenreklame no før jul og dela ein kollasj eg brukte to Friends-episodar på å laga. Egentlig er eg livredd for å driva reklame fordi eg har vore så redd for at bedrifta skal voksa og ta meir av tida mi. Men no har Jostein lova å hjelpa meg med nettbestillingar i november og desember, så no tør eg bannemeg!

I neste veke kjem eg til å dela mine eigne favorittar i norske nisjebutikkar på nett, min eigen vesle anti-Black Friday-protest. Men i mellomtiden lar eg dykk snusa på min eigen nettbutikk, kanskje finn de noko der til nokon de er glade i?Og om de vil ha gåver pakka inn og sendt rett dit dei skal vera til jul, gjer me det for dykk med glede. Då skriv de på i meldingsboksen ved bestilling, kva som skal stå på pakkelappen, og oppgir adressa dit den skal.

Me har fri frakt over 1000 kroner💓

Nettbutikken finn du HER.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så mykje fint! Og så lurt å dele nisjebutikkar! Er sjølv supermotstandar av Black Friday, skal heller vere på byttemarknader o.l. :)