7 dagar

Tusen takk for alle kommentarar og mailar, herregud så heldige me er som har så mange fine folk som tenkjer på oss og vil oss vel

I dag har me vore ein familie på fire i ei veke. Det er omveltande og samtidig så herleg kvardagsleg å berre vera heime i rotet vårt, men med ein heilt ny person her å bli kjent med. Og endelig har eg ein kropp som orkar igjen, som kan løfta Saga utan smerter, som kan dansa med ho når Jostein spelar Per Spelemann på piano og komma seg ut av senga utan vidare problem. Eg tek ingenting for gitt, takkar den for alt den får til og prøver å gi den nok søvn.

Det var ein tøff graviditet, både i kroppen og i hovudet. Eg ønskar meg ikkje tilbake dit, eg har ikkje sakna det eit sekund. Og det føles som å ha fått livet tilbake, pluss verdens mjukaste herlegaste lubne vesle babyjente. Som er så vanvittig sterk og kan sparka ifrå seg, men det visste eg jo frå før. Som toler ei storesøster som vil kosa og sussa ofte og mykje, som ei vennlig kjempe. Og som dessutan luktar så vanvittig godt.

Saga tek det veldig godt, å ha blitt storesøster. I mi hormonelle hjerne så holdt eg på å svima av når deira første interaksjon var at Saga klappa Edda på hovudet og sa “så så, går bra. Saga er her. Saga passar på”. Om morgonen når ho kjem inn til oss og ser Edda i senga så ler ho og skrik “babyen min!!!”

Share:

13 Comments

  1. Ingeborg
    19:48, 21 Jun 2018 / 19:48

    Så flotte små søstre <3 Og – så vakkert at navnene deres begge kan knyttes til dikt og eventyr!

  2. Ingrid
    21:48, 21 Jun 2018 / 21:48

    ?

  3. 10:05, 22 Jun 2018 / 10:05

    Ååååå♥️♥️♥️

  4. ElinPelin
    15:30, 22 Jun 2018 / 15:30

    Gratulerer med to flotte døtre!

  5. Caroline
    20:17, 22 Jun 2018 / 20:17

    Du skriver så vakkert og fullt av kjærlighet! Edda og Saga, for en nydelig kombinasjon. Skal lillesøster også få et mellomnavn? Gratulerer så mye til hele den lille familien <3

  6. Emmy
    12:17, 23 Jun 2018 / 12:17

    Så fin, stor tjej! ? kommer du att berätta om förlossningen? Jag fick barn i mars och det var en fantastisk upplevelse på alla sätt och vis. ☺️?

    • Kristin
      18:51, 24 Jun 2018 / 18:51

      Må bare få si at det du skrev om fødselen til Saga var noe av det jeg leste hyppigst før jeg selv skulle føde. Det var så befriende (og beroligende) å lese en fødehistorie som var så positivt vinklet, uten å virke veldig “pynta på”. Tror det hjalp meg :-)

      • Mariell
        Author
        14:36, 25 Jun 2018 / 14:36

        Tusen tusen takk! <3 Eg kjem til å skriva om denne fødselen óg, når eg får tid og stunder. Men det var ein HEILT annan fødsel, på ingen dårlig måte men verkeleg heilt annleis. Så der fekk de ein teaser!

        • Emmy
          07:42, 26 Jun 2018 / 07:42

          Haha älskar teasers! Hoppas ni har det fint i bebisbubblan <3

  7. Ingrid
    22:59, 23 Jun 2018 / 22:59

    Så nydelig :`) Norsklærerhjartet elskar namnet, sjølvsagt. Eg og storesøstra mi er også så nære i alder, og ho kalte også meg for sin baby. Søstre er verkelig ei gåve!

  8. Kristin
    18:48, 24 Jun 2018 / 18:48

    Dette er så søtt <3 gleder meg masse til livet tillater mer blogging!

  9. 20:18, 24 Jun 2018 / 20:18

    Så fint, og tenk å få være to søstre så tette i alder! Lykke <3

  10. Mari
    22:52, 28 Jun 2018 / 22:52

    Så fint å lese <3 Håper dere får den beste sommeren, alle sammen!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *