28

I dag er eg 28 år! Om du har lest her i nokre år så veit du kanskje at dette med bursdagar har vore ein prosess i mitt liv, det har vore ein sånn ting som har vore oppbygd til tusen, og eg har vore sliten av forventning og press eingong før dagen min kom. Eit år me feira bursdagen min i Stockholm drøya Jostein det til klokka var kanskje ti minutt over midnatt før han innsåg at det var bursdagsdøgnet mitt, og da var eg heilt knust i typ tolv timar etterpå. Dei siste par åra, sidan eg vart gravid med Saga, har spetakkelet dabba av, og ein liten del av meg har følt på ei malplassert sorg over dette, at eg mista noko av identiteten min om eg ikkje skulle vera ho sinnsjuke bursdagspersonen, når kom det til å eksplodera i tårer?

Men då eg vakna i dag innsåg eg at ro av og til berre er ro. Og eg treng ikkje kake med lys på senga eller overraskingar eller eit strigla hus for å ha bursdag. Det går til og med fint at eg er himla forkjøla. I dag trong eg berre å få ligga lenge med hovudet på puta. Eg hadde Saga på armen, ho såg kanskje fem episodar med Peppa Gris på telefonen min, og bebisen i magen sparka vilt rundt der inne. Jostein laga cappucinos og speilegg til frukost, og eg reiste på gartneriet og kjøpte bursdagsblomar for 90 kroner. Saga hoppa i kvar sølepytt ho kunne finna. I ettermiddag kjem pappa og bestemor, og før den tid skal eg baka denne nydelege kaka etter Elsa si oppskrift. Eg har ei sånn ro i kroppen, og det er typ den beste bursdagsgåva eg kunne gi meg sjølv.

(Obs dette neste kan muligens reknast som eigenreklame?)

Til dykk som les her og som har vore sånne frikkin heltar av nokre støttespelarar dei siste typ ti åra, har eg laga ein rabattkode i nettbutikken min (heifredag.no <- link) som ei bursdagsgåve frå meg til deg. 28% rabatt, såklart! Rabattkoden er mariell28 ♥ 

It’s my 28th birthday today! I used to be such a crazy birthday person, but ever since my pregnancy with Saga I have calmed down a lot. Today is just that. Calm. And I don’t even mind having a cold on my birthday!

Follow:
Share:

15 Comments

  1. Isabel
    14:02, 23 Apr 2018 / 14:02

    Gratulerer så mye med dagen! ?????????

  2. Ragnhild
    14:19, 23 Apr 2018 / 14:19

    Gratulerer så mye med 28-årsdagen :)

  3. Martha
    14:26, 23 Apr 2018 / 14:26

    Gratulerer med dagen! Håper det blir en deilig dag som blir akkurat slik du ønsker at den skal være :)

  4. 15:20, 23 Apr 2018 / 15:20

    Gratulerer så mye med dagen!

  5. 15:52, 23 Apr 2018 / 15:52

    Hurra for deg! ❤️

  6. Hilde
    17:34, 23 Apr 2018 / 17:34

    Gratulerer så mye med dagen! ?

  7. Anne Marte Grønfur
    18:56, 23 Apr 2018 / 18:56

    Gratulerer så mye med dagen! :)

    Forresten, var akkurat i Paris med Hjartemagasinet i veska som trygg og god hjelp ;)

  8. Ingeborg
    19:21, 23 Apr 2018 / 19:21

    Gratulerer så mye med dagen ^^ ro er toppen <3

  9. 22:02, 23 Apr 2018 / 22:02

    Gratulerer så mye med dagen!❤️

  10. Eline
    23:11, 23 Apr 2018 / 23:11

    Hei du søte. Jeg er en av de som har fulgt deg leeeenge- jeg kjøpte hus i 2008, og da dumpet jeg innom mange forskjellige blogger fordi jeg trengte litt husinspirasjon. Og så kom du også! Og hos deg har jeg vært fast leser, du er et godt sted å lande midt i travle hverdager med mann, jobb, tre barn og hus pluss alt det andre livet fylles med. Jeg er megadårlig på å legge igjen spor- men du skal vite at jeg verdsetter dine ord og bilder. Takk for at du gir meg innblikk hos deg- takk for inspirasjon. Fortsett med det du gjør. Og til sommeren håper jeg at vi på biltur skal klare å svinge innom Lærdal. Da skal jeg si hei i butikken din! Kjærlighet fra en fast leser, Eline

  11. Oda
    23:40, 23 Apr 2018 / 23:40

    Gratulerer med dagen! :)

  12. 11:21, 24 Apr 2018 / 11:21

    Hipp hurra, og nyt at du fremdeles er i 20-årene <3

  13. Therese
    12:41, 24 Apr 2018 / 12:41

    Gratulerer med dagen som var!

  14. 15:30, 24 Apr 2018 / 15:30

    Gratulerer så mye med dagen, Mariell! <3

  15. Marie
    22:35, 24 Apr 2018 / 22:35

    Gratulerer med dagen<3 evig fan siden 2008 (ish)

Leave a Reply to Isabel Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *