Gone fishing

Hei på ein søndag! Me er i Oslo i helga, for å slappa av og eta god mat saman med søstra til Jostein og familien, før dei blir trebarnsfamilie om berre nokre veker. Nokre veker er det så vanskeleg å skriva noko som helst her, som å skvisa blod ut av ein stein.

Livet er himla komplekst akkurat no. Eg lengtar så mot enklare dagar, varmare dagar. I mellomtider lever eg meir i livet enn på internett. Me prøver å sova nok og kjenna nok på magen, det er fyrverkeri der inne kvar kveld og til kvar kaffikopp. Saga har 5-10 nye ord for kvar dag og er den største gleda i livet. I dag skal me trikka ned i byen, kjøpa noko fint og noko godt og sånne greier som hevar livskvaliteten.

Føler meg alltid litt ekstra knytta til dykk som les her når eg er i Oslo, for dei to åra eg budde her var jo då det verkeleg kom lesarar til her. Håpar de har varme og avslappande søndagar framfor dykk

Hello sunday! We are in Oslo this weekend to relax and eat good food with Jostein’s sister and her family before they become a family of five in just a few weeks. Some weeks it’s so hard to write anything here, like squeezing blood out of a rock.

Life is so complex right now. I’m longing for simpler days, warmer days. And in the meantime my life is more real than internet. We’re trying to get enough sleep and pet the belly enough, there are fireworks in there every night and after every cup of coffee. Saga says five to ten new words every day and is the biggest joy in my life. Today we’re going to take the tram down into town, buy something pretty and something good and things that make life better.

I always feel a little extra connected to my readers when I’m in Oslo, the two years I lived here were so important in building this blog. I hope your sunday plans are warm and relaxing

Share:

8 Comments

  1. Frk Åsheim
    12:43, 25 Feb 2018 / 12:43

    Kos dykk i fine Oslo ♡
    Og god sundag!

  2. Anonym
    13:48, 25 Feb 2018 / 13:48

    Så dere akkurat på gata men turte ikke si hei! Håper dere har fine dager i oslo :)

  3. Anne Marte Grønfur
    18:05, 25 Feb 2018 / 18:05

    Kjære Mariell, ville bare legge igjen en kommentar her for en gangs skyld for å si hvor mye jeg setter pris på det du skriver. Og hvor imponerende det er at du klarer å skrive selv når det føles slik som du skriver her. Bloggen din er alltid et herlig pusterom fra hverdag og alt som er alt for likt.
    Håper tiden i oslo er fantastisk og gir litt ekstra energi.
    Stor klem fra ei som har vært sløyfejente siden før du flyttet til Oslo <3

  4. 11:15, 26 Feb 2018 / 11:15

    Skjønner det er mykje med nytt firma, blogg, liten unge OG å være gravid! U go grrrrrl, ein kan ikkje yte 100% på alt, alltid. Då blir ein dårlig.

  5. Monica
    14:53, 26 Feb 2018 / 14:53

    <3 <3

  6. 20:46, 26 Feb 2018 / 20:46

    Fint å leve i livet <3

Leave a Reply to Frk Åsheim Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *