
I år har eg vore med på eit så sjukt fint prosjekt. Gjennom Levande Lokale-prosjektet som Lærdal er ein del av, har designer Siv Støldal starta opp ei designgruppe med lokale kreative, og der har det skjedd mykje spennande. Det som eg har vore ein del av, og som har vore så utrulig krevande, interessant og gøy, er å designa eit Lærdalsteppe. Det har vore ein laaaaang designprosess og mykje fram og tilbake, mange koppar med te og mange alternativ. Designet er samansett av to ulike komponentar: laks og Borgund Stavkyrkje. I juli var dei ferdigdesigna, og på måndag kom dei til Lærdal! Jostein rakk ikkje eingong å knyte skoa før me satte oss i bilen og køyrte for å sjå dei, og dei er så sjukt fine. Det kjem i tre ulike fargekombinasjonar; Grøne Lærdal, Vinter og Oddebui. Og Oddebui er jo meg! Eitt av teppene er nemlig i fargane til butikken min, rosa og grå. Tenk det. Gler meg sånn til å visa det til folk på fredag!
I’ve been a part of a very exciting project this year, designing a blanket inspired by the town I live in. It got here on monday, and one of the color combinations (pink and grey) is inspired by my shop!



Så sjuuuukt fine!!!!!! MÅHADETALTSOH
Hej! Vilken fin design! Fint mönster och vackra färger! Kommer de att finnas i din webshop? Lycka till med affärs öppningen! Önskar Lisa i Göteborg
Elsk på det grønne, gleder meg så veldig til jeg kan ta meg tur i butikken din.Lykke til med åpning på fredag.
Så sjukt fint! Eit sånt teppe skal eg jammen ynskje meg til jul!