HEI

Det vart visst stille her ei lita stund! På fredag flaug me til Oslo, alle tre, og i går hadde eg ein heil dag med fotografering i bryllaup til så superherlege fine folk. Har vore så heldig med dei siste oppdraga mine, har ikkje vore heilt utslitt etterpå som eg pleidde å vera. Var ganske nervøs for heildagsfotograferingen i går, sidan eg ikkje har fotografert heildag sidan før eg vart gravid. Det er intenst med høgsesong, men snaaaaaaart er det fri.

Neste helg skal eg ikkje jobba, og det blir himmelsk. Skal luka ugras og baka og kosa med familien i ro og fred borte frå internett, i alle fall ein heeeeeil dag. Me blir i Oslo til onsdag, Jostein skal på Radiohead-konsert på tysdag. I morgon er planen lunsj med venner og is med familie.

I dag la me igjen vår eigen unge på Grefsen, og tok med oss den tre år gamle nevøen vår på kafé. Han sa nam ved kvar slurk bringebærjuice og ba oss til slutt om å plukka bort sjokoladebitane frå sjokoladekjekset hans.

Eg skal jo mjuklansera butikken min på Lærdalsmarknaden som er 16-18. juni, og har no bestilt varene eg skal ha der.
Sjukt skummelt å handla varer eg ikkje veit om eg får solgt, men eg kjem til å læra så sinnsjukt mykje av denne prosessen. I løpet av veka som kjem så bør eg ha alle varene, og da tenkte eg å ta nokre fine bilder av dei så de óg kan få eit inntrykk av estetikken i varene mine, liksom! Trur de kjem til å lika det, er så stolt av selskapa eg har valgt.

Follow:
Share:

4 Comments

  1. 22:01, 04 Jun 2017 / 22:01

    Så koselig at dere er i Oslo! Å ha med seg treåringer på kafé <3 Gleder meg til å se varene dine!

  2. Mamma
    01:00, 05 Jun 2017 / 01:00

    ?❤

  3. 06:16, 05 Jun 2017 / 06:16

    Gleder meg sånn til å se hva du setter sammen!
    Og hallo for et søtt bilde! <3

  4. 09:53, 05 Jun 2017 / 09:53

    Hun er jo bare så nydelig! Så himla kult med egen butikk. Stor lykke til!

Leave a Reply to Susanna Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *