More secrets from my phone

UntitledUntitled

De likte så godt når eg delte med meg av bilder eg vanligvis ikkje ville ha delt, så eg har tatt enda eit djupdykk i mobilbildene mine, berre for det! Så her kjem det, 44 bilder frå mobilen min frå dei siste månadane her på morgonkvisten. Det er ikkje morgonkvisten for meg, da, det er søndag kveld og eg er HIMLA trøytt etter ein dag full av baking, kjensler, podcastinnspeling og julegåvebestillingar. Eg håpar at eg framleis søv når de les dette. Eg håpar eg vaknar til ei veke som blir lun og god til slutt. Men ja, til bildene: Aller først, spor etter hjorten på formiddagsluren til S. Også ein dag det vart så kaldt ute medan ho sov så lenge at eg måtte ta av toppen på vogna og setta ho i gangen. Slik sov ho i nesten ein time, medan eg tok ut av oppvaskmaskina og hengte opp klesvasken.
You really liked it when I shared pictures from my phone that I normally wouldn’t share, so I’ve done another deep dive into my phone pictures, just because! So here they are, 44 pictures from my phone from the last months, here in the early hours of the day. It’s not morning when I’m writing this though, it’s still sunday night and I’m SO tired after a day full of baking, feelings, recording a podcast and ordering christmas presents. I hope I’m still sleeping when you read this. I hope I wake up to a week that will be mellow and good in the end. But yes, to the photos: The first one, traces of deer when taking S on our first nap in her pram for the day. And another day when it was so cold outside while she was sleeping and I had to take the top part of the pram off and put her in our entryway. She slept like that for almost an hour while I emptied the dishwasher and hung the laundry to dry.

UntitledUntitled

Eg bakte tre slag kaker til dåpen og serverte på mormor sitt servise (kan seriøst dekka på til typ 50 menneske med det), og ei vidunderleg gåve som kom frå Haleigh i Paris: ei gardin som det står Bébé på, lurer på om eg skal sy det om til eit dynetrekk.
I baked three kinds of cookies for her christening and served it up on my grandmother’s china (I can seriously serve around 50 people with it), and a wonderful gift that arrived from Haleigh in Paris; it’s a curtain that says Bébé, I’m wondering if I should make it into a duvet cover.

UntitledUntitled

Eg kjøpte nye blomar til badet før dåpen, og vaska hylla for første gong = god grunn til eit bilete. Likar så godt å ha planter på badet, gjerne så det føles som ein jungel. Til høgre er blomerestar frå dåpen og Lauren Bacall sitt lure blikk.
I bought new flowers for the bathroom for the christening, and washed this shelf for the first time = a good enough reason for a photo. I love having plants in the bathroom, I want it to feel like a jungle. To the right is leftover flowers and Lauren Bacall staring at me.

UntitledSecrets

Bordtesting til dåpen, og ei som syns det var så godt med banan at ho gjerne ville få eta heile fatet.
Table testing for the baptism, and a little one who liked banana so much she wanted to eat the plate.

SecretsSecrets

Blikket som stirrar mot flammen i ovnen (armvalkar = så mykje kjærleik!!), og ein snødekt hage som for lengst er vekk.
An intense stare at the fireplace (arm rolls = so much love!!) and a snowy garden that has allll melted away.

SecretsSecrets

Ein dag me matcha kjolen hennar med skjørtet mitt, og ein dag ho berre ville vera PÅ kroppen men eg måtte ta bakebilder før sola gjekk ned.
A day when we were matching, my dress with her skirt, and another day when all she wanted to do was be ON my body but I had to take photos of my baking before the sun set.

SecretsSecrets

Ein dag ho hadde ekstra lubne kinn og sov på golvet, og ein dag ho sparka meg i fjeset.
A day when her cheeks were extra chubby, and a day when her feet were in my face.

SecretsSecrets

Eit bilete eg sendte til Jostein for å visa kor bra det gjekk når han var på turné. Det gjekk såklart ikkje bra i det heile tatt, var så tung i hjartet og trist heile veka. Også eit av mine beste antrekk på S.
A photo I sent Jostein to show him we were doing fine while he was on tour. I wasn’t, of course, my heart was heavy and I was sad all week. And, one of my favorite outfits on her.

SecretsSecrets

To til i det samme antrekket for å demonstrera kor mange ulike ansikt ein kan ha når ein er bebis.
And two more in that outfit to demonstrate the many faces of a baby.

SecretsSecrets

Doen og min sovande baby på Lauget på Sandane.
The bathroom and my sleeping baby at Lauget café in Sandane.

SecretsSecrets

Veldig stolt Mariell tilbake på vidaregåande skulen sin, med bebis. Var så fint å treffa lærarar igjen og introdusera dei for ungen vår, me var jo tross alt eit par allereie da.
A very proud me back in my secondary school, with my baby. It was so nice to see the teachers again and introduce them to our babe, we were a couple even then.

SecretsSecrets

På veg gjennom fjordfylket, og ein ikkje-så-bra babygym laga av ledningar medan eg var matforgifta på Sunnfjord Hotell.
Passing through our county, and a not-so-good play situation for S I made from wires while I had food poisoning in a hotel.

SecretsSecrets

Eit bilde frå gjenopptakingsdagane til forestillingen til Jostein og Fredrik, og eit frå Alexandra Hotell.
A photo of Jostein and Fredrik’s tour, and one from Alexandra Hotell.

SecretsSecrets

Jostein sitt ferdige puslespel (så stolt!) også ei natt ho sovna fullt påkledd.
J’s finished puzzle (so proud!) and one night she fell asleep fully dressed.

Secrets

Gulrotkakegraut til frukost, mmmmmmm.
Carrot cake oatmeal.

Secrets

Heile familien med vår gigantiske last i ein heis på flyplassen i København.
My little family with a gigantic amount of stuff in a lift in Copenhagen airport.

SecretsSecrets

Eit stygt men SUPERGODT frukostegg (med bacon under), også mine to beste personar på ein søndag. Fin krage = beste smekka.
An ugly but DELICIOUS breakfast egg (on a bed of bacon), and my two favorites on a sunday. Pretty collars = great at catching drool.

SecretsSecrets

Ein gulrot som et ei anna gulrot, og Jostein som puslar til evig tid amen.
A carrot eating another carrot, and Jostein puzzling forever amen.

SecretsSecrets

Eit skikkeleg dreamy hus i København (minna meg om meg sjølv som 11-åring som drøymte om å lesa ei bok i eit sånt rundt rom) og to kalde men fine på Royal Smushi kafé.
A super dreamy house in Copenhagen (reminds me of myself when I was 11 and dreamt of reading a book in a room like that) and two cold people at Royal Smushi kafé.

SecretsSecrets

Saga som ser ut som at Jostein har skikkeleg kaffiånde, og eit bilde eg sendte til Esra for å visa veggen i trappeoppgangen vår. Eg gler meg sånn til å fiksa dette rommet, det har så mykje potensiale. Først skal veggen malast, også skal det opp eit gigantisk print av eit av Esra sine bilder. Er så pepp på det.
Saga looking like Jostein has coffee breath, and a photo I sent to Esra to show her the landing in our stairs. I can’t wait to renovate this room, it has so much potential. First everything is being painted, and then a giant print of one of Esra’s images is going up. So excited about it.

Secrets

Kvelden puslinga starta, då Christine var på besøk. Desse to er så fine ilag, så rart at dei har kjent kvarandre i ti år, dei óg.
On the evening the puzzling began, when Christine came to visit us. I love these two together, such a strange thing to think they’ve been friends for ten years too.

Secrets

Heile familien ser på Criminal Minds.
The whole family watching Criminal minds.

UntitledUntitled

Snødekt landskap utanfor soveromsvindauget, og ein halloumiburger med søtpotet (her er oppskrift på den beste burgersausen: lik mengde Hellman’s majones og Heinz ketsjup), tørr cider og Bedrag (sesong to) på ein laurdagskveld.
A snowy view from my bedroom window, and a halloumi burger with sweet potato (here is my recipe for the best burger sauce: equal amounts Hellman’s mayo and Heinz ketchup), dry cider and Bedrag (a danish crime show) on a saturday evening.
Share:

21 Comments

  1. Signe
    11:38, 05 Dec 2016 / 11:38

    Så kosleg å sjå! Og kjære vene, så vakre de er! Eg les til eksamen, et belgiske trøflar og gledar meg til podcasten blir lagt ut.

  2. Enlitenkoppte
    13:52, 05 Dec 2016 / 13:52

    Vil bare gi videre oppmuntring til å fortsette med slike innlegg! Liker dem så, så godt!

  3. Solveig
    14:08, 05 Dec 2016 / 14:08

    Det same som enlitenkoppte sa. Fleire slike!

  4. Solveig
    14:13, 05 Dec 2016 / 14:13

    Gløymde å spørje kor flisene i gangen (om det er fliser) er frå?

    • Mariell
      Author
      15:30, 05 Dec 2016 / 15:30

      Det er faktisk ein parkett! Veldig fin til gangen pluss i heilt rett farge til at ein ikkje ser sand og stein! Den er kjøpt i Sogndal, men eg aaaanar ikkje i kva butikk og den slags!

  5. Kaffemarte
    17:55, 05 Dec 2016 / 17:55

    Så koselig innlegg! Og så kult med body utenpå strømpebuksa, det ser man for sjelden!

    • Mariell
      Author
      19:22, 05 Dec 2016 / 19:22

      Supermann-tendensar!!!

  6. Isabel
    18:22, 05 Dec 2016 / 18:22

    Å, det er så koseleg med baby <3 Min er litt over tre månadar og eg har kjøpt eit kjempesøtt antrekk til julaften som eg gledar meg så til å kle på han (også håpar eg at han ikkje gulpar det ut på 10 minutt, sånn at vi i alle fall får nokre fine bilete av den lille familien vår)! :)

  7. Irene
    18:26, 05 Dec 2016 / 18:26

    Åh helledussen for eit koseleg og gledesfylt innlegg!

  8. Synne
    19:24, 05 Dec 2016 / 19:24

    <333

  9. Christine
    19:55, 05 Dec 2016 / 19:55

    Fint fint fint! :)

  10. sigrid helovise
    19:59, 05 Dec 2016 / 19:59

    Eg ælska bloggen din!! Deinn e så fin. og drømmanes.

  11. Charlotte
    09:36, 06 Dec 2016 / 09:36

    åh de julekakene dine med sjokolade på! De ser så gode ut, du har vel ikke lyst til å legge ut en oppskrift eller link til oppskrift på de?

  12. emma
    11:37, 06 Dec 2016 / 11:37

    du og jostein er så fine og varme i blikket, blir alltid glad av å se bilder av fjesene deres. <3 elsker dette innlegget!

  13. 14:39, 06 Dec 2016 / 14:39

    Så fint med hverdagsglimt som dette!

  14. 16:55, 06 Dec 2016 / 16:55

    Fine jenter, altså. Og fine hverdagsglimt.

  15. 20:03, 06 Dec 2016 / 20:03

    Så koselige bilder med god stemning i :)

  16. Esra
    20:27, 06 Dec 2016 / 20:27

    ååh, megafint med sånn snik-titt inn i mobilkameraet <3 klem på deg og fin-familien <3

  17. 20:39, 06 Dec 2016 / 20:39

    dette er så fint! ja til enda mer av det <3

  18. Helene
    12:43, 08 Dec 2016 / 12:43

    You got that mama-glow! <3

  19. Hanna
    15:00, 13 Dec 2016 / 15:00

    Fantastisk innlegg! Mer mer mer <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *