Family on tour

On tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tourOn tour

Heile forrige veke var me på turné! Den starta dårlig med matforgifting på Sunnfjord Hotell i Førde, eg hadde høg feber og ville mest berre grina. Eg sovna medan eg amma på skype med Frøy og ho tok eit screenshot som kjem til å leva for evig. Men så, onsdag, reiste me til Loen og overnatta på Alexandra Hotell som var som ein Wes Anderson-feberfantasi, eg var så lykkeleg over å vera der at hjerna mi smelta. I restauranten var det ein vert som var den søtaste mannen og som S forelska seg heilt i, og det sat ein mann og spelte på eit kvitt flygel. Tilfeldigvis fekk me óg ei suite, sikkert fordi det skulle vera plass til barneseng, men det føltes óg heilt rett og absurd å spankulera rundt i den i morgonkåpene. Eg bestilte frukost på rommet så eg kunne eta med begge hender og det óg vart så rett. Sjølvportretta mine kallar eg forresten “sjølvportrett med mjølkebart”. Følte meg fin, da.

Torsdag reiste me vidare, til Sandane, og sov i den største senga nokonsinne på Gloppen Hotell. Eg fekk sett litt av forestillingen deira der også åt me lunsj med lærarane, dei fine fine lærarane fra Firda VGS. Kvar gong eg såg opp på huset der Fredrik og eg budde fekk eg lyst til å snika meg opp og sjå inn vindauget, berre sjå om veggen framleis er grøn, sjå om det framleis står M+J på lysbrytaren. Mest hang me på Lauget, ein fin ny kafé som eg skulle ønska at fantest då me budde der, og eg kjøpte heimestrikka jakke på Gloppebua. Så køyrte me heim gjennom fjell og langs fjordarmar, og det var himla godt å komma heim óg.

All of last week we were on tour! It begun badly with a food poisoning at Sunnfjord Hotell in Førde, I had a high fever and mostly wanted to cry. I fell asleep while skyping with Frøy (and nursing!) and she took a screen shot that will live forever. But then, on wednesday, we went to Loen and spent the night at Alexandra Hotell, it was like a Wes Anderson fever fantasy, I was so happy to be there my brain nearly melted. In the restaurant there was a host, the cutest man who S fell completely in love with, and there was also a man playing a white piano. We also happened to get a big suite in that hotel, most likely so the baby’s cot would fit in there but it also felt so right and absurd walking around in robes in that room. I ordered my breakfast to the room so I could eat with both hands and that, too, felt just right. My self portraits are dubbed “self portraits with a milk moustache”. I felt pretty, though.

On thursday we went on to Sandane and slept in the biggest bed ever at Gloppen Hotell. I got to see a little of their performance and then we had lunch with the teachers, the lovely teachers at Firda VGS. Every time I caught a glimpse of the house where Fredrik and I used to live I wanted to sneak up there and peak in, just to see if my wall is still green, if it still says M+J on the light switch. Mostly we hung out at Lauget, a lovely new café that I wish was there when we lived there, and I bought S a home knit jacket too. Then we drove home through mountains along arms of the fjord and it felt so good to come home.

Share:

11 Comments

  1. Linn
    10:18, 15 Nov 2016 / 10:18

    Som jeg drømte om deg i natt! Du bodde på slottet og satt i slottsparken og fjerna flått fra ørene på en katt. Og så fortalte du om en blondeduk som var over 20 meter lang. Den hadde du arvet av din oldemor og den hadde aldri blitt vasket. Merksnodig.

  2. 10:44, 15 Nov 2016 / 10:44

    Blir helt varm i hjertet av dette innlegget. :) Så mange koselige bilder – også er det så fint å komme tilbake til et sted der man har gode minner, særlig når ting er fint sånn som de er nå også, bare annerledes!

  3. Mona
    14:06, 15 Nov 2016 / 14:06

    Du er fin <3

  4. Sarah
    16:50, 15 Nov 2016 / 16:50

    For et fint innlegg, og for noen fine selvportrett!

  5. Charlotte
    19:42, 15 Nov 2016 / 19:42

    Høyres ut som turneen vart ganske fin (unntatt matforgiftinga då..)!
    Det er kjemperart å reise tilbake til plassen der ein studerte. Det blir liksom aldri slik det brukte å vere. Men av og til tenker eg at det kanskje er like greit ;)
    Velkomne tilbake neste gong.

  6. 20:31, 15 Nov 2016 / 20:31

    You look beautiful – so radiant! xx

  7. 17:51, 16 Nov 2016 / 17:51

    så fina foton & du är vacker mariell!

  8. 22:11, 17 Nov 2016 / 22:11

    Selvportrettene! Sååå fine! Motherhood becomes you <3

  9. Marte Andresen
    14:39, 19 Nov 2016 / 14:39

    Så vakker du er!

  10. 17:48, 19 Nov 2016 / 17:48

    selvportrettene <3

  11. Sunniva
    15:33, 23 Nov 2016 / 15:33

    Du har et nydelig ansikt med skarpe trekk! Håper du vet det. <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *