Having babies / having things

SaturdayS

[left]Då eg var gravid var eg så himla mottakelig for TIPS. Eg googla meg ihjel om kor mykje klede ein trong til ein sommarbaby, ting ein MÅTTE HA det sekundet babyen kom, “things to do before baby comes”. Var så livredd for å ha gløymt noko, for å ikkje vera KLAR, sjølv om ein blir jo aldri heilt klar. Heldigvis tok me det litt meir med ro etter kvart, og eg innsåg at me ikkje trong så himla mykje greier. Mykje har me arva, og mykje har me enda ikkje kjøpt sjølv om me treng dei i nær framtid. Til dømes har ho enda ingen seng, og både bilsetet og vogna arva me av broren til Jostein, ei kvit Emmaljunga som er elleve år gamal men god som ny.

No tenkte eg å fortella kva greier me har som eg elskar, kva me hadde klart til ho kom og ting eg skulle ønska at eg hadde. Men først vil eg berre sei, angåande klede: det finst ingen rett svar. Det kjem heilt an på ungen din, på været, på korleis de bur og eg syns det var umogleg å vita. Så mange plassar på internett las eg at “men om eg treng meir så kan eg jo berre gå ut og kjøpa det da”, men for meg var ikkje det eit alternativ fordi a) det er ikkje det største utvalget her eg bur og b) eg ville overhovud ikkje setta meg i ein bil og reisa nokon plass dei første vekene. Det eg istaden gjorde var å spørja søstra til Jostein (som har ein baby som er 3 månader eldre enn Saga) om dei kunne låna oss sine 50/56-klede. Me fekk låna ein tettpakka boks med deilige ullklede, så herleg. Saga var ingen liten nyfødt (4024g/51cm), men hadde nyfødtkleda sine i mange veker. Råtipset er å kjøpa bodyar med to knappingar som er 50+56, dei kan ein bruka superlenge, og å kjøpa typen som har kimonoknapping, altså som ein ikkje må ta over hovudet.

Så, til tinga: dette er altså kun mine og Jostein sine tankar om ting me har. Me MÅTTE ikkje ha nokon av desse tinga, men dei har gjort våre første månader som foreldre både enklare og finare. Har merka nokre av dei med symbol:

* = sånt me har kjøpt i ettertid
! = sånt me hadde med oss på sjukehuset

Til ammingen:
!Ammeinnlegg: eg har i ull fra Joha, dei er varme og gode og lette å håndvaska. Inni dei har eg eingangsinnlegg fra Medela som eg kjøper på apoteket, syns dei er fantastiske spesielt til å håndtera melkespreng. Eg har på denne kombinasjonen dag og natt. Har ikkje hatt noko problem med brystbetennelse, litt av det er nok berre fordi eg ikkje er sensitiv for det men det er óg superviktig å vera varm og tørr.
!Ammebh: eg har nokre forskjellige, men to som eg brukar heile tida: på dagen brukar eg den fra Bravado, altså den er fantastisk og held seg sterk i strikken sjølv om eg har brukt den nesten kvar dag i tre månader. Om natta brukar eg ein i ull fra Boob.
*Brystskjold: dette er kontroversielt og jordmødre rundtom held seg kanskje framfor augene, men brystskjold var livreddaren min. Då eg berre ville grina fordi det gjorde så vondt å amma brukte eg desse, og dei redda heile ammingen for min del. Eg brukte dei annakvar gong, men sidan dei var gjennomsiktige kunne eg så lett sjå korleis ho festa seg når den var på, og det lærte meg korleis eg skulle gjera det utan óg.
!Lanolin: her finst det forskjellige merker og sånt, men ein lanolinbasert salve er ein puppereddar.
!Morgonkåpe: eg kjøpte ei morgonkåpe fra Pinkblush Maternity som eg elskar og som gjorde den første tiden både enklare og finare. Dei første dagane på sjukehuset gjekk eg kun i nattkjole og morgonkåpe, men eg følte meg likevel fin og det var overraskande viktig for meg.
!Flaske: eg elskar mi BKR-flaske i glas, den hadde eg fra lenge før graviditeten og alt, men den har eg brukt masse med ammingen. Blir så sjukt tørst av å amma.
*Antibac: passa strengt på å ha heilt reine hender når eg amma med såre puppar

Til bleieskift/bading/stell:
Tørre eingangsklutar + våtserviettar: me brukar ein kombinasjon, men som oftast brukar me dei tørre som ein berre har vatn på. Våtserviettar er til nattbleier og om me skiftar ein annan plass enn heime. Våtserviettane fra Natracare luktar SÅ GODT, forresten.
Muslinklutar og småklutar: me har 5-6 muslinklutar fra Cam Cam i fine fargar som me brukar som gulpeklutar men óg på stellebordet. Dei kan vaskast på 60 grader og er supre. Dei små klutane har me til bading og vasking.
*Neglesaks: det er heilt sjukt kor fort dei små neglene veks! Jostein var den søtaste pappaen som kjøpte manikyrsett (i eit lite læretui), der har me saks, pinsett og fil. Men saks spesifikt for babyhender er det viktigaste, det er typ umulig å gjera nokon skade med dei.
*Q-tips og klorhexidin: til å holda navlen rein og tørr dei tidlige dagane.
*Bepathen og inotyol: bleiesalvar. Bepathen er mildare og fin å bruka óg i hudfoldar der det har samla seg skitt og det har blitt raudt, inotyol er når ein treng å henta ut the big guns.
Babyhåndkle: det er faktisk lurt å ha eit med lomme til hovudet, sjølv kor overflødig eg trudde dette var før ho kom.
Såpe og olje: me brukar produkt frå Burt’s Bees (fra Sprell) og Esthelle & Thilde (fra apoteket).
Smått og godt: babytermometer, babyparacet, nasedropar/spray (spray frå 3 månader og oppover), nasesugar med filter, antibac (på apoteket har dei ein antibac som óg er fuktighetsgivande, den er super). Dette er greier ein ikkje veit når ein får bruk for men som føles veldig bra for meg å ha i bakhånd.

I huset og kvardagen:
Babynest/soveskinn: vår sovesituasjon var heilt i starten at ho sov mellom oss på eit soveskinn. Så sov ho i soveskinnet oppi babynesten, og no søv ho berre i babynesten (og ikkje mellom oss lenger). Eg elskar babynesten fordi den gjorde meg mindre redd for å ha ho i senga med oss, pluss at den er så fin å ha med på reise fordi den luktar som senga vår heime. Akkurat no søv ho på sofaen vår fra London, den står heilt inntil mi side av senga og er på samme høgd som senga vår, men me har ei superfin korg fra familien til Jostein som me driv og gradvis venner ho på å sova i, sidan me alle søv bedre da.
Bæresjal: eg elskar vårt fra Solly Baby, det er tynt og pustar og passar til alle kroppar, og eit veldig stort pluss for at det er fint å sjå på.
Babydyne: me har den minste storleiken, funkar fint både som dyne og til å ha med i vogna.
*Vippestol: kjøpte me når me såg behov for det, absolutt ikkje noko me trong å ha klart til babyen kom, men akkurat no elskar ho den og me elskar den.
Moseskorg: me brukte den så himla mykje i starten, ho elska å sova i den. Dei første dagane då me var redde for å bæra ho opp og ned den bratte trappa vår, bar me ho faktisk i den óg, haha.
!Proviant: eit lager med sjokolade til dei vanskelige dagane. Viktig viktig viktig. Me hadde óg med oss på sjukehuset og åt krokanrull på barsel nokre timar etter ho vart født. Kjem alltid til å elska krokanrull.
Babycall: me bur i hus og ho søv mykje ute i vogn, så me elskar babycallen vår. Me har denne, den når med signalet heilt fra vårt hus bort til svigers, og typ alle andre me kjenner har denne óg.
*To bleiestasjonar: i starten skifta me mange bleier om natta, så me gjekk til innkjøp av ei ekstra stellepute som me har på ein kommode på soverommet vårt i andre etasje. Så oppe har me: stellepute, bleier, våtserviettar og antibac.

Ting me har men ikkje har brukt (enda):
Ammepute: mange svergar jo til ammeputa, eg arva ei av svigerinna mi men den har eg brukt kanskje fem gonger. Sikkert superindividuelt med kva unge ein har og kva puppar ein har osv., men for meg syns eg det mest var slitsomt å både prøva å læra å amma og bruka den puta samtidig.
Brystpumpe: sidan eg måtte ty til pumping den siste natta på barsel var eg superstressa for ammingen då me skulle heim, spesielt sidan det var søndag og eg ikkje kunne få kjøpt meg ei pumpe. Tilfeldigvis hadde dei ei håndpumpe liggande som eg fekk med meg heim, den brukte eg eit par gonger dei første dagane men vart så himla stressa av det at eg mest har gløymt heile pumpa
Morsmjølkserstatning: eg har ein boks ståande i spisskammerset som ein fin tryggleik

Sånt me vil ha i nær framtid:
– Seng
– Ei vogn som er lettare å reisa med
– Noko underholdande i vogna
– Ei ulldrakt til vognsoving om vinteren
– Lammeskinnspose til vogna

Og det var ei veldig lang liste ting.[/left][right]When I was pregnant I was so open to TIPS. I googled myself silly on how much clothes you need for a summer baby, what I HAD TO HAVE the second baby arrived, “things to do before baby comes”. I was so scared of having forgotten something, not being READY, although as everyone knows you just can’t be ready. Luckily we did pace ourselves eventually, and I realized you don’t need that much stuff. A lot of things are hand-me-downs and a lot we still don’t have even though we need them soon. She still doesn’t have a bed, and both the car seat and the pram we are borrowing from Jostein’s brother, a white Emmaljunga that is eleven years old and good as new.

I thought I’d let you in on the things we have that I love, what we already had when she came and things I wish I’d had. First of all though, regarding clothes: there is no right answer, it comes down to your baby, the weather, how your living situation is and it’s simply impossible to know. So many places I read that “if I need more clothes I can just go out and get more when the baby comes”, but for me this wasn’t an option because a) there isn’t a whole lot of shopping to be done around where I live (one shop) and b) I really did not want to get in a car and go shopping the first few weeks of having my baby. What I did instead was I asked Jostein’s sister (she has a baby three months older than Saga) if they would lend us their 50/56-clothes. We got a packed box of lovely wool clothes. Saga was not a small newborn (4024g/51cm), but she still used her newborn clothes for quite a few weeks. The tip is to get onesies with double buttoning, so they’re both 50 and 56, and to get the kind with a kimono closing that you don’t have to put over their head.

So, to the things: these are just mine and Jostein’s thoughts on things we have. We didn’t HAVE to have any of these things, but they’ve made the first few months as parents both simpler and more relaxed. I have to symbols for the list:

* = things we’ve bought after she was born
! = things we brought to the hospital

For nursing:
!Breast pads: I use wool ones from Joha, they’re warm and great and easy to hand wash. On top of them I use disposable pads from Medela that I get at the pharmacy, I think they’re great and have really good absorbency. I wear this combo night and day. I haven’t had any issues with mastitis, a little of it I think is I’m just not sensitive to it but it’s also important to be warm and dry
!Nursing bra: I have some different ones, but two I go back to: in the daytime I use one from Bravado, it is so amazing and still strong and elastic despite my daily use for three months. In the night, I use a wool one from Boob.
*Nipple shields: this is controversial and midwives are probably shaking their heads, but nipple shields were my savior. When I just wanted to cry because nursing was so painful, I used these and they completely saved breastfeeding for me. I used them every other time I nursed, and because they were see-through I could easily see how she latched onto them and it taught me how it was supposed to be.
!Lanolin: there are different brands, but a lanolin based salve is a boob saver
!Robe: I bought a robe from Pinkblush Maternity that I love and that made the early days easier and better for me. The first days in the hospital I wore just my nightgown and a robe but I still felt pretty and it was surprisingly important to me.
!Bottle: I love my BKR bottle in glass, I had it long before even the pregnancy but I’ve used it a lot for nursing these past few months. I get so thirsty when I nurse.
*Antibacterial gel: especially in the early days with sore nipples, I kept a strict clean hands regimen for nursing

Diapier changing/bathing/maintenance:
Dry disposable wipes + wet wipes: we use a combo, but usually we use the dry ones and wet them with just water. Wet wipes are for nighttime changes and out-of-home changes. The wet wipes from Natracare smell SO GOOD, by the way.
Muslin cloths and small cloths: We have 5-6 muslin cloths from Cam Cam in pretty colors that we use on the changing mat and for spit-up-type situations. I wash them on 60 degrees and they’re great. The small cloths we use for bathing and washing.
*Nail clippers: it’s kind of crazy how fast those nails grow! Jostein was the cutest dad who bought her a manicure set (in a small leather case) and there’s scissors, tweezers and a file. But a pair of scissors spesifically for baby nails is the most important thing, they can do no harm.
*Q-tips and klorhexidin: to keep the belly button clean and dry in the early days
*Diaper creams: I’m sure they’re different for every country, but we have Bepathen and Inotyol. The first one is a mild cream we also use for red areas, and Inytol is for the bigger issues.
Baby towel: it’s actually a good idea to have one with the little pocket for the head, even though I thought it was completely redundant at first
Soap and oil: We use products from Burt’s Bees and Esthelle & Thilde, happy with those.
Little things: a baby thermometer, baby paracetamol, nose drops/spray (spray from three months up), a nose sucker with a filter, anti bacterial liquid. The things I never know when I’ll need but that feel good to have on hand.


In our house/everyday life:

A baby nest / sleepskin: our sleeping arrangement at first was that she slept between us on a sleepskin (lambskin). Then in the sleepskin in our baby nest, and now she’s in the baby nest (and not between us anymore). I love the babynest because it made me less afraid for her to sleep in bed with us at first, and it also is great to bring on travels because it smells like home. Right now she sleeps on our sofa from London, it’s right up against my side of the bed and at the same height. We have a lovely basket from Jostein’s family that we are trying to transition her to at the moment, since we’ll all sleep better when she does.
Baby wrap: I love our baby wrap from Solly Baby, it’s thin and breathes and fits all bodies, and is also nice to look at.
Baby duvet: we have the smallest size, works as both a duvet and to put her on in the pram.
*Bouncy chair: we bought this when we saw the need for it, really not something we needed before she was ready, but she loves it and we love it too
Moses basket: we used it so much in the beginning, she loved sleeping in it. The first few days when we were scared to carry her up and down our steep stairs, we used it to carry her too.
!Supplies: a stash of chocolate for the hard days. Important. We also brought chocolate for the hospital which we ate a little short while after she was born.
Baby monitor: we live in a house and she sleeps outside in her pram a lot (it’s a scandi thing!). We have one from Neonate, it’s got a very strong signal.
*Two diaper changing stations: in the beginning there were a lot of diapers in the night, so we bought an extra changing pad for our bedroom. So we have a station with the pad, diapers, wet wipes and anti bacterial liquid.

Things we have but haven’t used (yet):
Nursing pillow: so many people love nursing pillows but I found it so messy trying to navigate both the latch and the positioning with the pillow, so I’ve used it maybe five times.
A breast pump: since I had to pump that last night in the maternity ward, I was so stressed out about not having a pump at home. They happened to have one there they sent me home with, I used it a few times in those first few days but it stressed me out so much that I kind of forgot about it
Formula: I have a box in the pantry as a nice safety

Things we want to get in the near future:
– A bed
– A pram we can more easily travel with
– Something to entertain her in the pram
– A wool suit for pram sleeping in the winter
– A lambskin bag for the pram

That concludes a crazy long list of things.
[/right]

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Bra inlägg! Vi behövde inte alls mycket i början, utan det mesta kom i efterhand. Dock fanns det vissa saker som var guld värda från oss redan i början som till exempel ett babynest och så barnvagnen.

  • Ja, der med ammepute er veldig individuelt, eg er heilt avhengig av mi (type Cozyfix, men eg kjenner og folk som ikkje bruker det i det heile tatt. Ein må se det an. Om amminga funker fint utan ammepute, er jo det supert, men viss ein synst det blir litt mykje å støtte babyen og samstundes få godt tak, er det verdt å prøve ut ammepute. Også finnes det så mange typar. Eg har ei “vanleg” ammepute som ikkje funker for meg i det heile tatt, men cozyfix, derimot, er gull verdt (og kostar 1100 kr ny, så greit å leite etter brukt på t d finn.no). Ein anna type eg har høyrd mykje bra om er bbhugme.

  • Fint innlegg, spesielt det med at alle babyer er ulike og behovene er individuelle. Jeg fikk mange råd om at jeg kom til å trenge mange mange mange gulpekluter. Så dermed kjøpte jeg det, fordi jeg ble stressa av tanken å dra på shopping med nyfødt baby. Men ingen fortalte meg at ikke alle babyer er gulpebabyer. Jeg brukte kanskje to kluter i uka, så jeg hadde jo fint rukket å vaske mellom hver gang jeg trengte ren klut… hilsen fast leser! PS: imponert over at dere reiser mye med S allerede! vi hadde en som ikke sov, så tanken på å reise bort var så fjern så fjern innmari lenge, selv om jeg så gjerne ville…

  • Åh, mimrer tilbake til da vi ventet lille A og til de første månedene <3 Sykt koselig.
    Jeg var en sånn som leste meg opp på alt, googlet og var jo ekspert på alt til da babyen kom. Og jeg hadde handlelista klar tidlig, og kjøpte det meste på forhånd. Er veldig glad for at jeg ved et tidspunkt forstod at det kom til å finnes butikker etter fødselen også :p

    Jeg var avhengig av ammeputen, sånt er så individuelt.Og pumpa ble brukt flittig fordi vi tidlig ønsket at pappa ga et måltid til dagen slik at de fikk ekstra kvalitetstid <3

  • Takk!! Har termin om 12 dager (!!!) og føler meg liksom aldri ferdig utlært når det kommer til utstyr. Denne listen hjalp meg å finne roen litt :)

    • Lykke til!!! Det kjem til å gå så bra! <3 Hugs at tårene i dagane etter fødselen ikkje er dine tårer, men kroppen som omstiller seg. Og hugs at det er lov å sei nei til besøk om ein ikkje orkar! Det gjorde me, og det føles bra og sterkt.

  • For et supert innlegg! Du virker som en utrolig bra mamma, så trygg og god og lykkelig <3 Da blir barnet også trygg!

    Jeg har et lite tips som mange glemmer litt i jungelen: Om babysetet til bilen er brukt tidligere, så er det faktisk lurt å kjøpe et helt nytt ett til babyen. Alt annet av utstyr til de små kan stort sett brukes om igjen og gå i arv (ja til gjenbruk!), men pga sikkerhet bør faktisk bilsetet kjøpes nytt. Dette var ny info for meg for noen måneder siden, så nå viderebringer jeg det til de jeg ser, siden det er kommet nye retningslinjer på det :) Hilsen en babysang-ansatt :)

  • Beundrer virkelig både deg og bloggen din, og lille S da, som er så ufattelig søt! Tips fra meg er når du merker det blir lite om melka så drikk masse alkolfri øl! Og noe jeg lærte meg da jeg var i barsel; når man gir ungen morsmelkerstatning så slutter melkeproduksjonen opp. Kroppen tror babyen får nok mat og dermed produserer mindre melk.