Reggia di Caserta

Caserta

Vår første utflukt på ferie i Italia vart til Caserta, ein liten by i Campania som er mest kjent for slottet sitt. Det er verkeleg gigantisk, med store hagar, og er på Unesco si verdsarvliste.

I tilfelle eg kanskje ikkje har sagt det er me altså på ferie med familien til Jostein, eit kompani på fjorten personar (derav fire under tre år) som feirar at Jostein sine foreldre har vore gifte i 40 år. Me bur på ein økologisk gard der ein plukkar pærer, epler og vindruer rett i munnen og det finst ikkje naboar å sjå. På dagen er det bading i basseng, byssing av bebisar og speling av kort. Og på kvelden sit me alle rundt eit bord og får det samme firerettersmåltidet servert, alle sammen.

Men ja. Tilbake til Caserta. Jostein tok vesla i babywrap (me elskar vår frå Solly!) også gjekk me gjennom slottet saman. Peika og oo-a og aa-a, akkurat som me har gått gjennom gigantiske slott så mange gonger før, men no med sovande bebis på brystet. Eg forgudar verkeleg gull, og gullpalmane i taket var veldig 2016. Italienarane (for det var typ berre italienske menneske der utanom oss) stoppa oss for å få sjå på ho, spørja kva ho heitte og kor gamal ho var, og Jostein fekk ein “Bravo pappa”, for sannsynligvis hadde dei aldri sett ein mann med babywrap før. Me sleit oss ut på slottsgåing og gjekk så for å amma i slottsskogen, så innmari magisk stemning så tett opp mot slottet, skog+slott er jo ein uslåeleg kombinasjon. Som egg og bacon.

Sånt som ikkje vart fanga på film: frantisk leiting etter ein open restaurant til lunsj til fjorten personar, babybyssing i eit smug, amming på ein benk, ein cappucino, ei meget diskutabel parkering og ein stor gelatoflekk, type hasselnøtt, som Jostein etterlot seg på ein kvit body.

Our first outing on our Italian holiday was to Caserta, a small town in Campania mostly known for its castle. It really is enormous, with grand gardens, and is on the Unesco world heritage list.

In case I haven’t said so, we’re here on holiday with my husband’s family, we’re fourteen people strong (four of us under the age of three), celebrating Jostein’s parents’ 40th wedding anniversary. We’re staying in an organic farm where you can pick pears, apples and grapes right into our mouths and there are no neigbours nearby. In the daytime we swim in the pool, soothe babies and play cards. And in the evenings we all sit around the table and are served the same four course meal.

But yes. Back to Caserta. Jostein put the baby into the wrap (we love our Solly wrap!) and walked through the castle together. Pointed and ooed and aaed, just like we’ve walked through gigantic castles so many times before but now with a sleeping baby on Jostein’s chest. I adore gold, and the gold palms in the ceiling were very 2016. The italians (because there were only italian people there) stopped us to look at the baby, ask us her name and how old she was, Jostein even got a “bravo pappa” because most likely they had never seen a man with a babywrap before. We exhausted ourselves walking around and went to nurse in the forest of the castle, a very magical mood so close to the castle. Castles and forests are a great combination. Like eggs and bacon.

Things I didn’t document would be: frantic searching for an open restaurant for lunch for fourteen people, trying to get the baby to sleep in an alley, nursing on a bench, a cappucino, a very questionable parking and a big gelato stain, type hazelnut, on a white onesie.

CasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCasertaCaserta

Follow:
Share:

12 Comments

  1. 14:03, 03 Oct 2016 / 14:03

    vilken fantastisk plats!

  2. Åse
    14:14, 03 Oct 2016 / 14:14

    Åh, så nydelig. Og jeg blir rent verpesjuk av å høre om/se bilder av babylivet. Kos dere!

  3. Regine
    14:43, 03 Oct 2016 / 14:43

    For noen tak!! Kan nesten ikke tro at det finnes slik arkitektur der ute i vera!

  4. Sophie
    16:28, 03 Oct 2016 / 16:28

    Fantastisk!

  5. 08:43, 04 Oct 2016 / 08:43

    Iiiiih, vil også ut å reise!! Kos dere videre maks!

  6. 12:14, 04 Oct 2016 / 12:14

    Elsk elsk elsk!!

  7. 21:18, 04 Oct 2016 / 21:18

    Lovely photos but it’s the little moments you mention in the text that really make it, glad to see you’re enjoying Italy!

  8. 23:41, 05 Oct 2016 / 23:41

    så fantastisk fint! kjenner at jeg trenger en Italia-tur selv så snart som mulig..
    dere er forresten den fineste lille familien jeg har sett!!

  9. 10:37, 06 Oct 2016 / 10:37

    Vakre Italia.. lengter dit igjen, selv om jeg bare har besøkt landet én gang. For noen herlige bilder, selv det som “ikke ble fanga på film” høres jo idyllisk ut på sin måte :) Og å bo på en økologisk gård? Fantastisk!

  10. Isabel
    23:53, 06 Oct 2016 / 23:53

    Ser magisk ut!

  11. 08:47, 08 Oct 2016 / 08:47

    du skriver så fint. stemningen blir til å føle og ta på.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *