Three days of summer

Summer

[left]Me fekk tre dagar sommar denne veka og prøvde vårt beste å maksa dei heilt, å koka ut essensen og samla solstrålane i ein liten pose så me har det me treng i tilfelle det var det siste me såg til sola på ei stund.

Det var jo fleire dagar med sol i sommar, men dei rann vekk medan me låg på barselsavdelingen og på ingen måte kunne tenka på det, augene var vendt inn mot rommet og inn mot dotter vår, men når eg tenker meg om kokte det i nakken den dagen me åt bringebær og vaniljesaus på balkongen på Lærdal sjukehus.

Med sola kom óg tidsangsten og vissheita om at sommaren snart er slutt, at me berre om nokre timar har ein månad gamal baby, at tiden går akkurat nøyaktig så fort som alle påstår og eg lyg om eg seier at eg ikkje har gråte fordi sola har gått ned minst éin gong denne veka. Ho er på veg til å veksa ut av dei minste kleda sine no og eg prisar kvar ei hake og valk, kvar centimeter og kvart gram, men blir like fullt sorgtung når eg kjem på at ho aldri skal bli så liten igjen.

Sommarveka vart så full av vemod. Jostein som er på jobb og eg som ikkje er det, det er så innmari forvirrande for meg at me ikkje eksisterer i samme galakse akkurat no, at han har ein stad å vera og ting å ta seg til, det var noko som tok meg heilt på senga sjølv om eg såklart har visst det heile tida at det må vera sånn. Kvar kveld blir eg klar over at dagen snart er omme, at ho er ein dag større, at me er ein dag eldre. Må prøva å minna meg på at eg ikkje mistar desse dagane, at eg hadde dei, at eg har dei i samlingen av dagar og at eg ikkje må vera så redd for tiden.

Og alt dette betyr ikkje at me ikkje har hatt det fantastisk, for det har me. Me har det så vidunderlig nydelig fint. I går lo ho for første gong og eg var to centimeter ifra å sjokkgråta av kor fint det var. Eg har laga pompoms til å henga over stellebordet og i moseskorga, Jostein har laga den beste pizzaen i verdshistoria og eg har amma i den lune skyggen av syrinbuska medan Jostein hengte opp klesvasken som akkurat no er det søtaste som finst. Me har teke inn markblomster, fått nye klede til S i posten, laga enorme mengder frukostblanding, teke nokre rullar med Hasselbladkameraet mitt, plukka solbær og skypa i solbærbuska med Frøy som driv og flyttar til København, sett på utsikten frå vindauget hennar og gledd oss til å besøka ho i haust. Og sjølvsagt laga store mengder is med den nye ismaskina vår; myntestracciatella, bacio (sjokolade med hasselnøtt) og solbærsorbet.

Om hausten er eg aldri så vemodig, kvart år er det sola som tek meg. [/left][right]We had three days of summer this week and tried our best to max them completely, to boil down their essence and gather sun rays in a little bag to keep in case it’s the last we see of them for a while.

There were more days of sun this summer, of course, but we spent them in the maternity ward with no capacity or even eyes to see, they were pointed into the room, into our daughter, but if I try to remember my neck was boiling that one day we had raspberries and custard on the hospital balcony.

The sun brought with it anxiety and an acute awareness of the passing of time, the summer is almost over and in mere hours we’ll have a month old baby, time passes exactly as quickly as people say and I’d be a liar if I said I hadn’t cried because the sun had set at least once this week. She is growing out of her littlest clothes now and although I praise every bulge and every chin, every centimeter and every gram, I still find it to be so sad that she’ll never be this little again.

This summer week was full of melancholy for me. Jostein is at work and I am not, it is so confusing to me that right now we don’t really exist in the same galaxy, he has places to be and things to do, it completely caught me off guard even though of course I knew it would happen all along. Every night I go through the process of mourning the day, she is one day bigger, we’re one day older. I try to remind myself I don’t lose the days, I did have them, they are archived in my enormous collection of days, and not to be so scared of time passing.

This doesn’t mean we haven’t had an amazing week, because we have. We are so incredibly happy. Yesterday she laughed for the first time and I was two centimeters from bursting into tears. I made some pompoms to hang over her changing station and her moses basket. Jostein made us the best pizza ever, I nursed her in the breezy shadow of the lilac tree while Jostein hung the laundry, the cutest laundry there is. We brought flowers into the house, got some new clothes for S in the mail, made a lot of granola, shot a few rolls on my Hasselblad camera, picked blackcurrants and skyped from the blackcurrant bushes with Frøy who is moving to Copenhagen. She showed us the view from her window and I can’t wait to visit her this fall. And of course we’ve made heaps of ice cream with our new ice cream maker, mint stracciatella, bacio (chocolate hazelnut) and blackcurrant sorbet.

The fall is never this full of melancholy, it’s summer that gets me every year. [/right]

SummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummerSummer
SummerSummerSummerSummer

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *