Answers on our wedding, mental health and what is on my nightstand

25.

[col3_2]Jeg har nettopp forlova meg! Og du har snart ett års bryllupsdag. Lurer på om du vil dele litt generelle tanker nå når du har fått ditt eget bryllup litt på avstand? Hva var det beste med å gifte seg? Hva er du takknemlig for at dere brukte tid/energi/penger på? Er det noe dere kunne droppet? Lykke til med permisjonstid og snart baby!
Gratulerer så mykje! Elska å planlegga bryllup, det er så vanvittig gøy og vanskelig! Det aller beste med bryllupet vårt (som me seriøst snakkar om heile tida, framleis) var at me gjorde det på vår måte. Det var det viktigaste for oss, og eg trur det er det første ein må finna ut: kva er viktig? Er det at festen er stor og at det aldri blir nok vin eller er det at ein får tid til å verkeleg snakka med alle? Det gjer det enklare å planlegga om ein har eit mentalt mål sånn. Eg er takksam for at me brukte tid og energi på å finna ut av det eg skreiv om over her, på å finna ut kva me ville gjera sjølve og kva me ville delegera, typ at me fekk tid til å laga vår eigen bryllupskake og faktisk øvde på å laga heile den i veka før dagen. Eg er takksam for at me brukte pengar på fotograf, små ekstravagansar, som skoa mine og blomar frå Mina Milanda i Oslo, og ting som gjorde at dagen såg ut som oss, som ballongar frå Etsy og helium. Eg er glad for at eg sparte pengar på frisør og sminkør (for det gjorde eg sjølv), kake og å ha middag til 100 personar, så me kunne putta dei kronene der det var viktig for oss. Åh, eg kunne snakka om dette i årevis men eg føler det blir så generelt. Spør gjerne om konkrete ting i kommentarfeltet under her, så skal eg oppklara om det er meir du lurer på!

Har du noen gang hatt slitt psykisk? Hvordan ble du bedre, i så fall? Hva tenker du om å spise sunt?
Eg har hatt angst typ heile mitt bevisste liv, det er noko eg forheld meg til kvar einaste dag. I ungdomstida hadde eg óg depresjonar som kom og gikk, men det er heldigvis noko eg slepp å deala med no. Fra 14-18 var eg innom BUP-systemet og gjekk i terapi der, eg veit ikkje egentlig kor mykje det hjalp. For min del, akkurat no, handlar det mest om å finna ut korleis eg kan leva med dei utfordringane eg har på best mulig måte og at Jostein og eg ihop jobbar for å minimera dei greiene som gir meg angst. Å skriva ting ned og å snakka om ting høgt er det som hjelper best for meg, og å ikkje snakka om sånt med folk som minimerer redsler og hangups ein har. Mine tankar om å eta sunt: eg syns det er så innmari kjedelig å tenka at ein skal “leva eit sunt liv”. Eg et pasta og burgerar og is utan å eingang ofra det ein tanke, eg har ingen guilty pleasures når det kjem til mat, for for min del er greia balanse. Og da meiner eg ikkje like mange kaloriar ut som inn, da meiner eg at eg et det eg har lyst på for at eg skal ha det bra i hjerna. Det er ofte vegetariske salatar og gryter med deilige bønner og den slags, og ofte noko søtt til kaffien. Det er ein herleg måte å leva på.

bebisen er like rundt hjørnet og jeg er så spent på navn og kjønn! jeg er så glad på deres vegne :)
jeg lurer på hva du tenker om det å flytte hjem igjen, både fordeler og ulemper og eventuelt hvordan du gjør ulempene om til noe positivt og ikke et problem. har tenkt til å flytte tilbake til hjemstedet mitt etter fire år i nord neste år og jeg har bra blanda følelser omkring det, men gleder meg masse til å flytte sammen med han jeg elsker!
Takk takk takk! Egentlig så flyttar eg jo ikkje heim, for me har no flytta til Jostein si heimbygd. Eg hadde ikkje villa flytta heim til heimbygda mi, så det er vanskelig å svara på det du spør om. :/[/col3_2]

sat.

[col3_2]hvordan kommer man frem til en felles stil i hjemmet. eller hvordan syns du man kan løse det på en best mulig når den ene er minimalist og liker duse farger og ting som har funksjoner og den andre liker nips og ting, 50 talls møbler og litt spreke farger :)
Eg syns dette høyrest ut som ei supergøy utfordring! Kva med å køyra minimalistiske String-hyller som ein fyller med fargerike bøker og nips, ein enkel sofa i dansk design med blomstrete puter i? Så lenge ein brukar tid på prosessen og er enige om at ein vil at heimen skal gjenspegla dei som bur der så trur eg det berre er gøy å finna ut av! Det treng liksom ikkje å vera det eine eller det andre, tenkjer eg.

Hva trenger Paris?
Bedre kaffe.

Vil først si at jeg elsker å følge med på livet ditt, og har gjort det i flere år. Podcasten til Sara og deg er fast innslag på øret mens jeg sykler til jobben. Mitt spørsmål: Kan du endre den blinkende, migrenefremkallende reklamen på høyresiden her? (“I make blogs”) Jeg må holde over den med hånden for å klare å lese resten av siden. Er nok ekstra overfølsom for blinking, men vet at det er mange med migrene som har samme utfordring.
Takk, så fint! Ja, det kan eg, men ikkje i dag! Minn meg på det når ting er litt mindre loco, så kan eg fiksa det. Men mitt umiddelbare tips er å dra vindauget litt smalare, for da hoppar sidemenyen ned under innlegget!

Lurer på hvordan tankene dine om å bo på et lite sted har forandra seg siden dere flytta fra bygda til Oslo, og nå har valgt å flytte tilbake igjen! Hva tror du dere kommer til å savne mest med bylivet?
Når me flytta til Oslo skulle eg aldri i livet meir bu i bygd, men for meg kom det gradvis opp behov som ikkje var kompatible med bylivet. Eg trong å ha eige gras og hage, å føla meg heilt fri og å ha plass til å boltra meg. Eg trur at eg var veldig redd for å bu lite igjen, ein eller annan slags FOMO og lett nedlatande tenking om at folk på bygda berre ikkje skjønnar greia som kom fra eit sinne fra min eigen barndom og egentlig var meir kompleks enn eg har sett før. Eg kjem til å sakna kaféar med skikkelig god kaffe og kaker utan å måtta laga dei sjølv og å ha tilgang på alle slags matvarer. Heilt oppriktig er det det eg tenkjer mest på, typ brød og delikatesseforretningar. Kjem til å bli ein sånn person med ein ekstra koffert berre til mat når me reiser til byar.[/col3_2]

easter.

[col3_2]Hva har du på nattbordet ditt? Hvilke ting med Jostein irriterer deg skikkelig? Hvilke ting på bloggen har du sett tilbake på og cringet skikkelig av? Hva skal jeg gi i bursdagsgave til kjæresten min, type ting som alle gutter liker?
1. På nattbordet har eg akkurat no: ein tomt gavisconbrett, hårbørsten frå Mason Pearson som Jostein børstar håret mitt med, to hårstrikkar og ein fin kakeboks som er full av alt ein kan komma til å trenga når ein vaknar, typ halsdrops og håndkrem og smertestillande og den slags.
2. Jostein irriterer meg veldig lite fordi me er gode på å sei ifra til kvarandre om at typ “no går eg opp og les ei bok aleine fordi eg er irritabel”. Det einaste som eg verkeleg ikkje orkar er kor treig han er når me skal komma oss ut av døra, eg føler at det tek han fem minutt å knyta skoa og han blir enda meir virrete når eg stressar han.
3. Tidligare har eg vore sjukt flau over måten eg skreiv på då eg først starta å blogga, kor søtt det var, men no føler eg berre kjærleik og omsorg for ho der 18-åringen. Ho var jo så fin.
4. Eg aaaaanar ikkje kva alle killar gillar, Jostein får alltid veldig Jostein-spesifikke ting av meg liksom. Men det betyr av og til at eg kjøper sokkar med flamingoar på eller fine skjorter eg veit han likar og treng.

Hei Mariell, Det er veldig fint å skrive til deg etter så mange år som en usynlig leser. Tusen takk for at du produserer så mye tankevekkende og inspirerende! Mitt spørsmål har jeg hatt i tankene en stund men er vanskelig å formulere. Jeg vender nemlig nesen mot Oslo om noen uker etter 9 år i Paris, London og New York og har gått en veldig lang vei for i det hele tatt å kunne forestille meg å flytte tilbake. Jeg er spent på om Norge kommer til å føles lite og klamt (som det gjorde før jeg flyttet) og om det er ‘plass nok’ til meg nå som jeg er ordentlig voksen og definitivt ferdig med å studere. Jeg vet ikke om du har skrevet om det tidligere, men jeg hadde vært veldig nysgjerrig på tankene deres rundt det å flytte til London i utgangspunktet, om det som gjorde at dere ønsket dere bort har endret seg med tiden og hvordan det føles nå. Lykke til med innspurten og foreldrelivet! Jeg gleder meg til å følge dere videre.
Hei og takk! For oss var det ein del av liksom livsplanen vår fra me var 16 år, at me skulle flytta til London. Så jobba me mot det heile VGS og tida i Oslo. Jostein skulle ta bachelor i Oslo også ta master i London, og da skulle me flytta dit. Så tok det fem år før me kom oss dit, så det var ikkje den umiddelbare frustrasjonen som tok oss ut av landet, meir eit ønske om å ha levd i ein annan kultur og eit anna land, Norge føltes sjølvsagt trangt da me flytta men etter kvart som me har reist meir og møtt meir folk og blitt sikrare i oss sjølve (ikkje minst!) så føles Norge som eit ganske romslig land og med ein romslig kultur, liksom. Og utan så mange begrensingar som ein kanskje kan tru. Med det sagt er det ei vanvittig gave å ha budd andre plassar og ha det mindre klamt i hjerna av den grunn, før me no flytta heim igjen. Og eg veit ikkje om me kjem til å bli buande her for alltid, iallfall er det fint å vita at det ikkje er så vanskelig.

Hva sier du oftest til deg selv (høyt eller inni deg)? Om verden er dum og teit, hva hjelper?
Hva vil du plante i hagen? Hva er det første du gjør når du kommer hjem etter å ha vært ute på reise? Hvilken middagsrett er den perfekte kjappe, enkle for en hverdagskveld? God onsdag, Mariell! <3
1+2. Oftast prøver eg å overtala meg sjølv om at det kjem til å gå bra fordi eg er ein bra person. Eg gløymer det av og til i angst og stress, at eg er jo faktisk bra, og det hjelper å minna seg sjølv på det ved å sei det både høgt og inni seg. Det var kanskje svar på begge dei to første spørsmåla dine!
3. Me skal legga om og få mykje meir hage enn me har no til neste år, så eg gler meg veldig til å planta mange ting. Vil ha eit kvitt syrintre, eit bed med urter og nokre busker som skjermar så me har det stille og privat i vår lille hageflekk. I ein perfekt verden har eg tomater!
4. Det første eg gjer når eg kjem heim er å drikka vatn. NORSKT VATN ER SÅ GODT. Så gløymer eg heilt å pakka ut. Nokon gonger tek det meg to veker å pakka ut, det er det kjedeligaste i VERDEN.
5. Kok opp tagliatelle. Kutt opp cherrytomater i halve, og steik i olje med ein hakka lauk til dei liksom blir litt mjuke og sausete, men ikkje til dei går i oppløysing. Ha pastaen over i panna, så alt liksom får steika ihop i eit halvt minutt (gjerne med litt pastavatn!!). Rist pinjekjerner i ei tørr panne som du har over, og fullfør med så mykje fersk mozzarella du vil. Trur eg må ete dette i kveld! SÅ GODT.[/col3_2]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg er også veldig glad i kjæresten min, men HERRE FRED han bruker så lang tid på typ alt når vi skal ut av døren! Det er ikke en eneste gang vi skal noe, at jeg ikke sitter og venter på han i bilen i gjerne 5-10-15 minutter før han dukker opp!!

    Helt enig med at Paris trenger bedre kaffe :p

    Hadde dere ikke middag til gjestene i bryllupet deres? Nå er jeg verken forlovet eller planer om å gifte meg i nær fremtid, men vi snakker ofte om hvordan vi kanskje vil ha det, og med gigantiske familier begge to tenker vi allerede nå at middag for alle sammen kommer til og bli svindyrt. Tenker mer i retning av grilling/mini-burger/pizza-stand i et hagebryllup, for det ser så ufattelig koselig ut <3

    Og grattis med snart baby og hjemflytting. Selv har jeg bodd i Oslo i flere år nå etter at jeg har kommet fra en bygd, og tenker hver dag "Gud, jeg skal _aldri_ tilbake". Blir spennende å se om jeg endrer mening den dagen familielivet banker på døren :-)

    • Me hadde ein veldig intim start på dagen, med kun våre nærmaste familie og venner, ca 30 personar, som var på vielse og middag. Også var storfamiliane invitert på fest med fingermat og vin og sånt på ettermiddagen! :) Det funka bra for oss, eit par sure miner var det i familiane rundtomkring, men dei aller aller fleste var anten a) superglade for invitasjonen og peppe på å komma eller b) superglade på våre vegne, men kunne ikkje ta seg tid/råd til å komma. Det er alltid vanskelig å gjera ting annleis enn det som er “normalt”, men for oss var det SÅ verdt det. Det viktigaste for oss var at dei som kom på kvelden óg skulle føla seg supervelkomne og som viktige gjester, at det var bugnande med fingermaten og nattmaten og at ingen liksom følte seg som andresortering. Eg syns hagebryllup er syko koseleg, med buffet eller grilling eller ja, å berre gjera det til meir Aschehougs hagefest enn stiv bryllupsmiddag liksom. :)