1 mois.

Untitled[col3_2]I dag er det ein månad til termin, og eg går inn i den siste siste månaden av graviditeten. Sidan eg vart født for tidlig er eg i ein sånn modus at eg BØR egentlig vera klar no, alt bør vera klart no, i tilfelle i tilfelle. Babyen i magen min er akkurat no nesten nøyaktig så tung som eg var da eg var født. Men ingenting er klart, verken hus eller veska til sjukehuset eller hjernen. Babyen si dyne ligg på postkontoret og ventar på å få bli plukka opp, eg gler meg så innmari til å gjera klar senga og få alt heilt klart. Og Jostein og eg har bestemt at i løpet av veka som kjem, mi siste veke i arbeid, så skal huset og det praktiske bli ferdig. Typ flytta inn alle øskjer og kjøpa babymonitor, det blir neste veke, det. Det er jo nesten heilt utrulig, at neste fredag har eg permisjon, også kjem Synne med eit fly fra sørlandet og det blir jo så idyllisk at det ikkje er klokt eingang.

Det vart ei veldig, veldig travel veke med både jordmorbesøk og sjukehuskontroll, forkjølelse og nest siste veke i arbeid, kombinert med ein heilt sjuk forkjølelse. Men, eg ligg i ei hotellseng i Førde og skal i bryllup i dag! Føler meg verkeleg så gravid, håpar at kjolen min framleis passar (har ikkje prøvd den sidan bryllupet i Portugal!).

Det som var så fint på ultralyden eg var på denne veka var (sjølv om ultralyd så seint er superkjedelig, for ein får ikkje sett heile bebisen) at eg fekk forklart korleis ungen ligg, at den ligg på sida med ryggraden langsmed venstre sida mi, liksom. Så morsomt når dei spør om eg kjenner nok bevegelse i magen, for det er jo heilt crazy der inne kvar dag. Eg tek meg sjølv i å sei til Jostein heile tiden at tenk at den ungen som ligg INNI kroppen min NO er den samme som skal komma ut og vera dotter eller son vår.Av og til virkar det litt som om mennesket ikkje er avansert nok til å forstå det![/col3_2]

 

summer.

[col3_2]Det er så vanvittig fint og spesielt at Janne og Jørgen giftar seg i dag, eg kan nesten ikkje tenka på det. Desse fine, fine folka som er så kloke og varme og mjuke med kvarandre.

*Translation:
It was a crazy week, with both a checkup with my midwife and a visit to the hospital where I’ll give birth, and now today we are going to a wedding. I am feeling just so pregnant these days, like my body has been taken over, but I’m so excited and happy for my beautiful friends who are getting married today♥[/col3_2]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Lukka til med siste innspurt i førebuinga før to blir tre, bryllaup for gode vener og generelt håpar eg at alle har det fint. Kjekt å høyre frå deg!

  • Bare en måned igjen?! Så fort det er gått!

    Det er så fint å bruke den siste tida til å få alt på plass, selv om det sikkert føles svimlende hektisk i blant. Masse lykke til når det braker løs!:-)

  • Førstemann er noe helt spesielt, for man husker ALT! Med min første hadde jeg termin i august. Svømte i sjøen med den svære magen, åt masse yoghurt (type sommerfrisk!) og ferskfiska ørret, spilte Neil Young for full pinne hver dag og las alle bøkene av Ingvar Ambjørnsen mens pus låg og sov på magen på kveldene :) Elsker å lese hva du skriver om ventetida du er inne i- det å være så tilstede i livet som du er nå, er gull!! Ønsker dere masse lykke til.