Adventures in Portugal, part four: Setubal

SetubalSetubalSetubalSetubalSetubalSetubalSetubalSetubalSetubalSetubalSetubal

På vår siste dag i Portugal, tok me ein drosje mot Setubal og ein dag med delfinleiting på båt med brudeparet og alle gjester som ville vera med. Me køyrte langt, langt ut, forbi gigantiske luksushotell og forlatte øyer med hus som mangla tak, før me endeleg sakta ned og gjorde oss klare til å sjå delfinane. Nesten ut av ingenting kom dei i grupper på to, tre, fire, folk sprang fram og tilbake over båten for å komma nærare. Så innmari vakre og majestetiske. Me køyrte mot land igjen, eg kom meg trygt av og prisa meg heldig (ikkje ein båtperson) også gjekk me altfor langt for å finna lunsj.

Når ein ikkje stoppar opp og kjenner etter veit ein aldri kor sliten ein er, og når me endeleg kom oss i ein drosje heim var eg på gråten berre av fysisk utmattelse, så me kom oss heim og Jostein pakka medan eg låg med føtene høgt og drakk vatn frå ei gigantisk flaske.

Morgonen etterpå reiste me heim, etter nokre verkeleg fantastiske dagar i Portugal. Er så takksam for min snille kropp som lot oss gjennomføra. Sjølv om det kanskje var veldig ambisiøst fekk me vera eventyrlige og skapa minner og nye vennskap. Og det er ganske kult, så gravid som eg er!

On our last day in Portugal, we took a cab to Setubal and a day of dolphin watching on a boat with the bride and groom and everyone who wanted to join them. We went far out onto the ocean, past giant luxury hotels and abandoned islands with roofless houses, before we finally slowed down and got ready to spot dolphins. Almost out of nowhere they appeared, in groups of two, three, four, five, people ran back and forward across the boat to get closer. So beautiful and majestic. We turned back to land again, I got off in one piece (not a boat person, it turns out), and we walked far and further to get some lunch.

When you don’t stop to check you don’t really know how tired you are, and when we finally got in a cab home I was close to tears just from physical exhaustion. We got home, Jostein did the packing while I elevated my legs and drank a giant bottle of water.

The morning after, we went home after some really amazing days in Portugal. I’m so grateful to my kind body that let us do it. Even though it may have been very ambitious we got to be adventurous, create memories and new friendships. And that is pretty cool, being this pregnant!

Follow:
Share:

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *