Chubby thighs and hungry rabbits.

friday.
[col3_2]Fredag i Oslo starta med herlege babylår. SÅ VANVITTIG FIN liten ny nevø. Er heilt forelska. Og det finaste finaste finaste er at bebisen i magen syns det er ganske koseleg, sidan det blir ekstra sparking rundt fetteren. Tippar det er mykje gode hormon i sirkulasjon.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Huset bar preg av feiring av den nye personen.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Medan Jostein og søstra hans leverte i barnehagen, var eg heime og las ei ny (for meg) Helle Helle-bok.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Så kom han heim og byssa, ein heil del. [/col3_2]

friday.
[col3_2]Eg er endeleg i gang att med blautkokte egg. ÅH frukost!!! Tredje trimester[/col3_2]

friday.
[col3_2]Me tok trikken til Schous plass. Jostein, søstra hans, fersk bebis i vogn og meg sjølv. [/col3_2]

friday.
[col3_2]Me vandra opp og ned Grünerløkka og gjekk inn i alle barnebutikkar. Såg på fine Selbu-sokkar og leikepiano, og enkelte sov seg gjennom det heile.[/col3_2]

friday.
[col3_2]I bursdagsgåve fekk eg av søstra til Jostein og mannen hennar ein pose godbitar: kaffe frå Tim Wendelboe og to krukker frå La Chambre Aux Confitures, som eg umiddelbart forelska meg i. Så, når me var i nærleiken av Olaf Ryes Plass stakk me innom og måtte kjøpa dette syltetøyet med aprikos og appelsinblomst. OMG. Det med solbær og fiol var óg heilt sjukt. Skal personleg importera desse til Lærdal i åra framover.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Me gjekk mot lunsj på Vespa! Denne kjekkasen var der såklart, og det var óg hans søster som hadde BURSDAG.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Så me feira med Croque Madame og ginger beer. Så hjalp me den eldste og yngste ombord på trikken, og Jostein og eg gjekk vidare for å kryssa nokre stopp av lista.[/col3_2]

friday.friday.friday.
[col3_2]Ein nydeleg interiørbutikk der eg ville kjøpa lamper, men berre kjøpte ein porselenshund.[/col3_2]

friday.friday.
[col3_2]Me måtte såklart innom Tim Wendelboe, eg fekk ei kald fluffy cappuccino som var alvorlig fyldig.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Som utsikt hadde me Siloen. Tenk at Jostein og eg budde i det bygget i to år, i ein heilt rundt leilighet! Syns det er litt syko. Men ikkje kunne me bli ståande og sjå på utsikten, for me måtte komma oss mot St. Hanshaugen![/col3_2]

friday.
[col3_2]Og softis frå Gutta! Med lakrispulver!!![/col3_2]

friday.friday.friday.friday.
[col3_2]Me åt med desse tre. Neste månad skal dei óg gifta seg! Menneska, altså. Gler meg sånn til det![/col3_2]

friday.
[col3_2]Vel heime på Grefsen beundra eg kjøpa våre frå Gutta. Ser ut som ein perfekt middag in the making.[/col3_2]

friday.friday.
[col3_2]Men først kosa me ein heil del. For det finst det alltid tid til. [/col3_2]

friday.friday.
[col3_2]Og mata kaninene til naboen på oppdrag. Det kanskje søtaste i verda er ein toåring som insisterer på å bæra den tunge sekken med kaninfôr.[/col3_2]

friday.friday.
[col3_2]Sola hadde fjerna nesten alle spor av sminke, og solnedgangen var så utrulig god mot fjeset.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Og everybody in the club was bumpin’ bumpin’.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Me fekk huset for oss sjølve når bursdagsbarn pluss mann pluss lillebror reiste ut på middag, og dette er kanskje mi beste utsikt. Jostein på kjøkenet.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Det vart det enklaste: bra pasta med olivenolje, parmesan, salt og kjøttbollar.[/col3_2]

friday.
[col3_2]Og tre episodar Veep og ein sovande hund.

Translation:
Our friday in Oslo was quite busy, with sniffing babies, having lunch, coffee and a soft serve, and spending the evening together just the two of us (and a dog).

When I have some more time again, and energy, I’ll go back to doing the translations like before. But for now, things are a little too hectic.[/col3_2]

Share:

15 Comments

  1. 13:54, 09 May 2016 / 13:54

    Å, så fine Oslo-bilder! <3

  2. Ingebjørg
    13:56, 09 May 2016 / 13:56

    Jeg må få testet den lakris-softisen snart altså, og du må få testet salt-karamellsausen til La Chambre Aux Confitures. Sykt god (og sikkert ikke så alt for vanskelig å lage selv, men ain’t nobody got time fo’dat!).

    • Mariell
      Author
      15:00, 09 May 2016 / 15:00

      Det var ein av dei eg fekk i gåve! Så det gler eg meg VELDIG til! :) Elskar å laga karamellsaus sjølv óg, men av og til er det så sjukt digg å berre ha ting i kjøleskapet (om det er av god kvalitet, såklart!)

  3. 14:15, 09 May 2016 / 14:15

    Åh, a k u t t Oslosavn!

    Og jeg tror babyer i magen skjønner når det er andre små i nærheten; Inga sparket voldsomt når Iben snakket høyt om hun satt ved siden av meg :)

  4. 15:13, 09 May 2016 / 15:13

    Dette var den perfekte måten å se hvor fint Oslo er om dagen. Hilsen: Skriver bachelor, og bare lengter ut.

  5. Ellen
    15:14, 09 May 2016 / 15:14

    Superinnlegg!

  6. Hanna
    23:01, 09 May 2016 / 23:01

    Fantastisk innlegg! Og du gløder Mariell! Det er så herlig å følge deg og dine.

  7. 08:08, 10 May 2016 / 08:08

    så fint innlegg, det gjorde meg glad! <3

  8. Hilde
    10:01, 10 May 2016 / 10:01

    Nydelig innlegg!

  9. Mari Norrøne
    11:12, 10 May 2016 / 11:12

    Så fint innlegg! Nå ble jeg inspirert og glad :) Gleder meg sånn til å se litt av livet du lager deg i Lærdal <3

  10. Elena
    20:39, 10 May 2016 / 20:39

    Husker jeg feil, eller skrev du et innlegg en gang om tips til bryllupsfotografering? Jeg har prøvd å lete etter den. Skulle gjerne trengt noen tips. Spesielt fra deg som er så flink.

    Ha en fin kveld! :-)

  11. 00:34, 11 May 2016 / 00:34

    Det er virkelig alltid en fryd å klikke seg inn på bloggen din og få et lite innblikk i livet ditt gjennom fine og stemningsfulle bilder :)

  12. Ester Lill
    18:26, 11 May 2016 / 18:26

    Oi, oi, oi, og takk for dette vakre innlegget!

    Bildene og ordene dine,
    det er så vakkert og rørende å lese.
    Og morsomt!
    Og gøy!
    Du formidler gledesfryd, forventninger og kjærlighetsbånd på kryss og tverrs.
    Stemningen i bildene og det du uttrykker er fylt med så mye kjærlighet og varme.
    Jeg føler meg priviligert som får lese det du deler. Som å få et brev fra en barndomsvenn <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *