A life update, in the form of 12 points

TYS

– For to minutt sidan kom me inn igjen etter ein is i parken! For det er vær til det no, så herleg og varmt. Ungdommar sparkar ball og røyker hasj på veg heim frå skulen, o herlege vår. Me åt magnum og eg ringte bestemor, også prøvde eg brillene til Jostein som eg er litt for kul i. Jostein låg i fanget mitt for da er han aller nærast bebisen.

– I dag er eg i gravidveke 28, og føler meg faktisk ganske bra. Livmora ligg så høgt opp no, plutseleg bevegar det seg liksom over midja og eg blir berre sittande og sjå på kroppen min. Med mindre ein er gravid ti gonger trur eg ein aldri blir vant til det. Har begynt å eta dadlar i dag!

– Me(eg) er i eit sånt shoppingmodus no der me(eg) kjøper sånt me(eg) ikkje får kjøpt i Oslo eller Sogn og dessutan liksom bunkrar opp med fine kjøp no før me reiser. Eg har kjøpt ein body med superfin krage til bebisen, og Jostein MÅTTE ha ein liten traktor i tre som kosta to pund på ein bruktbutikk. Igjen på shoppinglista har eg: fancy nutella laga med hasselnøtter frå Piemonte (fra General Store i Peckham), ein ny gamal cardigan med perler på, minst to gravidspanx, badebomber frå Lush. Eg får ei travel veke.

– No har eg sminkepungen klar til sommaren, med ny tinted moisturizer (føler meg fin i berre den + mascara), gull til augeloket (ein anna nyanse enn den eg snakka om i podcasten, til dei som har høyrt på den!), ny beauty blender og ein flunkande ny fuktighetskrem som var den eg hadde på bryllupet og som derfor minnar meg sånn om alt fint, den er frå Malin+Goetz og luktar bergamot.

– Det er nøyaktig nok vaskemiddel igjen til éi maskin med klede.

– Tysdag neste veke reiser me herifra, eg bestilte billettar før i dag og føler ingenting. Eg som gret av alt for tida. Er så nysjerrig på korleis det kjem til å følast, nesten som ein forskar i meg sjølv.

– Me har vindauga opne og utanfor, i parken, har dei klypt graset så det luktar innmari godt av gras og vår.

– Det er så fint at alle gravide og mødre som eg kjem i snakk med er SÅ glade på mine vegne for at eg flyttar til Norge og skal få meir plass og vera rundt familie, veldig godt å føla frå andre óg at dette er så rett.

– Eg har bursdag på lørdag og blir 26! Har ingen aning om kva ein skal ta seg til, vil ikkje gå for langt på asfalt og gjera for mykje greier, liksom. Har kanskje aldri vore så avslappa til bursdagen min nokonsinne, skremmer meg litt for da veit eg ikkje heilt kva eg skal venta av emosjonar. Har ønska meg frukost, da: varm croissant med ost og skinke.

– Akkurat no tek me bilder av alt med eit eingangskamera, og tenkjer at det er den perfekte måten å fanga denne kaotiske tiden på. I dag tidlig tok me bilder av meg med varmeflaska og kortspeling i senga.

– Kanskje skulle ein sjå Twin Peaks, Mad Men og Gilmore Girls igjen i sommar? Treng ting me kan sjå på når eg er gravid og varm og ikkje vil vera i sola.

– Etter me reiser herifra skal me vera i Oslo ei lang stund, og eg har så mange ting eg gler meg til: gå med solbriller heile tiden, klemma på eit tantebarn som ikkje enda er født, eta softis hos Gutta på haugen, shoppa hos Nest (som har flytta til Sagene) der ho (Kristine, som er i samme gravidveke som meg!) har så mykje fint til hus og til bebis.

– Two minutes ago, we came back in from an ice cream stop in the park! You can do that now, it’s warm and lovely. Youths kicking balls around, smoking pot on the way home from school. Ah, spring! We ate magnums and I called my grandmother, and tried on Jostein’s sunglasses that I look far too cool in. He likes to have his head as close to my stomach/the baby as possible.

– Today I’m in week 28 of my pregnancy, and feeling pretty good actually. The womb is very high up now, suddenly I see movements above my waist and am stuck just looking at my body. Unless you’re pregnant ten times I don’t think you can get used to it. I’ve started eating dates today!

– We are in such a shopping mode at the moment (when I say we I mean I), buying things you can’t get in Norway, really stocking up. I bought a onesie with a beautiful collar for the baby, and Jostein HAD TO HAVE a little wooden tractor that cost two pounds in a second hand store. Left on my list: fancy nutella made with Piemonte hazelnuts (from the General Store in Peckham), a new old cardigan with beads, two pregnancy spanx, bath bombs from Lush. I’m going to be busy.

– My beauty bag is ready for summer, with a new tinted moisturizer, gold for my eyelids, a new beauty blender and a new moisturizer that was the one I used at the time of our wedding and reminds me of all good things, from Malin+Goetz, it smells like bergamot.

– There is exactly enough detergent for one load of laundry.

– On tuesday next week, we leave London. I booked the tickets today and didn’t feel a thing. I’m curious as to how I will feel though, I cry from everything these days and I’m treating myself as a science experiment.

– The windows are open, and in the park they have cut the grass and it really smells like spring.

– I love the fact that other pregnant people and moms I talk to are SO happy for me that I’m moving to Norway to more space and being close to family, it’s so comforting to know other people think it’s the right thing too.

– It’s my birthday on saturday, turning 26! I have no idea what to do, I don’t want to walk too far or do too much. I may never have been this relaxed about a birthday, which scares me because I don’t know what to expect. I have requested a breakfast: warm croissant with cheese and ham.

– We are documenting our last days with a disposable camera, maybe the perfect way of remembering this chaotic time.This morning, we took pictures of me with my hot water bottle and playing cards in bed.

– Maybe I should watch Twin Peaks, Mad Men and Gilmore Girls this summer? We need things to watch when I’m super pregnant and warm and don’t want to be in the sun.

– After we leave here, we’ll be in Oslo for a while, and there are so many things to look forward to: sunglasses all day, smooching a nephew who is yet to be born, a soft serve at Gutta på Haugen, shopping at Nest, where she (Kristine, who is in the same week of pregnancy as me!) has stocked up on new perfect things for homes and babies.

 

Follow:
Share:

15 Comments

  1. 19:45, 19 Apr 2016 / 19:45

    Er så spent på deres vegne :D Og gleder meg til å følge livet i Sogn. Håper jeg treffer på deg på St. Hanshaugen. Skal i såfall prøve å mote meg opp til å hilse. Eventuelt får du si i fra om du trenger et ekstra kaffe-menneske i livet ditt. Bor rett nedenfor St. Hanshaugen. Uansett: Ha fine siste dager i London, og god tur til Norge<3

    • Mariell
      Author
      17:39, 23 Apr 2016 / 17:39

      Definitivt sei hei om du ser meg!! :) :) Tuuuuusen takk!

  2. m
    20:04, 19 Apr 2016 / 20:04

    you are so lovely ♥

  3. Rose
    23:44, 19 Apr 2016 / 23:44

    Du er så fin!!!!
    Jeg synes det er så artig at dere flytter til Lærdal. Det er mitt andre barndomshjem, sommerhuset mitt, og hvor jeg finner aller mest ro i sjelen!

    Vet om verdens fineste barnebok som handler om hele verden, skal se å få lagt den i postkassen din, evt sendt den til deg, ila. sommerferien.

    :) ha en god uke.

    • Mariell
      Author
      17:38, 23 Apr 2016 / 17:38

      Oi, så innmari innmari fint!! Me har faktisk ingen barnebøker til bebisen enda, så det blir eg supertakksam for. :)

  4. 11:39, 20 Apr 2016 / 11:39

    Nå fikk jeg lyst til å kjøpe meg et engangskamera!

    <3

    • Mariell
      Author
      17:37, 23 Apr 2016 / 17:37

      I know, right? I’m also very happy knowing we won’t need to get more toilet paper before we go!

  5. 13:58, 21 Apr 2016 / 13:58

    Åh så fine punkt!

  6. M
    15:12, 21 Apr 2016 / 15:12

    Veit du, eg synest det er så fint og spennande at de skal flytte. Vi er litt i same prosess: reise frå hovudstaden for å bu på ein liten gard langt frå folk. Med oss tek vi eittåringen vår, og vi er så redde og glade. Eg fryktar mest at eg gir litt opp livet mitt, moglegheitane. Og derfor var det litt ekstra godt at du og din kjære også tek eit slik steg, for eg trur ikkje de to går glipp av moglegheitar eller livet – kvifor skal då vi gjere det? Ein kan få til så mykje om ein vil. Eg gler meg over å lese det du legg ut, særskilt alt som kjem framover. Lukke til med flyttelass, og sommarfuglar – og ikkje minst, men mest, beibisen – i magen!

    • Mariell
      Author
      17:37, 23 Apr 2016 / 17:37

      Tusen takk for ein så fin kommentar! <3 Blir veldig glad av at ein kan inspirera andre til å liksom ikkje vera så redd. For jovisst er eg litt redd for at me skal bli kokt skinke og filterkaffi der på bygda, men eg tenkjer at ein får berre innstilla seg på å beholda livet sitt sjølv om ein ikkje har alle tilboda ein er vant til. Til dømes sparar me no til fancy espressomaskin, så me kan få perfekte cappucinos, dei beste i heile Sogn og Fjordane! :)

  7. 12:00, 23 Apr 2016 / 12:00

    hej! det låter så spännande! Och ser så härligt ut… jag lämnade in en bunt engångskameror i går och är väldigt spänd på resultatet… :) jag och min flyttar från Stavanger till Brunei nu i dagarna så jag är mitt uppe i samma kaos med “vad vil jag köpa med mig* och så vidare… ha en bra dag, fina du!

    • Mariell
      Author
      17:35, 23 Apr 2016 / 17:35

      Har 8 bilder igjen på vårt no, skal bli så fint å levere det til framkalling neste veke i Oslo! :)

  8. 17:34, 26 Apr 2016 / 17:34

    Åååh, gleder meg veldig til å se deg og magen din også! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *