The weekend of 26 years and 26 weeks.

wknd

[left]God måndag! Kva gjorde de i helga? Me feira Jostein sin bursdag! Han er 26 no, så gamal som han skal vera når me blir foreldre. Veit ikkje kvifor eg er så forelska i den tanken, men eg er det. Det er óg første gong at me feirar bursdagar som rette ektefolk og med bebis inni kroppen! Så fint! Me feira med:

– Å henga rundt i London med pappa. Han og Jostein gjekk på British Museum medan eg sat på ein kafé og skreiv på ein spalte. Det gjer meg så glad å tenka på dei to ilag på museum. Etterpå åt me pizza på NY Fold og pappa fortalte om den første tiden etter eg vart født, som var så fint og passande.

– Bakte egg til frukost med påfølgande timeslang sengehenging.

– Skjorteshopping på Liberty’s og kanskje óg eit par flamingosokkar som eg betalte for også gav Jostein i gåve som om det var ei overrasking sjølv om han hadde prøvd på skjorta fem minutt tidigare.

– Ostekake og gugelhupf på Delaunay, for Jostein elskar grand european cafés, der me skreiv lista hans med mål for det neste året og snakka om korleis 26 blir. Me snakka óg om korleis 25 var; me gifta oss, han skreiv sin første opera på oppdrag og me vart gravide.

– Ratatouille til middag, på surdeigsbrød med geitost og mozzarella. Den perfekte low key-bursdagsmiddagen!

– Bleak House, som Jostein ønska seg å sjå i bursdagsgåve, sjølv om eg hysterisk grein i den første episoden fordi ein baby dør (avtalen er at han no sjekkar episodane på forhånd).

– Å fortella alt me hadde gjort i helga til bebisen, i går kveld, med vigorøs sparking til svar.

Denne kommande veka blir heilt crazy, me skal sortera tusen ting i leiligheten, Jostein startar på intensivkurset i førerkortet (han gjer det åleine no, sidan eg måtte trappa ned på antal prosjekt) og på fredag kjem svigers for å hjelpa oss å pakka. Ønsk oss lykke til og kryss alle fingrar![/left]

[right]Happy monday! What did you do over the weekend? We celebrated Jostein’s birthday! He’s 26 now, the age he will be when we become parents. I don’t know why that thought is so much love to me, but it is. It’s also the first time we celebrate our birthdays as married folk. So lovely! We celebrated with:

– Hanging around London with my dad. He and Jostein went to the British Museum while I sat at a café writing a column. It makes me so happy to think of the two of them in a museum. We had pizza at NY Fold and my dad told us about the first few days after I was born which was so nice and appropriate.

– Baked eggs for breakfast with an hour long lazy hang out session in bed.

– Shirt shopping at Liberty’s and maybe also a pair of flamingo socks that I paid for and then gave to Jostein as if it was a surprise and he hadn’t just tried on the shirt five minutes earlier.

– Cheesecake and gugelhupf at Delaunay, because Jostein loves grand european cafés. We wrote down his list of goals for the next year in his life and talked about 26. We also talked about 25: we got married, he wrote his first opera and we became pregnant.

– Ratatouille for dinner, on sourdough with goat cheese and mozzarella. The perfect low key birthday dinner.

– Bleak House, that he requested as his birthday entertainment. I cried hysterically in the first episode when a baby died, so now the deal is he checks the episode plots beforehand.

– Telling the baby about our weekend, last night, it replied with vigorous kicking.

This week is going to be madness, we have to organize everything we own, Jostein is starting his intensive driving course (alone, because I had to rethink the amount of projects I was doing) and on friday my in-laws are coming to help us pack. Wish us luck! [/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *