the weekenders

saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.Untitledsaturday.

Mens eg sit her og stressar over bryllupsantrekk (som eg gjer kvar dag akkurat no…) tenkte eg at me kunne sjå litt på den herlege helga me hadde! Den som var var ei sånn perfekt London-helg, og sidan det var ein av våre siste var eg så så så takksam for det. Me fylte den med french toast-frukost (Jostein sitt første forsøk!), marknadsvandring og kake på kafé med Mariell, som var vakker som ein draum som vanlig. Laurdagen vart berre lenger og lenger, og me satte oss på ei bru for å drikka øl (dei) og Snapple (meg). På veg heim, sein ettermiddag, plukka me opp smågodt som me tok med heim og åt til magasinlesing og Poirot. Og i postkassa då me kom heim låg ei pakke fra fine fine Ine, som hadde strikka til bebisen vår. Jostein og eg berre måpa til kvarandre, for det er så uforståelig fint at folk sender gåver til bølla i magen.  Søndag gjekk med til filmredigering og baking, og slutta med eit bad der eg fekk vaska vekk all glasur frå ansiktet. Det vart dog eit kort bad med eit langt besøk frå Jostein, som sat akkurat ved badekarkanten og stirra på magen, for det som skjedde der inne var som eit romvesen som prøvde å komma seg ut. Bulting og sparking og vrenging. Ikkje så lett å slappa av, men veldig veldig (veldig) lett å gleda seg over. 
Whilst I’m here stressing out over wedding outfits (like I do every day now…) I thought we could look at the lovely weekend that was. It was such a perfect London weekend, and since it is one of our last I’m so so grateful for that. We filled it with french toast breakfast (Jostein’s first attempt!), strolling around the market and eating cake with Mariell, as beautiful as ever. The saturday just got longer and longer, and we sat down on a bridge to drink beer (them) and Snapple (me). On our way home, we picked up some scandi pick’n’mix to bring home and eat in front of magazines and Poirot. And in the mailbox when we came home was a parcel from the lovely lovely Ine, who had knitted for our baby. Jostein and I just stared at eachother, because it’s hard to believe people are sending gifts for this belly bully of mine. Sunday ran away from me with film editing and baking, and ended with a bath where I could wash the frosting off my face. It turned out to be a short bath though, with a long visit from Jostein, who sat at the edge of the tub staring at the belly, because what was going on in there was nothing short of alien. Kicking and squirming and swimming. Not so easy to relax, but very very (very) easy to feel happy about.
Follow:
Share:

3 Comments

  1. 11:18, 06 Apr 2016 / 11:18

    <3

  2. 12:03, 11 Apr 2016 / 12:03

    Hei, så gøy! Jeg gikk på skole og drakk jevnlig øl med Emma da jeg bodde i København, og nå er hun på forsiden av Eurowoman.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *