The what-list

1

[left]Hei! Om de lurer på kvifor det har vore heilt stille her denne veka så er det fordi eg har hatt eit stressnivå som er heilt sinnsjukt, for eg har nemlig tatt teorien på bil i dag! Både Jostein og eg skal ta sertifikatet før me flyttar til Norge i april, så det er veldig tett skjema her no. Eg stod på hengande håret, og det føles såååå bra å ha det overstått.

Over er forresten nokre bilder fra Norgesreisa forrige veke, kameraet fekk ligga att i London og det takkar ryggen min meg for. Kort oppsummert: me var på ultralyd, såg på ei barneseng som var fin, hang på hytta, las danske magasin og fekk akkurat sjå snø før me måtte reisa igjen. Her kjem ei liste, det likar me alle!

Kva stressar deg?
Tanken på flyttingen. Ikkje å reisa fra London, men prosessen med å putta ting i boksar, krangla med Jostein om kva me skal ta med og kva me skal legga igjen her, heile den greia. Januar og februar stressar meg óg, som frilanser, for det er så innmari lite jobb og ein må passa på pengane sine.

Kva skal du gjera i kveld?
Først og fremst feira at eg har stått på teorien! På afternoon tea med Jostein, svogeren min og våre to eldste tantebarn som er på besøk! Dei skal på Matilda-musikalen og ha ein heil dag med første gong i London-ting, og eg blir nostalgisk til min eigen barndom berre av å tenka på det. I går gjekk me heimefrå mot Greenwich og snakka om så mange ting, dei spurte om absolutt alt som dei kjem på: kontinent, kven er Orion med Orions belte, historiar eg har fortalt for lenge sidan som dei hugsar så godt, mozzarella, Cutty Sark-skipet i Greenwich også videre i det uendelige.

Kva er lett?
Å gleda meg til sommaren, å laga pastamiddag av det me har i kjøleskapet, å legga eyeliner når ein har gjort det kanskje to tusen gonger (heilt realistisk), å bretta vanskelige laken til enkle firkantar, å elska og bli elska av Jostein.

Kva blir det til middag i dag?
Scones med clotted cream og syltetøy, finger sandwiches og småkaker! Altså ein sein afternoon tea. Ikkje verst!

Kva vil du gjera meir?
Læra meg nye ting heilt utan indre eller ytre stress, berre for gøy. Vil kanskje bli grillmester, læra å sy enkle barneklede og laga nye drinkar til fine venner.

Kva blir du gira for?
Pikniksesongen, ryddeprosjekt, eit altfor billig loppemarked og denne herlege sparkinga eg kjenner i magen.

Kva gret du av?
Akkurat no: alt! #graviditet! Eg kjøpte ei lue til bebisen i går, og tenkte på at eg skulle knyta den under ei lubben hake. Det er mest sånt, bittesmå ting som er så fine, også plutseleg ut av ingenting. Men meir generelt så gret eg mest av stress og sorg og når eg blir overvelda og ikkje veit kva eg skal gjera.

Kva gjorde deg sint seinast?
To forsinka tog i dag tidlig som gjorde meg superstressa før teoriprøven, måtte sitta og yogapusta framfor skjermen min før eg kunne starta testen. Også ein mann som snakka til meg på eklaste måte og fulgte etter meg til togstasjonen. Å vera kvinne i denne byen er ofte så vanvittig frustrerande.

Kva er tåpelig?
Stor hårpynt på babyar, kor dyrt hasselnøtter er no, folk som stiller spørsmål dei ikkje vil ha svar på.

Kva er godt?
Jostein sin arm rundt mi veksande midje om natta. Å senda ifrå meg tekstar eg er fornøgd med. Iskaldt vatn. Å kjenna at ein har valgt rett, uansett om det er stort eller smått.[/left][right]Hello! If you’re wondering why it’s so dead and quiet here this week it’s because I have had an unreal stress level, bordering on the insane, because I have taken my theory test today! Both Jostein and I are attempting to get our drivers’ licenses before we move to Norway in april, so it’s busy at the moment. I passed, barely, and it feels sooooooooooooo good that it’s over.

Over are some photos from our trip to Norway last week, I left my camera in London and my back thanks me for it. To keep it short, a summary of events: we had our ultra sound, had a look at a bed for the baby, stayed in our mountain cabin, read some danish magazines and just caught a glimpse of snow before heading back to London. Here is a list, we all love them!

What stresses you out?
The thought of the move. Not leaving London, but the process of putting things in boxes, potentially fighting with Jostein about what to bring and what to leave behind, all of that. January and february stress me out too, as a freelancer, because the work load is slim and I have to be extra mindful of my money.

What are you doing tonight?
Firstly, celebrate passing my theory test! At afternoon tea with Jostein, my brother in law and our two oldest niece and nephew who are visiting! They are going to the Matilda musical and spending the entire day doing typical first time in London things, it makes me so nostalgic just thinking about it, being a kid myself and exploring a new place. Yesterday, we walked to Greenwich and they asked me all of the questions they could think of: continents, who is Orion who wears Orion’s belt, about stories I told them so long ago that they still remember very well, mozzarella cheese, the Cutty Sark ship in Greenwich and so on.

What is easy?
Looking forward to the summer, making pasta dinners with things already in the fridge, putting on eyeliner when I’ve done it maybe 2000 times (a realistic digit), folding fitted sheets into neat squares, loving and being loved by Jostein.

What is for dinner today?
Scones with clotted cream and jam, finger sandwiches and cake! A late afternoon tea, that is. Not too shabby.

What do you want to do more?
Learn new things without outer or inner stress, just for fun. Maybe I want to be a BBQ master, learn to sew simple baby clothes and make drinks for my lovely friends.

What gets you going?
Picnic season, cleaning projects, a very cheap flea market and this kicking from inside I’m feeling all day these days.

What makes you cry?
Right now: everything! #pregnancy! I bought a bonnet for the baby yesterday, and I had a flash of me tying it under a chubby chin. Mostly things like that, tiny lovely things, and suddenly and for nothing. Generally though, grief and stress, getting overwhelmed and not really knowing what to do or where to turn.

What made you angry recently?
Two delayed trains today that made me super stressed for the theory test, had to spend a couple minutes yoga breathing before i could start the test. Then a man who spoke to me in a disgusting way and followed me to the train station. Being a woman in this city can be so effing frustrating sometimes.

What is silly?
Big headbands on babies, how expensive hazelnuts are these days, people who ask questions they don’t want answered.

What feels good?
Jostein’s arm around my growing waist at night. Handing in texts I’m happy with. Ice water. Feeling confident in my choices, big or small.[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *